Korleis kan omvendt undervisning og digitale forteljingar endra undervisning og læring i samfunnsfag?

1.     Innleiing

Denne artikkelen er skriven i samband med sluttvurderinga til emnet PfDK Samfunnsfag/KRLE ved Universitetet i Sørøst-Norge. Artikkelen er basert på pensumlitteratur og øvingsoppgåver som eg har jobba med gjennom PfDK-studiet, samt min eigen praksis som samfunnsfaglærar og pedagogisk IKT-rettleiar i Hjelmelandsskulen. 

1.1.    Problemstilling

I denne artikkelen vil eg drøfta og reflektera over undervisningsmetoden omvendt undervisning (flipped classroom) i ein pedagogisk og fagdidaktisk samanheng, for å svara på korleis omvendt undervisning og digitale forteljingar kan endra undervisning og læring?

1.2.    Tema til drøfting og refleksjon

Artikkelen rettar særskilt fokus på korleis digitale forteljingar kan vera eit berande element i omvendt undervisning, og kva moglegheiter digitale forteljingar for å øva opp kompetansar for det 21. hundreåret. Vidare vil eg bruka SAMR-modellen til å reflektera over eigen praksis, og korleis omvendt undervisning kan endra undervisning og læring i samfunnsfaga.

Ein profesjonsfagleg digital kompetent lærar kan dessutan utvikla og reflektera over sine eigne digitale kompetansar, samtidig som læraren bidrar til at eleven får utvikla sine digitale kompetansar. (Arstorp, 2019) For å bli ein profesjonsfagleg digital kompetent lærar, treng læraren kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetansar innan dei sju kompetanseområda som er omtala i rammeverk for læraren sin profesjonsfaglege digitale kompetanse (fig. 1). (Utdanningsdirektoratet, 2018)

Figur 1: Modell av læraren sin profesjonsfaglege digitale kompetanse. (Kjelde: Utdanningsdirektoratet)

Eg vil dessutan drøfta omvendt undervisning og digitale forteljingar i lys av rammeverket for læraren sin PfDK, særleg med fokus på pedagogikk og fagdidaktikk, leiing av læringsprosessar og samhandling og kommunikasjon.

2.     Omvendt undervisning som metode

Omvendt undervisning er ein metode som har som føremål å skapa elevaktive lærings-prosessar, samt å bidra til auka progresjon og djupnelæring (Wølner & Horgen, 2019, s. 65).

Omvendt undervisning består, i følgje Abeysekera og Dawson (2015), av ei rekke pedagogiske grep som handlar om å

  • flytta den tradisjonelle kunnskapsformidlinga ut av klasserommet
  • bruka tida i klasserommet til elevaktive og sosiale oppgåver 
  • krevja at elevane gjer før- og etterarbeid utanfor klasserommet

Omvendt undervisning går altså ut på at tida i klasserommet i stor grad blir brukt til rettleiing, oppfølging og refleksjon, medan delar av den tradisjonelle lærarstyrte kunnskaps-formidlinga blir flytta til andre læringsarenaer. (Wølner & Horgen, 2019, s. 65)

Figur 2: «The Flipped Classroom» – Omvendt undervisning i praksis. Elevane førebur seg til timen ved å gå gjennom ein digital, interaktiv leksjon utanfor klasserommet (ofte som heimelekse). I klasserommet samarbeider elevane om å bruka det dei har lært i elevaktive og sosiale oppgåver, med rettleiing frå læraren. Etter undervisningsøkta i klasserommet sjekkar elevane forståinga si, gjerne med ein ettertest eller anna form for undervegsvurdering, og får bruka kompetansen sin i nye samanhengar for å læra meir. (Illustrasjon: The University of Texas at Austin, Faculty Innovation Center – CC BY-NC-ND)

2.1.    Omvendt undervisning på vår skule

På skulen vår har elevar og lærarar hatt fleire års erfaring med å bruka læringsplattforma Campus Inkrement til omvendt undervisning. Læringsplattforma har i så måte vore med på å gradvis flytta ein større del av kunnskapsoverføringa over til digitale flatar. 

Omvendt undervisning har blitt mest brukt i matematikk og naturfag på skulen vår. 
I matematikk har Campus Inkrement fungert som supplement til papir-lærebøker, medan læringsplattforma vore ei erstatning for utdaterte lærebøker i naturfag. 

2.2.    Eksempel på eige undervisningsopplegg

Sidan Campus Inkrement ikkje har levert eigne kurs for samfunnsfag, har eg brukt Campus Skole (plattform for å laga læringsstiar og organisera dei som kurs) til å utvikla kurset Samfunnsfag 8–10 for å bruka det i eigen klasse. For å greia dette, har eg brukt og vidareutvikla mine eigne digitale ferdigheiter, samtidig som eg har brukt omvendt undervisning som ein naturleg del av samfunnsfag. Mellom anna har eg vore nøydd til å læra meg korleis eg bygger opp leksjonar i forfattarverktøyet til Campus Skole, og korleis eg lagar lærerike digitale forteljingar (sjå kapittel 3.1).

