Me treng eit kommunalt klimamål

Noreg har forplikta seg til å kutta utslepp av klimagassar. Grunnen kjenner me alle og alvoret i det treng me ikkje gjenta.

Ansvaret for at Noreg når desse måla ligg hjå regjeringa, men Noreg kan ikkje nå klimamåla utan at det òg skjer store kutt i utslepp av klimagassar i kommunane. Det meste av norsk verksemd og aktivitet skjer i kommunane. Det betyr at ein del av utsleppskutta som må skje, òg må skje i Hjelmeland kommune. Ein del av ansvaret til regjeringa, er altså vårt ansvar.

Dette ansvaret har me begynt å ta for fleire år sidan. Me har vedtatt klimabudsjett dei siste åra, og me har ein klimaplan på gang. Klimaplanen skal konkretisera korleis me skal redusera klimagassutsleppa i vår kommune.

Sjølv om me legg alle klimaplanar i norske kommunar til grunn, så kjem ikkje Noreg til å bidra tilstrekkeleg til å nå måla i Paris-avtalen.

Kommunane er ulike. Det er store forskjellar i utslepp, geografi og industri. Eit krav om at kommunane skal redusera klimautsleppa sine med same prosentdel, vil vera urealistisk, urettferdig og det vil ramma svært ulikt.

Me har vedtekne målsetjingar, men me veit ikkje om måla svarer til vår nødvendige del av dei utsleppskutta som Noreg må få til. Det betyr at me ikkje veit om Hjelmeland sine mål er ansvarlege.

Men, me i Hjelmeland skal ta ansvar for at me kuttar nok.

Difor ber Miljøpartiet Dei Grøne om at ordføraren tar initiativ til å få lagt fram ei sak i kommunestyret, der det kjem fram kor mykje Hjelmeland kommune må kutta i utslepp av klimagassar, for at me skal kunna bidra tilstrekkeleg til det nasjonale klimamålet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Scroll to Top