Nye Sp-folk i kommunestyret

Eg vil på vegner av Hjelmeland Senterparti takka veljarane for alle røystene i kommunestyrevalet 2011.   Senterpartiet fekk flest røyster (25,7 prosent), men mista likevel ordføraren etter at H, KrF og Frp gjekk inn i ein valallianse. Me gratulerer Trine Danielsen (H) som ny ordførar, og må samstundes førebu oss til å vera eit opposisjonsparti i den komande valperioden. Vidare vil me takka Bjørn Laugaland for jobben han har gjort som ordførar dei siste fire åra, og Arne Kleppa som har vore gruppeleiar for kommunestyregruppa vår. Takk også til kommunestyrerepresentantane Ingvild Fjeldheim Egeland, Sigbjørn Schmidt, Per Mæhle, Gunnvor Eggebø Næss og Olav Hetland.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Scroll to Top