Mellom anna har eg laga fleire leksjonar til temaet angrepet på Noreg. (Sjå vedlegg 1 – Dokumentasjon av undervisningsopplegg med omvendt undervisning). For å fylla kurset med innhald, laga eg fleire digitale forteljingar, som har fungert som introduksjon til leksjonane i kurset. I tillegg laga eg eit sett med kontrollspørsmål til dei digitale forteljingane, samt spørsmål til eigenvurdering for å legga til rette for betre tilpassa opplæring og individuell oppfølging av kvar enkelt elev. Eigenvurdering blir òg trekt fram av Utdanningsdirektoratet (2020) som eitt av fire prinsipp for god undervegsvurdering.

Rapporten frå heimeleksa blei brukt til å planlegga økta i klasserommet. Mellom anna sleit fleire med å forstå leksjonen om kong Haakon 7. sitt nei, så dette blei tema for éi av to diskusjonsoppgåver i plenum i klasserommet. Denne oppgåva blei sett i ein kontrafaktisk kontekst, slik at elevane òg fekk øva på kontrafaktisk tenking. Etter å ha diskutert i grupper og plenum arbeidde elevane med kjeldeoppgåver, drøftingsoppgåver og tidsvitneoppgåver – anten individuelt eller saman med læringspartnar – heile tida med læraren som rettleiar. 

Etter undervisningsøkta i klasserommet fekk elevane skriftlege tilbakemeldingar på korleis dei hadde løyst oppgåvene ut frå kriteria som var gjevne i dei forskjellige oppgåvene, samt i lys av dei overordna kompetansemåla som me jobba med i undervisningsøkta. 

2.2.1.    Elevane si oppfatning av opplegget

Sidan klassen allereie hadde erfaring med omvendt undervisning i matematikk og naturfag, var dei opne for å «flippa» klasserommet i samfunnsfag òg. Ein kritisk suksessfaktor for å lukkast med omvendt undervisning, er at elevane jobbar grundig med leksjonane i forkant av undervisningsøkta på skulen (Wølner & Horgen, 2019, s. 74), så me blei samde om premissa for omvendt undervisning i klasseråd før den første leksjonen skulle gjennomførast:

Sjølv om me er ein leksebevisst skule, er elevane i klassen positive til heimelekser i samfunnsfag, så lenge elevane samtidig opplever meir tilpassa opplæring og at læraren har betre tid til å gje kvar enkelt elev individuell oppfølging og tilbakemeldingar. 

Etter at elevane hadde jobba med den første leksjonen heime, skulle dei gjera ei eigenvurdering, i samsvar med prinsippet om elevinvolvering i vurdering for læring. (Utdanningsdirektoratet, 2020) Slik fekk eg verdifull tilbakemelding om kva elevane hadde fått til, korleis dei hadde oppfatta opplegget og kva elevane trengde meir hjelp med. 

I eigenvurderinga svarer alle elevane at dei jobba konsentrert med leksjonen, og 28 av 30 svarer at dei forstod temaet svært godt (5/5). 2 av 30 elevar forstod temaet nokså godt (3/5). Diverre var det ikkje alle elevane som oppfatta viktigheita av å svara på spørsmålet «Kva treng du hjelp til for å forstå dette temaet betre?». Dette blei tatt opp med klassen, og spørsmålet er nå ein obligatorisk del av leksjonen, som må fullførast for å få leksa godkjent.

2.2.2.    Eigne tankar om opplegget

Fram til nå har samfunnsfag-undervisninga i klassen min vore prega av varierte metodar – med alt frå bilete, filmsnuttar, kart og statistikk, til «think-pair-share» med læringspartnar og klassediskusjonar – men sidan klassen er relativt stor, har det blitt for lite tid til individuell oppfølging, situert læring og tilpassa opplæring i klasserommet. Sjølv om individuell rettleiing og undervegsvurdering er noko av det viktigaste for elevane si læring og utvikling, har det òg vore noko av det vanskelegaste å få tid til. 

Elevane mine har uttrykt eit tydeleg ynskje om meir tid til individuell oppfølging, så med bakgrunn i tidlegare erfaringar med omvendt undervisning, tenkte eg at det kunne ha noko føre seg å prøva ut undervisningsmetoden i samfunnsfag. Omvendt undervisning har langt på veg løyst våre utfordringar med for lita tid til individuell oppfølging, og eg har fått «mer veiledningstid og faglig utbytte – spesielt for de elevene som trengte det mest» (Krumsvik & Jones, 2014, s. 61)

Det var ein klar fordel at både lærar og elevar kjende til omvendt undervisning frå før, slik at overgangen til å prøva ut omvendt undervisning i samfunnsfag blei teken godt imot av elevane. Undervisninga blei merkbart endra av at elevane gjekk gjennom fagstoffet i dei interaktive leksjonane som heimelekse, slik me fekk frigjort meir tid til aktiv læring og rettleiing frå læraren i klasserommet.

