Draumen om «Noreg» og nynorsk

Etter at me fekk grunnloven i 1814, vaks det fram ei sterk nasjonalkjensle og patriotisme. Folk vart opptekne av den norske kulturen, og dei hadde eit brennande ønske om å verte ein sjølvstendig nasjon.

Ønska om å skapa eller finna fram noko som var typisk norsk, var større enn nokon gong. Men kva følgjer fekk denne sterke nasjonalkjensla?

På 1800-talet prøvde fleire personar å skapa eit felles norsk skriftspråk. Målet om å distansera seg frå Danmark var eit viktig argument: Ved å kvitta seg med det danske skriftspråket, kunne ein kvitta seg med den danske tradisjonen. Målreisinga var tanken om at Noreg skulle få eit eige skriftspråk, som ikkje var dansk. Dette skjedde av nasjonale, sosiale, demokratiske, kulturelle og pedagogiske orsakar.

Ivar Aasen og Knud Knudsen var dei mest sentrale personane i målreisinga. Aasen og Knudsen vert reknar som leiarar for kvar si skriftmålsretning, og dei hadde ulike meiningar om korleis ein skulle oppnå eit nytt skriftspråk. Ivar Aasen gjekk i gong med eit omfattande innsamlingsprosjekt, der han ønska å registrere mangfaldet av dialektane i bygde-Noreg. Knud Knudsen valte å følgja Henrik Wergeland, i si fornorsking av det danske skriftspråket.

Begge partar var klar over at det nye språket burde byggja på dei mest utbreidde ord og former i dei norske dialektane. Dette førte til eit ønske om eit utstrakt innsamlingsarbeid. Ivar Aasen var rett mann til jobben, og han arbeida konsekvent etter hovudmålet sitt. I 1836 skreiv Aasen ned ein plan om å skapa «et almindeligt og ægte norsk Skriftsprog», og om å laga eit nytt norsk skriftspråk basert på fellestrekka mellom samlege norske dialektar. Dersom det mangla samsvar mellom dialektane, skulle gamalnorsk og norrønt  avgjere dei nye formene.

Aasen mottok eit offentleg granskingsstipend og vitja i perioden 1842-1846 dei fleste bygdekommunane i heile landet. Han studerte dialektane, særskilt på Vestlandet og dei indre bygdene på Austlandet, sidan desse dialektane var minst påverka av dansk. Aasen jamførte både grammatikk og ordtilfang i dialektane i undersøkingane sine. Han gjekk feilaktig ut frå at talemålet i dei større byane var sterkt påverka av dansk. Av den grunn unngjekk han desse byane, noko som førte til at dei norske bydialektane er lite representert i det innsamla materialet. På den måten var Aasen med på å skapa eit språk som verka framandt for dei fleste byfolk. Aasen ønska å satsa på den språklege kulturarva som låg i dialektane, og i løpet av innsamlingsperioden opparbeida Aasen seg djuptgåande og omfattande kjennskap til norsk folkemål og folkekultur.

Det første ferdige resultatet av innsamlingsarbeidet til Aasen var Det norske Folkesprogs Grammatikk som kom ut i 1848. Der samanlikna han grammatikken i dei forskjellige talemåla han hadde granska. To år seinare gav han ut Ordbog over det norske Folkesprog, og han fekk deretter stipend til å vidare gransking. Men det var først i 1853 at Aasen lanserte Prøver af Landsmaalet i Norge, ei bok der han hadde samla tekstar skrivne på ulike dialektar. Med dette skriftet fekk Aasen også synt kva normalformer han hadde tenkt seg. Han hadde nemleg føydd til nokre tekstar på ei føreslegen fellesform av dialektane.

Ein kan slå fast at grunnlaget for det nye skriftspråket vart lagt med Prøver af Landsmaalet i Norge. I åra som følgde gav han ut ei større grammatisk samling og ei omfattande ordbok, høvesvis Norsk Grammatik i 1864 og Norsk Ordbog i 1873. Aasen skreiv både dikt og skodespel på landsmål. På den måten bygde han opp sitt eige skriftspråk til å verte fullgodt som nasjonalt skriftspråk, noko han fekk igjen for seinare.

Aasen såg også den litterære tråden i folkediktinga som knyta det gamle og det nye Noreg saman. Han samla saman og gav ut mangfaldege eventyr og segner, og ei stor samling Norske Ordsprog. Med bakgrunn i ønsket om å fornorska namneskikkane, samla han saman både manns- og kvinnenamn i Norsk Navnebog. Såleis er arbeidet til Aasen ikkje berre knytt til skriftspråket, men også til den kulturelle folkearva i Noreg. Likevel er landsmålet Aasens viktigaste arbeid.

Allereie frå slutten av 1850-åra byrja andre å skrive på landsmål. Aasmund Olavsson Vinje var redaktør i avisa «Dølen», det første tidsskriftet som vart redigert på landsmål. Seinare var Arne Garborg redaktør i avisa «Fedraheimen». Sjølv om Garborg var ein ekte landsmålsmann, meinte han at landsmålet framleis var for lite basert på talemålet.

Kring slutten av 1860-åra vart det også undervist i landsmål på folkehøgskule, og i 1878 kom talemålsparagrafen. Den sa at dialektane skulle setje grunnlaget for undervisinga i skulen. (Tidlegare var heile skulesystemet på dansk). Talemålsparagrafen gjorde det enklare for norske elevar å læra det dei skulle på skulen, i og med at undervisinga var på deira eigen dialekt. Dette var truleg den første og viktigaste politiske framgongen til landsmålet.

