Samhald og framtidshåp

22. juli 2011 er dagen me aldri kjem til å gløyma. Dei tragiske terroråtaka denne sommardagen for snart ei veke sidan kjem til å endra Noreg for alltid, forhåpentlegvis i positiv retning.

Anders Behring Breivik sine sjokkerande, blodige og feige åtak har teke livet av minst 76 uskuldige og forsvarslause menneske, mange av dei engasjerte og politisk interesserte ungdommar som hadde ein draum om å bidra til å skapa ei betre verd.

Tankane våre går først og fremst til dei som har mista ein av sine næraste.

I tida framover er det viktig at me står saman i sorga.

Samstundes er det viktigare enn nokon gong å verna om sentrale verdiar i det norske samfunnet. Me må ikkje la hendingar som dette truga og øydeleggja kjerneverdiar som demokrati, openheit, toleranse og nestekjærleik. 

Breiavatnet i Stavanger blei spontant ein plass for å leggja ned blomster til minne om offera for terroren 22. juli. (Foto: Morten Hetland)

Ein verdig måte å heidra minnet etter terroroffera på, er å ta oppmodingane frå både statsminister Jens Stoltenberg og andre til følgje: I staden for å la oss skremma til vonde endringar i samfunnet, bør me alle saman svara med meir toleranse, nestekjærleik, demokrati og openheit.

Dette fekk me verkeleg vera vitne til sist måndag, kvelden då Noreg ein gong for alle markerte at terror ikkje fører fram. Berre tre dagar etter at bomba small i Regjeringskvartalet og kulene hagla på utøya, var folket samla i gatene for å minnast og heidra dei som brått vart rivne bort.

Berre i Stavanger skal det ha møtt fram om lag 75.000 medmenneske på denne viktige markeringa. Stemninga var prega av alvor, men like fullt fri for angst og redsle. Terror og frykt måtte vika plass for samhald og framtidshåp.

Folkehavet i Stavanger, 25. juli 2011. (Foto: Morten Hetland)

I løpet av dei siste dagane har me vist at me står samla, ikkje berre som ein nasjon, men også som ein del av eit globalt samfunn. På tvers av landegrenser, religionar, kulturar og etniskegrupper skal me stå sterkare saman, og med dette visa at Anders Behring Breivik har oppnådd det stikk motsette av alt han og manifestet hans står for.

Me kan verken regulera eller kontrollera oss vekk frå faren for valdeleg ekstremisme og terrorisme. Sjølv om det til tider kan vera krevjande, må me tåla å leva med risiko. Me har valt dette som ein del av det å vera menneske i eit fritt samfunn.

Kvardagen vår må no gjennomsyrast av fred, toleranse, nestekjærleik, openheit og demokrati.

Vondskapen kan drepa, men aldri sigra over eit heilt folk!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Scroll to Top