Herskinga si vonde makt

Dei som følgjer med på realityprogram og talentkonkurransar som forureinar TV-skjermane kvar einaste kveld, har kanskje lagt merke til korleis ein kan hersa med andre menneske.

Dommarane i talent(?)konkurransen Idol har i alle fall skjøna dette. Mange håpefulle ungdommar har fått draumane sine knuste av dommarpanelet. Men korleis skjer det? Korleis kan fire personar øydeleggja den største draumen til éin enkelt?

Eit engelsk ordtak seier at «the pen is mightier than the sword», og me kjenner det att i det norske «pennen er makt». For å herska må ein altså kunna meistra språk – og det er Idol-dommarane rågode på. Alt handlar om makta i hersketeknikkane.

Hersking blir ofte sett i samanheng med makt. Makt er evna til å nå eigne mål, sjølv om andre verken vil eller er interesserte i dei. Det finst mange ulike herskemetodar – nokre meir omstridde enn andre. Den mest effektive er kanskje å seia til ein mann at han ikkje har ballar, eller til ei kvinne at ho har fleire ballar enn mannen sin. Eit klassisk døme på ei omstridd, men særs effektiv hersketeknikk. Folk tenkjer gjerne på det du finn i scrotum – sjølv om det eigentleg handlar om tennisballar – og det er nett det som gjer teknikken så verknadsfull.

«Effektivitet er ein dyd», heiter det. Likevel sver mange til mindre effektive metodar. Den vanlegaste herskemetoden er latterleggjeving. Ei mild form for undertrykking – og mottakaren blir plassert på nivå med samar. Ein kvar nordmann vil for alt i verda unngå å hamna der. Når ein nordmann blir samanlikna med samane, risikerer han at norsk blir forbode i skulen i eit par hundre år. Og når ein ikkje forstår noko på skulen, lærer ein heller ikkje noko. Då står me i fare for å få ein heil generasjon minstepensjonistar med store sosiale og psykiske problem.

Store sosiale, psykologiske og økonomiske gevinstar er noko av det kjendisskap fører med seg. Til og med i vesle Noreg klarte ein røyrleggjar frå Bergen (med altfor stor glipe mellom fortennene) å bli superstjerne. Nokre år etter suksessen har han skjøna kva som er pensum på «lykkeskulen»: Se og Hør. Då han byrja planlegginga av den gigantiske gitarhytta si, stilte ukebladet sjølvsagt opp. Uka etter stod hytteteikningane – som likna meir eit gigantisk strengeinstrument – på fire heile sider. Ikkje rart at ungar drøymer om å bli kjende når dei blir store. I dagens samfunn står døra til berømmelse mykje meir open enn før – og då er det kanskje ikkje så rart at nokon får lyst til å sabotera andre sine draumar.

Ein romersk keisar sleit i si tid med å halda folket roleg. Då fann han på det geniale: «Brød og berømmelse til folket». Så lenge folk drøymde om brød og berømmelse, kunne keisaren halda på makta. Se og Hør er på mange måtar Noregs svar på denne keisaren – dei får folk til å drøyma om berømmelse (brød har me jo nok av). Håvard Melnæs gav i fjor ut boka En helt usedvanlig dag på jobben, der han skildrar reglane Se og Hør styrer etter – men som dei bryt når det passar dei. Nok eit klassisk døme på hersketeknikk.

Ein kan bli heilt tullete av å høyra debattane rundt Se og Hør, Idol, Farmen og andre moderne fenomen. Då er det godt me har ein kviledag i veka (sundag) der me kan slappa av. I eitt av dei ti boda står det at kviledagen skal haldast heilag – eit frynsegode dei fleste nordmenn nyttar seg av. Men det finst unntak: dei som jobbar på bensinstasjon, og naboen som støyterroriserer med plenklipping på sundagar.

Hadde du starta plenklipparen på ein sundag i 1746, ville det blitt sett på som eit lovbrot. Før i tida tente kyrkja godt på dette – og det var kyrkja som sat med makta. Straffa kom ofte i form av bøter til kyrkja, og slik vart kyrkja ei av dei største maktinstitusjonane i norgeshistoria. Den einaste som kunne måla seg med kyrkja som maktapparat, var Erik Blodøks – som drap tre av brørne sine for å få makta.

Kyrkja var ekspert på generalisering, vanskeleg språk (latin) og informasjonskontroll. Dei sette folk i bås, flytta buskapen inn i stova, og når presten skulle halda skremmepreiker, snakka han latin. Det som skulle verka avskrekkande, vart desto meir skremmande når ein ikkje forstod eit kvekk.

Informasjonen kyrkja heldt tilbake, kunne handla om alt frå når Svartedauden skulle koma til når kolonialhandlar Larsson fekk inn ny forsyning med kaffi. Sistnemnde var spesielt viktig for kvinnene – for når mannen fekk nok kaffi i seg, var han vaken nok til å skilja mellom kona og ein ulydig hest.

Som kjent var ikkje kvinner mykje verdt i mellomalderen. Dei var til for å tilfredsstilla mannen og føra slekta vidare. Men dei hadde sine strategiar for å få makt og innverknad – gjennom arv, gåver, arbeid, kunnskap, reproduksjon og personlege relasjonar. Resultatet var ofte hardtarbeidande kvinner som både tilfredsstilte menn og reproduserte seg. Faren ordna økonomien for husbonden hennar, og forholda kunne bli så personlege at kvinnene viste kjensler menn ikkje forstod seg på.