Venstre vann stortingsvalet i 1884, ein avgjerande politisk siger. Som landsmålsforkjemparar tok dei opp debatten om jamstilling mellom dei to skriftspråka, og kyrkjekomiteen oppfordra regjeringa til «at træffe fornøden Forføining til at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Boksprog». Jamstillingsvedtaket vart gjort gjeldande 12. mai 1885, med 73 mot 31 røyster. Med dette vedtaket vart landsmålet offisielt jamstilt med dansk.

Målparagrafen i 1892 førte til at skriftspråka vart likestilt i praksis. Det vart godkjent å nytta landsmål som undervisingsspråk i folkeskulen. Målparagrafen seier at «Undervisningen skal foregaa i det norske Sprog. Skolestyret bestemmer, om Skolens Lese- og Lærebøger skal være affattede paa Landsmaal eller i det almindelige Bogmaal, og i hvilket of disse Maal Elevernes skriftlige Arbeider i Almindelighed skal affattes. Dog skal Eleverne lære at læse begge Maal.» Fleire skulestyre gjekk over til landsmål – sidan dette likna meir på dialektane – og det vart av den grunn igjen enklare for elevane. No kunne elevane både få undervising på sin eigen dialekt, og dei kunne skriva eit språk som likna sin eigen dialekt.

Frå 1890 til 1930 vart landsmålet utvida som skulespråk og allment bruksspråk i fleire landsdelar, men berre på landsbygda. Unionsoppløysinga gav arbeidet for landsmålet ein skikkeleg puff framover. Alt som kunne styrka nasjonalkjensla vart heva fram. På grunn av jakta på det norske, skulemålsparagrafen og det faktum at landsmål var nærast dialektane, fekk landsmålet ein massiv framgong.

Ivar Aasens arbeid var både omtykt og omstridt, og det fekk fleire følgjer. Som tidlegare nemnt laga Ivar Aasen landsmålet på grunnlag av dialektar og norrønt. På den måten fekk også dei som ønska det høve til å skriva eit skriftspråk som likna dialekta si. Med nynorsken bidrog Ivar Aasen til å heva statusen til dialektane.

I 1912 vart Det Norske Teatret skipa, og ein fekk sjå teaterstykke på landsmål. 17 år seinare vedtok Stortinget at det nye namnet på landsmål skulle vere nynorsk. NRK sidestilte bokmål og nynorsk i 1933, og vêrmeldinga for Vestlandet vart halden på nynorska. Dette er berre nokre få av dei stega ein har gått for å integrera nynorsken i norsk kultur og kvardag. Andre statsåtte firma – som Postverket og Noregs Bank – har gradvis gått over til å trykka Noreg på enkelte frimerke, myntar og setlar.

I dag nyttar kring 10-15 % av alle nordmenn nynorsk som skriftspråk. Mesteparten av brukarane er konsentrert på og kring Vestlandet. Nynorsk står sterkt innanfor primærnæringane, litteraturen og humanistiske fag, og den har ei rimeleg sterk stilling i offentleg forvaltning, radio, fjernsyn og anna presse (særskild på Vestlandet). Nynorsken vert også mykje nytta lokalt næringsliv, kyrkja og skulen. I økonomi, teknologi og populærkultur står nynorsken veikast.

Likevel er det fleire artistar som nyttar seg av nynorskprega dialektar når dei syng. Dette gjeld til dømes Odd Nordstoga frå Vinje i Telemark og Hellbillies frå Ål i Hallingdal. Hellbillies har også fått tildelt målprisen av Noregs Mållag for å nytta dialekt (prega av nynorsk) i songane sine. Den auka statusen til dialektane har ført til at nynorsk står sentralt i media. I motsetnad til i dei britiske fjernsynskanalane kan ein i Noreg nytta dialekta si i både radio og fjernsyn. Dei fleste vel å nytta dialekta si, eller ei nynorskform av dialekta si. Fleire komikarar (som til dømes Harald Eia) spelar på dialektar eller nynorsk i humorinnslaga sine, noko som kan bidra til å gjere dialektane mindre «framande».

Aasen har på mange måtar vore med på å løfta dialektane opp i dagen. Arbeidet hans danna grunnlag for å nytta dialekt og landsmål – høvesvis som talemål og skriftspråk – i den norske skulen seint på 1800-talet. Denne endringa har vore med på å gjere skulekvardagen enklare for skuleborn i alle aldrar. Aasen såg (saman med andre) at Noreg trengte eit nytt skriftspråk. Dansken var verken tradisjonell eller ein del av den norske kulturen.

Etter kvart som undervisinga vart enklare, vart det også fleire lesekyndige i landet vårt. Fleire og fleire byrja å lese, og Noreg utvikla seg til å verte eit opplyst samfunn. Aviser og bøker vart omsett som aldri før, og det vart enklare for Ola og Kari Nordmann å skriva søknadar og liknande. Det norske folk vart eit språkkyndig folk, som beherska både lesing og skriving.

Ivar Aasen vidareførte språktradisjonar med sterke røter til det nye norske skriftspråket. Han greidde å gjennomføre ei klar distansering til Danmark, som Noreg hadde vore i union med i over 400 år. Landet hadde fått eigen grunnlov og eit eige skriftspråk, noko som bøta på den nye unionen med Sverige. Nasjonalkjensla var sterkt veksande, og i 1905 var den så stor at me braut med over eit halvt millenium med union. Kanskje var det Aasen sitt landsmål som førte til unionsoppløysinga? Dette veit me nok ikkje sikkert, men me veit at nynorsken er eit språk som kling i øyrene på dei fleste. Nynorsken er typisk norsk. Og ein kvar nordmann, med respekt for seg sjølv, elskar det som er norsk.

Kjelder:

Eigne notat om Ivar Aasen, dialektar, språkhistorie, litteraturhistorie, målreisinga med meir.

Kart med oversyn over Ivar Aasens «dialektferd»

Artiklar frå Store norske leksikon

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Scroll to Top