Før undervisningsøkta på skulen sjekka eg korleis elevane hadde jobba med leksjonen, og kva dei hadde svart på eigenvurderinga. Eigenvurderinga var viktig for at eg som lærar skulle vera best mogleg førebudd til timen; ikkje minst for å vita kva elevane trengde utdjupande avklaringar på eller rettleiing i. Fleire hadde diverre ikkje svart på eigenvurderinga. Dette er berre éi utfordring ved omvendt undervisning, så eg måtte setja av tid til å forklara korleis dei skulle læra med ein omvendt undervisningsmetodikk. (Wølner & Horgen, 2019, s. 74)

Ved oppstart av timen gjekk me òg gjennom målet for økta, før me jobba med diskusjons-oppgåvene som eg hadde laga klart i Campus Skole på førehand. Diskusjonsoppgåvene var viktige for å repetera overflatekunnskapen til elevane, samt jobba eksplisitt med kriterier og kjenneteikn på gode svar. Sidan elevane allereie hadde sett seg inn i fagstoffet heime, opplevde eg at det var enklare å få dei aktive i undervisninga. Dei var tryggare i klasserommet, drøfta oppgåvene grundigare med læringspartnarane sine, og fleire som vanlegvis ikkje bidrar munnleg, torde å ta ordet.

Etter diskusjonsrunden jobba elevane vidare med oppgåver individuelt eller saman med læringspartnar, medan eg fekk tid til å rettleia kvar enkelt elev i arbeidet med meir krevjande oppgåver. Dei elevane som hadde gløymt å gjera leksa, eller brukt for kort tid og svart mykje feil, fekk tilbakemelding om dette, for å innarbeida ei forventing om at leksa må gjerast grundig heime, og at ein ikkje kan bruka tida på skulen til dette. Wølner og Horgen (2019) nemner òg desse, blant fleire utfordringar, ved omvendt undervisning som metode. 

Mi viktigaste erfaring er at elevane må ha motivasjon til å førebu seg til undervisningsøktene på skulen, elles må ein bruka forholdsvis mykje tid på at desse elevane får gått gjennom leksjonen i skuletida, før dei får jobba vidare med meir krevjande oppgåver. Det viktigaste tiltaket her, blir å setja av tid til å forklara elevane korleis dei skal jobba i ein omvendt undervisningsmetodikk, og rettleia elevar som bryt klassen sin avtale om å ha omvendt undervisning.

2.2.3.    Oppsummering og konklusjon

Ved å bruka omvendt undervisning som metode i samfunnsfag, kan eg i større grad å aktivera elevane og la dei jobba med meir krevjande oppgåver, samtidig som eg kan tilby meir tid til rettleiing og inspirasjon til kvar enkelt elev. Dette blir òg stadfesta av funna i SMIL-prosjektet (Sammenhengen mellom IKT-bruk og læringsutbytte i videregående opplæring), som viser at opptil 80 prosent av undervisningstida i eit omvendt klasserom blei brukt til rettleiing av elevane. (Krumsvik & Jones , 2014, s. 73–75). 

Til samanlikning viser andre studier at det er observert at berre 25–30 prosent av den tradisjonelle undervisninga blir brukt til rettleiing. Paradoksalt nok er frontalundervisning, der læraren føredrar ved hjelp av PowerPoint, blant dei vanlegaste undervisningssituasjonane i skulen i dag, sjølv om elevar seier at dette er ei kjedeleg, passiv, lite variert og lite lærerik undervisningsform. (Austvik & Rye, 2011, s. 39) I staden for å vera ein guru framme ved tavla, fekk eg ei anna leiarrolle i klasserommet når eg la om til meir elevaktive oppgåver. Desto meir framtidsretta og digitalisert undervisninga blir, desto viktigare trur eg det er at læraren tør å sleppa taket i å «kunna alt», og heller leia dei gode læringsprosessane.

Leksjonane i kurset Samfunnsfag 8–10 inneheldt både eigenvurdering, klassediskusjonar og meir kognitivt krevjande oppgåver som elevane fekk tilbakemeldingar på. Alle desse elementa trekk Hattie og Timperly (2007) fram som viktige faktorar, som har stor betydning for elevane si læring og utvikling. Isolert sett kunne tradisjonell undervisning inneheldt både eigenvurdering, klassediskusjonar og meir kognitivt krevjande oppgåver, men den største fordelen er at omvendt undervisning kan frigje tid til både rettleiing, refleksjon og djupnelæring.

2.3.    Djupnelæring og omvendt undervisning

Utdanningsdirektoratet (2019) definerer djupnelæring som det å «gradvis utvikle kunnskap og varig forståelse av begreper, metoder og sammenhenger i fag og mellom fagområder». Det inneber at elevane òg skal reflektera over si eiga læring, og bruka det dei har lært på ulike måtar i kjende og ukjende situasjonar, både åleine og saman med andre.

