Bør ein få lov til å designa sine eigne barn?

Menneska har i tusenvis av år brukt bioteknologi til å framstilla produkt som øl, vin, ost, brød og vaksinar. På mange måtar har bioteknologi gitt menneska betre levekår – mellom anna ved å auka matproduksjonen gjennom husdyravl, framstilla medisin av planter og betra kvaliteten på ulike produkt og materialar. (Grindeland et al., 2020, s. 290) Men kor går grensa for kor mykje menneska skal få lov til å endra på naturen? Bør det vera lov å bruka CRISPR-teknologien til genredigering av embryo, og på den måten kunna leggja til og velja bort eigenskapar hjå sine ufødde barn?

Bioteknologien har tent menneska godt i tusenvis av år, men i moderne tid har genteknologi òg blitt ein del av bioteknologien. Med nye genteknologiar, oppstår nye problemstillingar: Kor skal ein setja grensa, når «alt» er mogleg? Genteknologi gjer det mellom anna mogleg å isolera, beskriva, modifisera og setja arvestoff inn i levande celler eller virus. (Ibid.) Desse genteknologiane er i stadig utvikling, noko som fører til at menneska nå – i langt større grad enn tidlegare – har fått kunnskap om og kompetanse til å endra på arvestoffet vårt, gjennom genredigering.

Éin av genteknologiane som mogleggjer målretta endringar i gena som allereie finst i kroppen, blir kalla CRISPR, og blei utvikla av forskarar i 2012. Det nye med CRISPR, var at teknologien kan brukast i alle levande organismar, i alle celletypar, og dette gjennombrotet gjorde det for første gong mogleg å endra gen i kjønnsceller, befrukta egg og embryo. (Grindeland et al., 2020, s. 301). Dermed er det nå mogleg å fjerna, byta ut eller leggja til DNA, slå av eller på gen utan å kutta i arvestoffet, og endra på fleire gen samtidig, før barnet i det heile tatt blir fødd. (Grindeland et al., 2020, s. 302) I praksis vil ein kunna«shoppa» barn med eigenskapar som ein vil ha, og velja vekk eigenskapar som ein ikkje vil at barnet skal ha, med dei konsekvensane dette vil medføra.

Så langt har CRISPR mellom anna blitt brukt i forsøk med genterapi og kreftbehandling, men òg til å laga hornlause mjølkekyr, grisar som er resistente mot svineinfluensa (Grindeland et al., 2020, s. 303), soya som har meir umetta feitt og mindre metta feitt, eller ris som produserer fleire korn per plante. (Bratlie, 2019) Ein kan enkelt argumentera for at menneska heller bør avhorna kyr fysisk, enn å «tukla» med naturen for å spara seg for arbeid. Derimot er det vanskelegare å argumentera mot å bruka CRISPR til å auka matproduksjonen i ei verd med eit stadig aukande folketal. Ifølgje den globale matkriserapporten (GRFC) var totalt 258 millionar menneske ramma av akutt matmangel i 2022, og i tolv land var ekstremvêr og klima den største drivkrafta bak akutt matmangel. (Danbolt, 2023) Når vedvarande tørke, øydeleggande flaumar og tropiske flaumar øydelegg avlingar, som gjer at hundrevis av millionar menneske svelt, er det lett å forsvara bruk av genteknologi til å laga ris som kan produsera fleire korn per plante, eller å førebyggja sjukdom i svinebestanden.

Når ein drøftar og tek stilling til om ein skal tillata endringar av gen i planter og dyr ved hjelp av CRISPR, bør ein heile tida vurdera kost/nytte, og ha «føre var»-prinsippet i bakhovudet. Veit me eigentleg alle konsekvensane av å bruka CRISPR? Kva skjer viss me redigerer bort eigenskapar, som det seinare viser seg at planter og dyr trengde, og som me menneske var avhengige av?

Når det gjeld bruk av CRISPR til å endra på gena til menneske, kjenner eg at det umiddelbart blir endå vanskelegare å drøfta rasjonelt. Førebels har eg konkludert med at ein bør kunna bruka CRISPR til å behandla alvorleg sjukdom, som til dømes kreft og sigdcelleanemi, men ikkje til å «bestilla» gen som kodar for eigenskapar som ein har lyst på.

Sigdcelleanemi er ein mutasjon som oppstår ved at éi enkelt aminosyre er byta om, noko som fører til eit unormalt hemoglobin, som får endra form og redusert evne til oksygenopptak. (Grindeland, 2020, s. 268) Denne eigenskapen, altså å kunna arva gen for sigdcelleanemi, kan ein endra ved bruk av CRISPR. Viss éin eller begge foreldra er berarar av genet for sigdcelleanemi, vil ein kunna bruka CRISPR til å endra genet, slik at genotypen som kodar for sigcelleanemi blir endra, og barnet slepp å leva med alvorleg sjukdom resten av livet. I slike tilfelle meiner eg at ein kan forsvara bruk av CRISPR.

Referansar

Bratlie, S. (2019, 21. februar). CRISPR – et nytt verktøy for avl og foredling? Tekna. https://www.tekna.no/fag-og-nettverk/miljo-og-biovitenskap/bio-og-klimabloggen/crispr--et-nytt-verktoy-for-avl-og-foredling/

Danbolt, I. (2023, 5. mai). FN slår alarm: 258 millioner kvinner, menn og barn rammet av akutt matmangel. FN-sambandet. https://fn.no/nyheter/fn-slaar-alarm-258-millioner-kvinner-menn-og-barn-rammet-av-akutt-matmangel

Grindeland, J. M., Staberg, R. L. & Tandberg, C. (2020). Biologi for lærere: Naturfag i grunnskolelærerutdanninga. (2. utg.). Gyldendal Norsk Forlag AS.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Scroll to Top