Introduksjon
I samband med PfDK-studiet har eg laga eit undervisningsopplegg til temaet Angrepet på Noreg i samfunnsfag på 9. trinn. Utgangspunktet for oppgåva var at eg skulle produsera ein film som introduksjon til temaet, samt laga eit sett med øvingsoppgåver til filmen.
Eg har valt å laga og publisera undervisningsopplegget som omvendt undervisning i lærings-plattforma Campus Inkrement, for å få til meir tilpassa opplæring og individuell oppfølging til kvar enkelt elev. (Sjå vedlagt dokumentasjon av undervisningsopplegget).
Elevenes oppfatning av opplegget
Klassen har erfaring med omvendt undervisning i matematikk frå før, og var positive til å prøva denne metoden i samfunnsfag i tillegg. Av erfaring, veit eg at det er ein kritisk suksessfaktor at elevane forstår at dei må jobba grundig med leksjonane, så i klasseråd la me premissa for omvendt undervisning før den første leksjonen skulle gjennomførast:
Nå ville det bli heimelekser i samfunnsfag òg, men elevane var positive så lenge det samtidig ville bli meir tilpassa opplæring og meir tid til individuell oppfølging av kvar enkelt elev.
Etter at elevane hadde jobba med den første leksjonen heime, skulle dei gjera ei eigenvurdering, i samsvar med prinsippet om elevinvolvering i vurdering for læring. (Utdanningsdirektoratet, 2015). Slik fekk eg verdifull tilbakemelding om kva elevane hadde fått til, korleis dei hadde oppfatta opplegget og kva elevane trengde meir hjelp med.
I eigenvurderinga svarer alle elevane at dei jobba konsentrert med leksjonen, og 28 av 30 svarer at dei forstod temaet svært godt (5/5). 2 av 30 elevar forstod temaet nokså godt (3/5). Diverre var det ikkje alle elevane som oppfatta viktigheita av å svara på spørsmålet «Kva treng du hjelp til for å forstå dette temaet betre?». Dette blei tatt opp med klassen, og spørsmålet er nå ein obligatorisk del av leksjonen, som må fullførast for å få leksa godkjent.
Refleksjon
Fram til nå har samfunnsfag-undervisninga i klassen min vore prega av varierte metodar – med alt frå bilete, filmsnuttar, kart og statistikk, til «think-pair-share» med læringspartnar og klassediskusjonar – men sidan klassen er relativt stor, blir det for lite tid til individuell oppfølging, situert læring og tilpassa opplæring. I klassen min er det 30 elevar, så rettleiing og undervegsvurdering er noko av det vanskelegaste å få tid til, sjølv om dette òg er noko av det viktigaste for elevane si læring.
Elevane mine har gjennom undersøkingar og samtalar uttrykt eit ynskje om meir tid til individuell oppfølging, så med bakgrunn i PfDK-oppgåva som handla om å produsera eit filmbasert undervisningsopplegg, vurderte eg samtidig om det kunne ha noko føre seg å prøva ut omvendt undervisning. Eg kjende til metoden frå før, men gjennom PfDK-studiet har eg fått ei styrka teoretisk forståing av fordelane ved å bruka omvendt undervisning som metode, og at denne metoden vil langt på veg vil løysa våre utfordringar med for lita tid til individuell oppfølging, og gje «mer veiledningstid og faglig utbytte – spesielt for de eleven som trengte det mest»(Krumsvik & Jones, 2014, s. 61).
Sidan både eg sjølv og elevane var kjente til omvendt undervisning i Campus Inkrement frå før, var det ikkje noko stor revolusjon då me blei samde om å prøva ut omvendt undervisning i samfunnsfag. Ein klar fordel av omvendt undervisning var å la elevane gå gjennom fagstoffet ved bruk av film som heimelekse, slik me fekk frigjort meir tid til aktiv læring og rettleiing frå læraren i klasserommet. (Krumsvik & Jones, 2014, s. 73)
Før eg sette i gang med å produsera filmen, sette eg meg inn i Mayer sine multimedia-prinsipp, gjengitt og utdjupa i Hagelia, 2017, s. 143–149, samt råd om filmar til omvendt undervisning (Michaelsen, 2015, s. 87 og 91–92). Fagteksten skreiv eg sjølv – basert på fagtekstar frå SNL.no, Norgeshistorie.no og NDLA – då eg heller ville trena på heile produksjonsprosessen, enn å lesa inn tekst frå ei lærebok. Den største utfordringa var å finna relevante bilete, med CC- eller fri lisens, som kunne forsterka forteljinga. Det var nok dette eg brukte mest tid på. Sidan filmen skulle publiserast i ein lukka læringsplattform brukte eg ikkje tid og plass på kjeldekreditering, og prioriterte heller korte forklarande tekstar over bileta. Eg innser at eg kunne dratt nytte av å bruka mine eigne filmar til å læra elevane korrekt kjeldekreditering av bilete, og kjem til å gjera dette for etterida.
