Om lag tretten år har gått sidan Olav Bjelland i psykotisk tilstand sjokkerte heimbygda si med sin fryktelege ugjerning. Etter lang tids opphald på ein institusjon vender han, som vaksen mann, tilbake til samfunnet. "På line over livet" er Vegard Terøy sin andre roman om Olav Bjelland.
«På line over livet» er den andre og siste delen av historia om Olav Bjelland og hans kamp for å halda hovudet over vatnet. Om mogleg er denne boka fylt med endå fleire misantropiske ytringar frå det forvirra sinnet til Olav, men sjølvsagt også spekka med lettbeint humor og hobbyfilosofering i kjent Vegard Terøy-stil.
Olav slit framleis med å finna sin plass i verda, og til å hjelpa seg får han den rutinerte psykologen Øystein Amundsen.
Doktor Amundsen er anerkjend som ein av dei store ekspertane innan humanistisk psykologi, men han manglar framleis ei storbragd for å bli skriven inn i historiebøkene. Så dukkar det plutseleg opp ein svært uvanleg pasient på klientlista hans, drapsdømde Olav Bjelland. Med håp om å hjelpa Olav sitt innfløkte sinn, viklar Amundsen seg inn i eit spesielt pasientforhold som får konsekvensar for både privatlivet og karrieren hans.
Forfattaren av boka, Vegard Terøy, er oppvaksen i Hetlandsbygda utanfor Fister i Hjelmeland kommune. Han har ei fortid som frilansjournalist i Bygdaposten og Strandbuen, og har mellom anna studert sosiologi og historie ved Universitetet i Stavanger og kommunikasjon ved Universitetet i Agder. Hausten 2010 debuterte han som skjønnlitterær forfattar med romanen «Å velta ei ku».
Vegard har med denne boka fått gjeve ut to bøker i løpet av ti månader. Han takkar fantasien og skrivekløa for at dette i det heile teke har vore mogleg.
– Det er vel eigentleg berre å setja i gang med skrivinga, så kjem det meste av seg sjølv. Karakterane i boka styrer for det meste handlinga framover på eiga hand, seier Vegard.
Inspirasjonen finn han i den norske naturen, i fagkunnskapane frå utdanninga si og i små og store hendingar i kvardagen.
– Ingen kjem til å kjenna seg igjen i boka, men eg kan ikkje utelukka at eg kan ha tjuvlånt eitt og anna velformulert sitat, held Vegard fram.
– Kva er bakgrunnen for den livlige og litt skrudde fantasien din?
– Eg skreiv boka medan eg studerte psykologi, så det vil nok vera noko innslag derifrå, men det er absolutt ikkje ei lærebok i psykologi. Dessutan er eg også generelt interessert i originalar og galningar, legg han til.
Nødvendige cookies held dei viktigaste funksjonane i gang – som sikre innloggingar 🔒 og at du kan justera samtykkevala dine. Eg brukar berre desse for å få sida til å fungera, og dei lagrar ikkje persondata.
None
Funksjonelle cookies hjelper til med ting som å dela innhald på sosiale medium, samla inn tilbakemeldingar og bruka verktøy frå tredjepartar. 💬 Dei er ikkje avgjerande for at sida skal fungera, men dei gjer sida litt smartare og meir sosial.
None
Analytiske cookies følgjer med på korleis besøkjande brukar sida, og gjev meg innsikt i tal som kor mange som er innom, kor lenge dei blir, og kor trafikken kjem frå. 📊 Desse hjelper meg å forstå kva som fungerer og kva som kan bli betre.
None
Annonse-cookies gjer at du får sjå reklame som faktisk har noko med deg å gjera. 🎯 Dei byggjer på tidlegare besøk og interesser, og hjelper meg å finna ut kor godt annonsane fungerer. Du slepp altså dei heilt tilfeldige reklameplakatane, med mindre du vel å skru av annonse-cookies.
None
Unclassified cookies are cookies that we are in the process of classifying, together with the providers of individual cookies.