I omvendt undervisningsmetodikk vil elevane sitt heimearbeid gjerne spenna over dei to nedste nivåa i Blooms taksonomi – hugsa og forstå. I klasserommet føregår arbeidet derimot på høgare nivå (bruka, analysera, evaluera og skapa) med stor grad av problemløysing. Tidsbruken blir dermed endra, slik at elevane bruker mindre tid saman med læraren på å hugsa og forstå fagkunnskap, og meir tid saman med læraren på dei meir kognitivt krevjande oppgåvene; altså læringsprosessar på dei høgare nivåa. (Wølner & Horgen, 2019, s. 71)

Ved å legga om til omvendt undervisning, får eg som lærar ei forsterka rolle som rettleiar, og får betre høve til å laga læringsaktivitetar og leia læringsprosessar som fremjar refleksjon, dialog og djupnelæring. I mitt klasserom har det altså skjedd ei omfordeling av dei ulike læringsaktivitetane, mellom skule og heim. Denne omfordelinga har frigjort meir tid til å jobba med dei meir krevjande oppgåvene i klasserommet, og på den måten lagt til rette for at elevane får meir øving i å forstå samanhengar, slik at dei etter kvart kan bruka det dei har lært i nye og ukjende situasjonar. (Utdanningsdirektoratet, 2019)

Mine erfaringar med å designa leksjonar til omvendt undervisning stadfestar òg at elevane får meir tid til djupnelæring. Ved å flytta kunnskapsoverføringa ut av klasserommet, og få betre tid til å jobba med meir krevjande læringsprosessar, kunne eg planlegga både kjeldeoppgåver, drøftingsoppgåver og tidsvitneoppgåver allereie til den første undervisningsøkta på skulen. På den måten kom elevane raskt i gang med, og fekk meir trening i, å løysa kognitivt krevjande oppgåver.

2.4.    SAMR-modellen

Sjølv om omvendt undervisning som metode har blitt stadig meir populær, etterlyser Abeysekera og Dawson (2015) meir forsking på kor effektiv metoden faktisk er. Wølner og Horgen (2019) nemner at det er gjort nokre enkeltståande og mindre forskingsarbeid i norsk samanheng, og at desse kan visa til gode resultat. Mellom anna viser dei til Foldnes (2016) sine erfaringar om at ei endra undervisning, med elevaktiv deltaking og utstrekt bruk av samarbeidslæring i omvendt undervisning, fører til vesentleg auka læringsutbytte hjå elevane.

SAMR-modellen er utvikla av Ruben R. Puentedura, og forklarer korleis teknologi kan endra undervisning, oppgåvetypar og arbeidsmåtar, for å gje elevane auka læringsutbytte. (Figur 3) Ifølgje Puentedura kan teknologien brukast til å erstatta, forsterka, modifisera eller redefinera undervisninga. (Puentedura, 2012)

Kor i SAMR-modellen kan me plassera omvendt undervisning? Bruker me berre teknologien som eit kostbart ekstrautstyr, eller fører den til ei omfattande endring av undervisninga, slik at teknologien blir brukt til oppgåver og arbeidsmåtar som var utenkelege? 

Figur 3: SAMR-modellen for pedagogisk bruk av IKT er utvikla av Ruben R. Puentedura. (Illustrasjon: Sylvia Duckworth. Norsk omsetjing: Morten Hetland.)

Sjølve metoden omvendt undervisning føreset ikkje bruk av digitale verktøy, men mange lærarar erfarer at det kan vera viktig for å realisera omvendt undervisning på ein god og effektiv måte. (Wølner & Horgen, 2019, s. 65)

Dersom me kritisk vurderer omvendt undervisning opp mot SAMR-modellen, kan det sjå ut til at omvendt undervisning er nok eit eksempel på at digitale verktøy blir introdusert i skulen, utan at det fører til endra undervisning og meir læring for elevane. Det å sjå ein videosnutt av læraren si «førelesing» (eigentleg digital forteljing), er vel strengt tatt stort sett det same som å sjå læraren i klasserommet. Altså blir teknologien berre brukt som ei erstatning (S) for andre verktøy, men utan forbetra funksjonalitet.

Men dersom me går nærare inn i suksesskriteriene for å lukkast med omvendt undervisning, ser ein at ei læringsplattform for omvendt undervisning kan forsterka (A) undervisninga: Med bruk av sjølvrettande kontrollspørsmål etter kvar enkelt videosnutt, og digitale skjema for eigenvurdering, har læraren fått hjelp til å effektivisera planleggings- og vurderingsarbeidet. Samtidig opplever elevane i større grad autonomi og meistring, og dei har til og med høve til å starta og stoppa avspelinga av videosnutten så mange gonger dei vil, heilt til dei har forstått innhaldet i leksjonen.

Dei to neste nivåa i SAMR-modellen (M og R), er i seg sjølv vanskeleg å nå ved bruk av omvendt undervisning som metode. Modifiseringa (M) og redefineringa (R) av oppgåver og aktivitetar skjer først når omvendt undervisning frigjer tid til djupnelæring i klasserommet. 

I Campus Skole har me ofte brukt diskusjonsverktøyet, som legg til rette for at elevane kan skriva sine svar på drøftingsoppgåvene direkte i diskusjonsverktøyet. Alle svara blir anonymiserte, og viser på tavla/skjermen framme i klasserommet. Elevane får òg høve til å vurdera og samanlikna kvarandre sine svar, og kan stemma på dei beste svara. Læraren kan deretter gå gjennom alle svara i fellesskap, og vurdera svara ut frå førehandsgjevne kriterier. Slik kan læraren bruka diskusjonsverktøyet til å flytta fokuset frå teknologien over på læring, dermed har det faktisk skjedd ei endring av undervisninga. 