Då filmen var ferdig produsert, valde eg å fordela 3 minutt og 11 sekund i tre mindre filmsnuttar, slik Bjarnø m.fl. tilrår (Bjarnø m.fl., 2017, s. 256). Slik fekk eg òg lagt inn hyppigare kontrollspørsmål, noko eg sjølv har erfart gjev meir læring (i PfDK-leksjonane der me samanlikna læringsutbyttet frå å svara på kontrollspørsmål undervegs eller etter filmen).
Før timen sjekka eg om elevane hadde gjort med leksjonen, om dei hadde svart riktig på kontrollspørsmåla, korleis dei svarte på eigenvurderinga og kva dei trengde rettleiing på. Dette var viktig for å vera førebudd til timen, og ikkje minst på kva elevane trengde utdjupande avklaringar på eller rettleiing i. Fleire hadde ikkje svart på dette spørsmålet, og difor minna eg klassen på viktigheita av å svara på eigenvurderinga i oppstarten av timen.
Ved oppstart av timen gjekk me òg gjennom målet for økta, før me jobba med diskusjons-oppgåvene som eg hadde laga klart på førehand. Diskusjonsoppgåvene var viktige for å repetera overflatekunnskapen til elevane, samt jobba eksplisitt med kjenneteikna på gode svar. Sidan elevane allereie hadde sett seg inn i fagstoffet heime, var det enklare å få dei aktive i undervisninga.
Etter diskusjonsrunden jobba elevane vidare med oppgåver individuelt, mens eg fekk tid til å rettleia kvar enkelt elev. Dei elevane som hadde gløymt å gjera leksa, eller brukt for kort tid og svart mykje feil, fekk tilbakemelding om dette, for å innarbeida ei forventing om at leksa må gjerast grundig heime, og at ein ikkje kan bruka tida på skulen til dette.
Konklusjon
Ved å gje elevane filmsnuttar og kontrollspørsmål som omvendt undervisning, fekk eg meir tid til å rettleia elevane i klasserommet ut frå kva nivå dei var på, mens dei jobba med dei meir kognitivt krevjande oppgåver med fokus på djupnekunnskap. Ved å bruka omvendt undervisning som metode i samfunnsfag, vil eg i større grad kunna aktivera elevane og la dei jobba med meir krevjande oppgåver, samtidig som eg kan tilby meir tid til rettleiing og inspirasjon til kvar enkelt elev. Dette stemmer òg godt med funna i SMIL-studien (Krumsvik & Jones , 2014, s. 73–75). Elles er det ei viktig erfaring at elevane må vera førebudde til timen, elles må ein bruka forholdsvis mykje tid på at desse elevane får gått gjennom leksjonen i skuletida, før dei får jobba vidare med meir krevjande oppgåver.
Referansar
Bjarnø, V., T. H. Giæver, M. Johannesen & L. Øgrim. (2017). DidIKTikk: Fra digital kompetanse til praktisk undervisning (3. utg.). Bergen: Fagbokforlaget.
Hagelia, M. (2017). Digital studieteknikk: Hvordan lære i informasjonssamfunnet. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.
Krumsvik, R. J. & L. Ø. Jones (2014). Fra klasseledelse til læringsledelse. I R. J. Krumsvik (Red.), Klasseledelse i den digitale skolen (s.61–87). Oslo: Cappelen Damm Akademisk.
Michaelsen, A.S. (2015). Det digitale klasserommet: Utnytt mulighetene. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.Utdanningsdirektoratet. (2015). Fire prinsipper for god underveisvurdering. Henta frå https://www.udir.no/laring-og-trivsel/vurdering/om-vurdering/underveisvurdering/











