Takk, Strandbuen!

Eg vil med dette takka Strandbuen for ein leksjon i korleis eg skal meina noko og te meg som folkevalt politikar. Strandbuen kjem på leiarplass i sist avis med skuldingar om at eg mellom anna er «respektlaus» og har «dårleg innsikt i det demokratiske prinsipp». Dette krev ei oppklaring.

Strandbuen har sjølvsagt rett til å forsvara «medias oppgåve å setja søkelys på forhold som er viktige for samfunnsutviklinga, anten det no går den eine eller andre vegen». Dette har eg full forståing for, og eg er tilhengjar av eit ope samfunn der dei som styrer skal tola kritisk journalistikk.

Som tidlegare journalist i den same avisa, kan eg stadfesta at Strandbuen faktisk er ei seriøs lokalavis. Problemet er berre når journalistikken er unyansert og ikkje går «den andre vegen». Strandbuen, som «alle» veit er Ryfast-motstandar, vonar at mine ytringar for Ryfast «var eit arbeidsuhell frå ein overivrig, ung og urøynd kommunepolitikar».

Jau, eg er kanskje ung og urøynd, men eg veit i alle fall kor eg har både meiningane og standpunkta mine.

Jau, eg er for Ryfast, sidan dette er det einaste fastlandssambandet mellom Ryfylke og Nord-Jæren som er utgreidd per i dag, og dermed det einaste fastlandssambandet som det er mogleg å realisera i næraste framtid. Historia viser nemleg at dei kolliderande meiningane innanfor Ryfylke allereie har vraka eitt alternativ til ferjefri fjordkryssing, og då ville det vore tragisk om historia skal koma til å gjenta seg.

Men: Nei, Strandbuen, eg vedgår ikkje sjølv «ei egoistisk haldning i spørsmålet om Ryfast» i innlegget mitt. Ein kan heller skulda meg for «kollektiv» egoisme, når eg snakkar både for meg sjølv og dei nær 70 prosent av trafikantane som vil få lenger reiseavstandar med Høgsfjord-alternativet.

Eg er så absolutt for demokrati utan atterhald, og må beklaga dersom setningane «Dersom det likevel skulle bli aktuelt med ei folkeavrøysting, burde det setjast ei øvre aldersgrense. Valet om Ryfast er nemleg eit val om kva samfunn me som dagens ungdommar skal få overta i framtida.» vart tolka heilt bokstavleg av nokon.

Alle skal sjølvsagt få seia det dei meiner. Eg prøvde berre å setja på spissen at dei som tek avgjerdene i dette landet ofte har noko meir livserfaring enn dei som skal overta samfunnet i framtida, og at dei som styrer sjeldan tenkjer lenger enn maksimalt tjue år fram i tid når dei tek avgjerdene sine.

Eg er sjølvsagt ikkje framand for å lytta til andre sine meiningar, anten det no gjeld Ryfast, fritidstilbod, barnehageplassar og så bortetter. Det hender faktisk støtt og stadig at eg har gode ordskifte med sambygdingar som har andre standpunkt enn meg, og eg meiner det er sunt å drøfta både det eine og det andre. Difor vil eg takka Karen Veland og Solveig Bouzane for saklege motinnlegg i sist utgåve av Strandbuen, og ynskja sambygdingar velkomne til å ta kontakt for å ytra meiningane sine til meg.

No er det slik at Ryfylke-kommunane allereie har sagt det dei meiner om Ryfast, så er eg kanskje like spent som Solveig Bouzane når dei folkevalte på Stortinget skal avgjera kva verdiar som tel tyngst.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Scroll to Top