Ungdommane er framtida vår. Senterpartiet ser framover, og me er ikkje i tvil om at ungdommane trengst i Hjelmeland.
I alt for mange år har mange av ungdommane flytta ut for å ta utdanninga si og aldri kome tilbake til heimbygda. Me i Senterpartiet vil at alle som har vokse opp i Hjelmeland skal ha fått med seg så gode minne at dei ynskjer å bli buande her, men vel så viktig er det å leggja til rette for at unge barnefamiliar flyttar til Hjelmeland og blir ein del av samfunnet vårt.
Men kva er det som trengs for å få ungdommane tilbake? Først og fremst er det viktig å leggja til rette for attraktive bustadtomter, varierte arbeidsplassar og spanande fritidstilbod, men minst like viktig er det at resten av det kommunale tenestetilbodet, som til dømes barnehageplassar, er på plass.
Senterpartiet vil til dømes leggja til rette for bustadbygging i heile kommunen og realisera eit nytt sentralidrettsanlegg på Røgjelstad. Dessutan vil me arbeida for å styrkja det frivillige organisasjonsarbeidet og prioritera kulturtilbod særskilt retta mot ungdom.
Dagens ungdommar har meiningar om mykje, det har eg sjølv høyrt, men for at ungdommane skal engasjera seg må dei politiske partia visa at dei tek ungdommane på alvor. Det har dei siste åra vore ei open line mellom ordføraren og ungdomsrådet, noko me tykkjer bør halda fram.
Senterpartiet vil lytta til ungdommane, slik at ungdommane opplever at dei får reell påverknadskraft i sakene dei meiner noko om. For det er viktig at ungdommane engasjerer seg, uansett alder. Ungdommane kan til dømes engasjera seg i ungdomsrådet eller sjølv ta kontakt med lokalpolitikarane for å leggja fram meiningane sine.
Ungdommane er avgjerande for morgondagens Hjelmeland. Senterpartiet snakkar ikkje berre om å ta ungdom på alvor, me vil gjera det også. Me kallar det ei investering i framtida!