Ut i frå måten me lever på kan dagens Noreg kan kallas eit kristent land. Både etikk, moral, livsløp og tidsrekning er sterkt prega av kristendommen.
Etikken og moralen er stort sett basert på dei ti bod i tillegg til det dobbelte kjærleiksbodet og den gylne regel. Med livsløp meiner eg livet frå vogge til grav. Her er dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd dei viktigaste vendepunkta i livet.
Dei aller fleste «etnisk norske» vert både døypte og konfirmerte. Etter kvart finn ein truleg også nokon ein vil dele resten av livet med. Som oftast byrjar dette med sambuarskap, men ein stor del av befolkninga vel også å gifta seg. Bryllaupet er ein tradisjon som det er fint å få med seg. Venner og familie er i fellesskap og deltar i seremonien som skal gjere «to til eitt».
I Noreg, og også den vestlege verda, er tidsrekning basert på kor lenge det er sidan Kristi fødsel. Med andre ord: I år 2007 er det 2007 år sidan Jesus vart fødd. Vekedagane er også baserte på bibelen. Me arbeidar seks dagar (ofte fem), og kviler den sjuande. Dette er ein tradisjon som skriv seg frå skapingssoga, der Gud skapte Jorda på seks dagar og kvilte den sjuande. I eit av dei ti boda vert ein også pålagd å halde kviledagen heilag, noko som dei aller fleste nordmenn nyttar seg av. Unntaket er jo sjølvsagt dei som arbeidar på bensinstasjonar og kioskar, eller dei som av ein eller annan grunn finn på å klyppe plenen på sundagen.
Likevel respekterer ein no at naboen klypp plenen på sundagar og at bensinstasjonar er opne 24/7. Denne toleransen for andre skuldas at Noreg er blitt eit sekularisert samfunn. Frå gammalt av hadde kyrkja stor innflytelse og politisk makt. Makta og innflytelsen har gradvis vorte redusert, og i dag er kristendommen stort sett konsentrert rundt privatlivet. Ein kan altså gjere stort sett det ein vil, berre ein lever etter dei norske lovane.
Lovbrot i gamle dagar førte til at kyrkja fekk store inntekter. I dag er det derimot samfunnet og staten som får inntekter frå bøter og liknande som følgje av lovbrot. Straffa i gamle dagar vart ofte utgjort som bøter til kyrkja. Slik vart kyrkja gradvis ein av dei store jordeigarane i landet, i tillegg til bønder og staten.
Eit utrekning syner at i høgmellomalderen åtte kyrkja ein tredel av all jord i Hjelmeland kommune og litt over halvparten av jorda i Årdal kommune. Kring 1300 reknar dei fleste historikarar med at kyrkja åtte kring 40 % av all jorda i heile Rogaland.
Pleietrengande i mellomalderen kunne ikkje velje å flytta inn på ein statleg institusjon som tok seg av dei. Likevel var det eit alternativ for dei som hadde pengar. Kyrkjelege institusjonar kunne nemleg fungera som «gamleheimar». Velståande folk kunne få opphald i eit kloster, i bispegarden eller hjå domkapitlet i Stavanger på sine gamle dagar, mot at dei gav noko av formuen sin til klosteret. Då var det jordegods som var mest aktuelt å gje. Slik skaffa kyrkja seg rikdom og makt.
På grunn av all makta i kyrkja kunne også eigedommane auka gjennom gåver frå konge og stormenn, ofte ut frå politiske motiv. Som tidlegare nemnd kunne også kyrkja skaffa seg gods ved kjøp, som erstatning for bøter og tiande som ikkje vart betalt, eller ved at folk pantsette gardane sine og ikkje makta å løysa dei inn att.
Dersom me jamfører «gamle» Noreg med dagens islam, finn ein mange likskapar. I den islamske lova (sharia) spelar familielova ei sentral rolle. Denne lova regulerer blant anna inngåing av ekteskap, skilsmisse, barnefordeling og arveoppgjer. I dag vert kring 40-50 land styrte med den islamske lova som lovgrunnlag, og vert difor sett på som islamske statar. Dei islamske statane vert regelrett styrt etter sharia. Dette medfører at til dømes rettsvesen, økonomi og statens forhold til minoritetar har sitt lovgrunnlag i sharia. Moskeane fungerer i dag som offentleg møtestad, undervisningslokale og bønnehus for muslimar, til liks med den norske kyrkja i dag.
I den muslimske trua er menneska sitt problem at dei treng innsikt i Guds vilje og lov. Løysinga på problemet er å leve rett etter lova, og i tillegg leggje alt i Guds hender. Her skil kristendommen seg litt ut: Problemet i kristendommen er arvesynda og at mennesket er syndig. Løysinga i denne religionen er ikkje nødvendigvis å leve etter lova og å stole på Gud, men at kvar og ein må tru for å verte frelsa. Her ser me at kvar enkelt menneske har høve til å velje om ein ønskjer å tru på Gud. Me har med andre ord fri vilje. Dette er også felles med islam, men der fokuserer ein også på at Gud er så allmektig at han har bestemt livet til kvar enkelt på førehand (skjebnetrua).
Landet vårt har gradvis gått over til å ha ein postmoderne kultur. Me har med andre ord strekt oss lenger enn det som er moderne. Me kan fritt velje i religionar og livssyn, i tillegg til å lage våre eigne. Likevel held dei fleste fram med dei gamle tradisjonane som dåp, konfirmasjon, giftemål og gravferd. Dersom tradisjonane ikkje vert praktisert på ein kristen måte er det heller inga krise. Tidlegare var det til dømes mykje vanskelegare å få arbeid, dersom ein ikkje var døypt og konfirmert. På den måten har kyrkja gått frå å vere maktapparat, til å kople saman menneske og å bevare flotte tradisjonar.