Som nemnt i kapittel 2.3 skjer altså den største redefineringa (R) av undervisninga, som følgje av omvendt undervisningmetodikk, ved at det blir frigjort endå meir tid til å jobba med problemløysingsoppgåver på eit høgare kognitivt nivå i klasserommet. Slik får elevane tettare oppfølging og meir rettleiing frå læraren, slik at dei kan bruka kompetansen sin i både kjende og ukjende samanhengar.

3.     Digitale forteljingar

Som nemnt i kapittel 2.2, var digitale forteljingar det berande elementet i leksjonane til kurset Samfunnsfag 8–10, som eg laga i samband med omvendt undervisning i klassen min. Digitale forteljingar er korte filmsnuttar som kombinerer fem ulike element: Forteljarstemme, bilete, film, musikk og digitale effektar. (Haug, Jamissen, & Ohlmann, 2012)

Digitale forteljingar blitt eit effektivt undervisnings- og læringsverktøy, som engasjerer både lærarar og elevar. (Robin, 2008)  Lærarane kan bruka digitale forteljingar til å forklara faglege tema til elevane, medan elevane kan bruka digital forteljing som ein læringsmetode, der læringsprosessen resulterer i ei digital forteljing som viser kva elevane har lært om eit fagleg tema. Dagens programvare har senka terskelen for å laga digitale forteljingar betydeleg, og ein kjem raskt i gang på nokre få minutt. Ein treng ikkje mykje utstyr eller teknisk kompetanse, men kan utfalda seg kreativt på mange måtar, og er ikkje bunden til ei bestemt innhaldsmessig eller estetisk form. (Haug, Jamissen, & Ohlmann, 2012, s. 15)

3.1.    Eksempel på digital forteljing i eiga undervisning

Som nemnt i kapittel 2.2, har eg laga ein serie med digitale forteljingar til ulike leksjonar om den andre verdskrigen i kurset Samfunnsfag 8–10. Kurset blei brukt i eit omvendt undervisningsopplegg på 9. trinn, og publisert på læringsplattforma Campus Inkrement. 

3.1.1.    Innhald og produksjon

For ordens skuld tar resten av kapitlet utgangspunkt i den digitale forteljinga Varemangel og rasjonering (vedlegg 2), altså berre éi av forteljingane i serien om den andre verdskrigen.  

Mål: Den digitale forteljinga dekker ingen kompetansemål åleine, men var med i éin av leksjonane som inngjekk i kurset som skulle bidra til å dekka følgjande kompetansemål i læreplanen for samfunnsfag (kompetansemål etter 10. årssteget, LK06):

drøfte årsaker til og verknader av sentrale internasjonale konfliktar på 1900- og 2000-talet

Målet med den digitale forteljinga var å gje elevane eit perspektiv på nokre av verknadene som den andre verdskrigen hadde på kvardagen og livet til nordmenn flest. Krigsskildringar, spesielt i spelefilmar og TV-dokumentarar, er ofte knytte til kringshandlingar med mykje ytre spenning. I denne digitale forteljinga ville eg derimot flytta fokuset over på folk flest, og på korleis ein krig påverkar livet til menneska i eit land.

Fleire av elevane i klassen min har flyktningbakgrunn, men hugsar sjølv lite frå krigane som familiane deira flykta frå. Og blant resten av elevane i klassen er det få som har besteforeldre som lever, og som samtidig hugsar noko frå okkupasjonen av Noreg. Dermed var det heilt essensielt for den vidare djupnelæringa at elevane fekk ei forståing av at menneska i ein krig òg kan bli påverka av undertrykking og varemangel, og at såra og drepne soldatar berre er éin av verknadene av ein krig.

Forkunnskapar: For å dra med meg elevane i lærestoffet, hadde dei frå før av blitt introduserte for dei digitale forteljingane

1.     Hitler-Tyskland (kven Hitler var og korleis Hitler kom til makta i Tyskland)

2.     Krigen nærmar seg (opptakten til krigshandlingane) 

3.     Operasjon «Weserübung»

4.     Kongens nei

5.     Livet under krigen (fokus på fangeleirar, arrestasjonar og undertrykking)

Den digitale forteljinga om rasjonering og varemangel kom altså etter dei kjende ytre krigshandlingane som «alle har høyrt om», og før me gjekk inn på dei temaa som handlar om menneska sine verdiar og val: «Forsøk på nazifisering» og «Motstandsrørsla».

Manus og forteljar: Alle digitale forteljingar startar med eit manus. Før eg sette i gang med å produsera dei digitale forteljingane, sette eg meg inn i Mayer sine multimedia-prinsipp, gjengitt og utdjupa av Hagelia (2017, s. 143–149), samt råd om filmar til omvendt undervisning (Michaelsen, 2015, s. 87 og 91–92).

Fagteksten til manuset skreiv eg sjølv – basert på fagtekstar frå SNL.no, Norgeshistorie.no og NDLA – sidan eg heller ville trena på heile produksjonsprosessen, enn å lesa inn tekst frå ei lærebok. Alle fagtekstane som manuset er basert på, er gjevne ut med CC-lisens, noko som gjer det mogleg å dela den digitale forteljinga ope på internett.