Ut frå dette kan ein seia at kvinnene ikkje har utvikla seg stort sidan mellomalderen. Dei prøver så godt dei kan, men vinn aldri krigen – berre nokre slag. Det er framleis store avstandar mellom kjønna, og det er eit under at menneskeslekta har overlevd så lenge. Likevel seier dei eldre: «Det var betre før». Eg tenkjer ofte på heldige Adam, som slepp å høyra om alle menn Eva kunne ha gift seg med. Når ei kone nemner kven ho kunne ha valt, får mannen skuldkjensle. Ho har vunne slaget – og mannen er nok ein gong råka av herskingas vonde makt. Er det ikkje likestilling i samfunnet lenger?

Eg vil illustrera språkets makt med eit døme: Dersom ei kvinne treng hjelp til husarbeid, kallar ho det ei teneste. Men dersom mannen treng hjelp til noko ho ikkje likar, er han plutseleg dominerande.

Husarbeid har tradisjonelt vore kvinnesyssel – og det vil ingen mann riva ned. Men viss han bruker intuisjonen sin, skjønar han kanskje at ho treng hjelp. Så han spør: «Skal eg hjelpa deg?» Og ho svarar: «Nei, eg klarar det sjølv», med ein sur og spydig tone. Ho har brukt ein genial hersketeknikk: dobbel straff. Det er feil viss han hjelper – og feil viss han let vera. Mannen står i eit skikkeleg dilemma: Hjelper han, respekterer han ikkje valet hennar. Let han vera, er han lat.

Dette er to sider av same sak – men me får heilt ulike perspektiv, alt etter korleis me ser det… Er du forvirra no? Slapp av. Eg prøver berre å visa korleis ein kan herska ved hjelp av vanskeleg språk – hersketeknikk nummer 11. Eg reknar altså med at du er for dum til å forstå noko, og då snakkar me om diskriminering.

Diskriminering er usakleg forskjellsbehandling. Det skjer når nokon blir behandla dårlegare enn andre på grunn av rase, kjønn, tru, hudfarge, legning, etnisk bakgrunn, levevis eller politisk syn. Sanninga er: det spelar inga rolle om ein person har lys eller mørk hud, brune eller blå auge, trur på Jesus, Allah eller naturen, eller et kjøttkaker, poteter eller steikt ris. Difor har me fått eit eige ombod for dei som føler seg diskriminerte: Likestillings- og diskrimineringsombodet. Dei skal vurdera om noko bryt lova.

Personleg vurderer eg å melda staten Noreg. Kvifor? Fordi menn blir diskriminert gjennom verneplikta. Alle menn er plikta til teneste – berre fordi dei har meir testosteron. Er det fordi forsvaret reknar med at menn er meir valdlege? Nokre kvinner har så høgt testosteronnivå at dei burde vore innkalla til eviglang teneste for folk og fedreland.

Eg var inne på samane. I ein rapport frå Norut NIBR Finnmark oppgir mange samar at dei føler seg diskriminerte både sosialt og strukturelt. Men: samar i byar eller område med få samar føler seg mindre diskriminerte enn dei som bur i samiske kjerneområde. Tolkinga? Samar diskriminerer kvarandre. Skjellsord som «din same» og «din reinsdyroppdrettar» er ikkje uvanlege. Kranglinga sluttar ikkje før Gud hentar ein av dei med lasso.

Men det er ikkje berre samar som herskar med kvarandre. Menn undertrykkjer òg menn: Dei har liten påverknad på eige liv, tener dårleg, har låg status, dør tidleg, tek ofte livet sitt, og er overrepresenterte i kriminalstatistikken. Menn føler seg undertrykte – men det er i stor grad andre menn som står bak.

Kvinner sine hersketeknikkar handlar ofte om latterleggjeving, undertrykking og ydmyking. På restaurant er det mannen som må betala – elles er han gjerrig. Han må halda døra, bera veska, og venta tålmodig medan ho «pudrar nasen» – alle veit ho skal på do. Om maten er dårleg, er det han som må klaga – og då framstår han som ein idiot. Og når kvelden er over, kan ho gjerne foreslå å bli med heim til han – men viss han foreslår det, er han ein kåting som ikkje respekterer ho.

Men om me berre gir det tid, kan alt skje. Før var det kyrkja som herska over folket, no er det eg som herskar over deg. Me har alle eit behov for å herska. Me elskar å setja folk i bås, visa at me er betre enn andre – og få det bekrefta. Hersketeknikkar er ein del av oss – og dei kjem me aldri unna.

Kjelder

Om diskriminering på www.ung.no og no.wikipedia.org

Om diskriminering av samer på www.forskning.no

Kommentar til Runar Døvings artikkel «Mannskamp for likestilling» på www.aftenposten.no

Tekster fra ressursheftet: «Mannskamp for likestilling», «Slik hersker Idol-dommerne», «Dei vanlegaste herketeknikkane», «Sørsamisk – ein minoritet i minoriteten» og «Hvorfor ydmyker de?».

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Scroll to Top