Forteljarstemmen er min eigen, men som stemmeskodespelar snakkar eg ikkje på same måte i videoane som eg gjer til vanleg i klasserommet. Dermed treng ikkje elevane henga seg for mykje opp i at det er eg som snakkar, men heller lytta til forteljinga. I ettertid har eg kome fram til at det hadde vore artig å gjera om forteljaren til eit «tidsvitne», altså at både manuset og sjølve forteljarstemmen heller blei fortalt som om det var éin som opplevde okkupasjonstida som fortel si forteljing. Dette kjem eg sannsynlegvis til å gjera i nye videoar i framtida, dersom det er mogleg å få til: Ein krigsseglar kan fortelja frå den tøffe tida på havet under den første verdskrigen, eller ein flyktning på Lesvos kan fortelja om vegen hit og om håpet for framtida.

Bilete og digitale effektar: Den største utfordringa, som eg truleg brukte mest tid på, var å finna relevante bilete med CC- eller fri lisens, som kunne illustrera forteljinga. (Harboe, 2012, ss. 152–153) Mesteparten av biletmaterialet plukka eg frå NDLA, SNL.no og Norgeshistorie.no. Forfattarane på NDLA hadde funne fram mange gode og illustrerande bilete til ei kjeldeoppgåve om varemangel og rasjonering, og dette blei starten på utvalet av bilete som eg skulle bruka. 

Grunngjevinga for å bruka bilete med CC-lisens, var at eg ville ha ryggen fri dersom eg i framtida skulle ynskja å dela dei digitale forteljingane på ein open plattform, men diverre gjorde eg ein for dårleg jobb med å notera lisensinformasjonen for kvart av bileta, slik at dei digitale forteljingane framleis ligg på eit lukka område for berre mine elevar.

Sidan dei digitale forteljingane berre blei publiserte på eit lukka område, brukte eg ikkje meir tid og plass på kjeldekrediteringar, og prioriterte heller å skriva korte forklarande tekstar i nedre venstre hjørne av bileta. Forteljinga er rett nok direkte knytta til bileta som er plukka ut, men utan bilettekst hadde bileta berre blitt snakka om munnleg. Når filmen viser hesten i Slottsparken, greier dei fleste å sjå Slottet i bakgrunnen, men for å vera på den sikre sida, supplerer og forsterkar eg den digitale forteljinga med å legga til bilettekstar. Tilbakemeldingane frå elevane avslørte at dette var eit smart trekk, sidan det kunne vera vanskeleg for dei å forstå innhaldet i bileta utan desse forklaringane. 

Musikk: Vurderinga om CC-lisens blei òg gjort på musikken, der eg brukte eit utdrag frå eit musikkstykke frå Bensound.com, som tilbyr gratis musikk til multimediaprosjekt på CC BY-NC-ND vilkår. Eg ville bruka ein mørk og trist komposisjon, og kom fram til at «Ofelia’s Dream» sine rolege tangentar og mørke strykekvartett kunne forsterka den stemninga som Noreg opplevde gjennom fem år med okkupasjon og undertrykking.

3.1.2.    Tankar om eiga digital forteljing

I utgangspunktet hadde eg tenkt å laga éin lengre, samanhengande undervisningsfilm/
dokumentar om den andre verdskrigen, som var tilpassa mine elevar. Bakgrunnen for dette er at dei fleste dokumentarseriar blir anten for spissa mot eitt tema (t.d. tungtvassaksjonen), eller har for lang speletid til å nå gjennom med berre tre samfunnsfagtimar i veka. Dermed begynte eg å sjølv redigera fagstoff – mesteparten frå NDLA og Norgeshistorie.no, men òg enkelte utdrag frå det utdaterte læreverket vårt i samfunnsfag. Målet var å gå frå Hitler sin veg til makta, via starten på okkupasjonen av Norge, ned til korleis okkupasjonen påverka kvardagen til folk flest. 

Etter kvart såg det ut å bli ein veldig omfattande film, og sidan eg gjennom studiet i PfDK og jobben som pedagogisk IKT-rettleiar hadde fått reflektert mykje rundt kva ein god introduksjon til eit nytt tema er, var det klart at eg måtte dela opp innhaldet i fleire, kortare videosnuttar. Slik oppstod den digitale forteljinga «Varemangel og rasjonering» som ein del av leksjonsserien om den andre verdskrigen i kurset Samfunnsfag 8–10.

Då filmen var ferdig produsert, valde eg å fordela 3 minutt og 11 sekund i tre mindre filmsnuttar, slik Bjarnø m.fl. (2017, s. 256) tilrår å gjera. Slik fekk eg òg lagt inn hyppigare kontrollspørsmål, noko som vil styrka læringa hjå elevane.

Som tidlegare nemnt, droppa eg å bruka tid på kjeldekrediteringar på bileta i den digitale forteljinga. I ettertid har eg innsett at eg kunne hatt nytte av å bruka mine eigne digitale forteljingar som «modelltekstar», og på den måten lært elevane korrekt kjeldekreditering av bilete. Diverre blei praktisk nytte trumfa av hastverk denne gongen, men eg kjem til å kreditera bileta for ettertida. Då kan kjeldekreditering vera ein del av eit heilskapleg og eksplisitt undervisningsopplegg om bruk og kreditering av kjelder. Det handlar trass alt om at lærarane må gå føre som gode førebilete, og synleggjera bruken av lovverket i praksis, slik at dei kan bidra til elevane si digitale danning og deltaking i det digitale og demokratiske samfunnet, slik det er forventa i rammeverket for PfDK. (Utdanningsdirektoratet, 2018)

Gjennom arbeidet med og refleksjonen rundt digitale forteljingar, har eg blitt inspirert til å utarbeida fleire leksjonar og større deler av fagstoffet sjølv. Mellom anna har eg begynt å publisera fagartiklar, podkastar og digitale forteljingar på ein open, digital læringsportal, til glede for andre lærarar og elevar. På den måten har eg styrka min profesjonsfaglege digitale kompetanse ved å bruka digitale kommunikasjonskanalar til samarbeid og kunnskapsdeling.

Vidare har eg blitt meir medviten på kva som skal til for å laga ei god digital forteljing, og kva for nokre val eg må gjera meg medvitne tankar om. Eg ser mellom anna at eg kan la elevane øva meir på å lesa og tolka bilete, og då kan dei gjerne starta med å lesa og tolka bilete i digitale forteljingar, der dei gjerne har ein kontekst å knyta til bileta.

3.2.    Digitale forteljingar som undervisningsmetode

Den største fordelen med digitale forteljingar, er når elevar får laga sine eigne digitale forteljingar, anten individuelt eller i grupper. Det kreative arbeidet som ligg bak ei digital forteljing, er sterkt forankra i det som blir kalla 21st Century Skills, eller kompetansar for det 21. hundreåret. (Robin, 2008)

IKT-kompetanse, kommunikasjon og samarbeid, kreativitet og innovasjon, kritisk tenking og problemløysing er blant dei ti sentrale fagkompetansane for det 21. hundreåret (NOU 2014: 7 Elevenes læring i fremtidens skole – Et kunnskapsgrunnlag) Ifølgje Robin (2008) og Haug, Jamissen og Ohlmann (2012), er den digitale forteljinga, og prosessen som leiar fram mot den, ein arbeidsmåte som dekker mange av fagkompetansane som elevane treng i det 21. hundreåret. 

Ved å utfordra elevane til å bruka nye produksjonsverktøy og publiseringskanalar, til dømes til å laga sine eigne digitale forteljingar, som dei gjerne kan dela med omverda i Web 2.0, vil dei gradvis gå frå å vera passive konsumentar kunnskap til aktive produsentar av sin eigen kompetanse. 

Paradoksalt nok fann Austvik og Rye (2011) ingen eksempel på at elevane publiserte det dei jobba med på Facebook, YouTube, bloggar og liknande, trass i at dette er ein brukarvennleg og enkel måte å ytra meiningane sine. Forhåpentlegvis vil elevane etter kvart bli meir utfordra til å delta aktivt i samfunnet gjennom digitale plattformar, noko som særleg blir støtta av det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap i fagfornyinga LK20.

Neste trinn i mi undervisning må bli å gje elevane erfaringar med å laga sine eigne digitale forteljingar. Me har brukt metoden med elevane tidlegare, men då har oppgåvene gjerne vore veldig opne og hatt meir fokus på å synleggjera kva dei har lært om eit tema, enn på at refleksjonen rundt vala som dei må gjera i undervegs i prosessen med å laga ei digital forteljing opnar for viktig læring og metakognisjon.

4.     Oppsummering

I denne artikkelen har eg drøfta omvendt undervisning (flipped classroom) og digitale forteljingar i ein pedagogisk og fagdidaktisk samanheng, for å svara på korleis omvendt undervisning og digitale forteljingar kan endra undervisning og læring.

Verken omvendt undervisning eller digitale forteljingar er revolusjonerande pedagogiske grep, og begge metodane har blitt brukte i skulen og drøfta av forskarar i mange år allereie. Både omvendt undervisning og digitale forteljingar kan tilføra noko nytt til klasseromma, og bidra til å modifisera og redefinera undervisninga.

Takka vera digitale verktøy, har det blitt stadig enklare for lærarar og elevar å henta informasjon, kommunisera med andre, laga eige innhald og publisera på delingsplattformer og nettverk. Det er likevel ikkje teknologien i seg sjølv som aukar læringa til elevane, men lærarar som legg til rette for gode undervisningsopplegg og elevaktive metodar, der fokuset blir flytta vekk frå teknologien og over på læringa; der læraren stadig vurderer korleis han/ho kan utnytta teknologien til å tilføra noko nytt til undervisninga, og løysa oppgåver som tidlegare var utenkelege utan teknologi.

Lærarar som meistrar ei omlegging til omvendt undervisning og lagar sine eigne digitale forteljingar har kome langt i å bli ein profesjonsfagleg digital kompetent lærar. Det er derimot viktig å minna seg sjølv og kollegaer på at pedagogikk og fagdidaktikk alltid skal ligga i botnen. Det er pedagogikken og fagdidaktikken som rommar læraren sin grunnleggande kompetanse, uavhengig av kva digitale verktøy læraren måtte ha tilgang til. Ein digitalt kompetent lærar evnar likevel å tenka nytt om undervisninga si, og set saman læringsstiar og undervisningsopplegg, der det digitale blir fletta inn i læringsprosessane for å skapa betre læring, motivera til innsats og effektivisera undervisninga. (Wølner & Horgen, 2019)

Omvendt undervisning og digitale forteljingar opnar for nye moglegheiter for samhandling og kommunikasjon med elevane, samtidig som dei krev ei endring av lærarrolla: Læraren skal leia elevaktive, utforskande og problemløysande læringsprosessar blant elevane i klasserommet, og må unngå å vera ein «ekspert» som berre føreles ved tavla. 

5.     Bibliografi

Abeysekera, L., & Dawson, P. (2015). Motivation and cognitive load in the flipped classroom: definition, rationale and a call for research. Higher Education Research & Development (34:1), ss. 1-14. Henta frå https://doi.org/10.1080/07294360.2014.934336

Arstorp, A.-T. (2019). Hva er lærerens profesjonsfaglige digitale kompetanse? I T. A. Wølner, T. Wølner, K. Kverndokken, M. Moe, & H. H. Siljan (red.), 101 digitale grep – en didaktikk for profesjonsfaglig digital kompetanse (ss. 17–32). Bergen: Fagbokforlaget.

Austvik, J., & Rye, S. A. (2011). Digitale medier, samfunnsfag og samfunnsengasjement. Kristiansand: Universitetet i Agder. Henta frå http://hdl.handle.net/11250/135077

Bjarnø, V., Giæver, T. H., Johannesen, M., & Øgrim, L. (2017). DidIKTikk: Fra digital kompetanse til praktisk undervisning (3. utg.). Bergen: Fagbokforlaget.

Blikstad-Balas, M. (2019). Digital teknologi i klasserommet – noen sentrale utfordringer. I T. A. Wølner, 101 digitale grep : en didaktikk for profesjonsfaglig digital kompetanse. Bergen: Fagbokforlaget.

Hagelia, M. (2017). Digital studieteknikk: Hvordan lære i informasjonssamfunnet. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Harboe, L. (2012). Grunnleggende digitale ferdigheter for lærere. Oslo: Universitetsforlaget.

Hattie, J., & Timperly, H. (2007). The Power of Feedback. Review of Educational Research (Vol. 77).

Haug, K. H., Jamissen, G., & Ohlmann, C. (2012). Digital historiefortelling – en introduksjon. 
I Digitalt fortalte historier: refleksjon for læring (ss. 13-27). Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Krumsvik, R. J., & Jones, L. Ø. (2014). Fra klasseledelse til læringsledelse. I R. J. Krumsvik, Klasseledelse i den digitale skolen (ss. 61–87). Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Lund, E. (2016). Historiedidaktikk: En håndbok for studenter og lærere (5. utg.). Oslo: Universitetsforlaget.

Michaelsen, A. S. (2015). Det digitale klasserommet: Utnytt mulighetene. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

NOU 2014: 7 Elevenes læring i fremtidens skole – Et kunnskapsgrunnlag (Kunnskapsdepartementet 09.03.2004). Henta frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/NOU-2014-7/id766593/sec9

Overrein, P., & Madsen, R. (2014). Grunnleggende ferdigheter i samfunnsfag. I K. Skovholt, Innføring i grunnleggende ferdigheter: Praktisk arbeid på fagenes premisser (ss. 162-169). Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Persen, L. (2019). Omvendt undervisning. I T. A. Wølner, 101 digitale grep: en didaktikk for profesjonsfaglig digital kompetanse (ss. 16-17). Bergen: Fagbokforlaget.

Puentedura, R. R. (2012, august 23). The SAMR Model: Background and Exemplars. Henta frå http://www.hippasus.com/rrpweblog/archives/2012/08/23/SAMR_BackgroundExemplars.pdf

Robin, B. R. (2008). Digital Storytelling: A Powerful Technology Tool for the 21st Century Classroom. Theory Into Practice, 47(3), ss. 220-228.

Tønnessen, E. S. (2012). Digitale fortellinger som multimodal tekst. I K. H. Haug, G. Jamissen, & C. Ohlmann, Digitalt fortalte historier: Refleksjon for læring (ss. 61-75). Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Utdanningsdirektoratet. (2018). Rammeverk for lærerens profesjonsfaglige digitale kompetanse (PfDK). Henta 30.10.2018 frå Utdanningsdirektoratet: https://www.udir.no/pfdk

Utdanningsdirektoratet. (2019). Dybdelæring. Henta frå https://www.udir.no/laring-og-trivsel/dybdelaring/

Utdanningsdirektoratet. (2020). God underveisvurdering. Henta frå https://www.udir.no/laring-og-trivsel/vurdering/om-vurdering/underveisvurdering/

Wølner, T. A., & Horgen, S. A. (2019). Kan omvendt undervisning fremme refleksjon og dybdelæring? I T. A. Wølner, 101 digitale grep : en didaktikk for profesjonsfaglig digital kompetanse. Bergen: Fagbokforlaget.

Zakariassen, G. (2018). Læring med nettbrett. I L. B. Johanson, Restart: Å være digital i skole og utdanning. Oslo: Universitetsforlaget.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Scroll to Top