Har «Den nye kapellanen» pedagogisk potensiale utover den tradisjonelle litteratur-undervisninga, eller passar den berre for underhaldninga sin del?
Eg vil i denne artikkelen analysera novella «Den nye kapellanen» med fokus på utseiing og forholdet mellom røystene i teksten. Deretter vil eg sjå på det pedagogiske potensialet i teksten.
Handlingsreferat
Dei tre hovudkarakterane i teksten er familien Vassenden, som består av ekteparet Jon og Marta, og sonen deira Vetle-Ola. Det er desse karakterane som driv handlinga framover gjennom handlingar og replikkar.
Familien Vassenden bur på ein avsidesliggjande fjellgard i øvste enden av eit lite vatn, ei halv mil frå fjorden. Dermed er det sjeldan folk kjem forbi garden, og dei få som ferdast i området har funne seg ein ny sti, for å sleppa å gå innom gardstunet til familien Vassenden.
Folket på Vassenden er nemleg svært nyfikne av natur, og dersom ein først er komen innom gardstunet deira, er det vondt å koma derifrå. Den nye stien har familien Vassenden tidlegare forsøkt å stengja av for dirigera ferdande om til tunet deira, men neimen om det hjelpte. Då ei brei og djup grøft skar seg tvers over den nye stien, ville ein framleis for ein kvar pris sleppa turen innom Vassenden.
Handlinga tek til ein sundag det ikkje var preik. Kvar av familiemedlemmene putlar med sitt. I stova var det ikkje vindauge med utsikt til den nye stien, så Vetle-Ola måtte setja seg ut på dørstokken for å sjå om det kom folk rekande.
Vetle-Ola ser at ein framandkar tuslar seg langsetter stien, og spring inn i huset for å fortelja dette til mora og faren. Jon blir så panisk at han kastar frå seg det han driv med, spring ut av huset og i forbifarten renn han på Vetle-Ola og trør på armen hans med treskoen. Jon må ut for ein kvar pris, og gaular til kona at ho får sjå etter sonen, slik at han sjølv får sett kven denne framandkaren er. Vetle-Ola legg berre fram at det ikkje var vondt, og fortel mora at ho heller må ut å sjå etter. Ingen av dei finn ut kven framandkaren er, og dei undrar seg svært på dette.
Dagen etter er Jon og Marta høgt oppe i ei ur og arbeider med å hogga tre, skava bork og laga kjervar. Brått kvekk Marta til og oppdagar framandkaren frå gårsdagen. Ho varslar Jon, og dei blir ståande å drøfta kven dette kan vera. Jon spring ned på ytste kanten og legg seg ned på magen utover kanten. Dei byrjar å ropa etter mannen for å høyra om han leitar etter vegen, eller om han leitar etter kyr. Jon ramlar utanfor stupet, men Marta spring vidare for å prøva å nå att mannen som slapp for lett frå det dagen før. Då ho ikkje rekk det, kjem ho tilbake til sin døyande mann i ura nede ved vatnet. Det første Jon spør etter er om Marta såg mannen, og han undrar om det kan ha vore den nye kapellanen, før han trekk sitt siste andedrag og lukkar augnelokka.
I gravferda til mannen blir Marta merksam på ein framandkar som går saman med presten, og finn ut at dette må vera mannen dei har kikka etter frå heimen på Vassenden. Ho høyrer med klokkaren om han veit kven framankaren er, men han ter seg slik ein bør gjera i ei gravferd. Ho tek igjen ein annan sambygding, og spør om framandkaren kan vera den nye kapellanen som er komen til bygda. Per, som sambygdingen heiter, svarer jau og går vidare. Først når Marta og Vetle-Ola får vita dette, slår dei seg til ro.
Relasjonar og utseiingar mellom karakterane
I dette «Den nye kapellanen» er det i hovudsak berre familien Vassenden som bidreg med dei direkte utseiingane. I tillegg har bygdemannen Per Haugjen ein einaste replikk (Jau-u). Dei andre karakterane i stykket, den nye kapellanen og klokkaren, bidreg berre med handling. I tillegg til handlinga og replikkane i stykket, er det ei autoral forteljarrøyst som skildrar miljøet og handlinga.
Alle karakterane i stykket snakkar breitt bygdemål, både til ein annan og når dei av full hals roper til framandkaren som går langsmed stien. Etter vanleg folkeskikk skulle familien ha presentert seg for vedkomande, og ikkje ropt for å finna ut kven han var og kva han skulle.
Gjennom handlinga og replikkane blir ein fort merksam på at Jon er det sjølvsagte familie-overhovudet. Når han renner på sonen og brekker armen hans, roper han berre til kona: ”Sjå te guten, du Marta!”. I samtalane med kona legg han heller ikkje stor vekt på kva svar han får. Han spør ” No? ... Onde stupet?”, men ventar ikkje på at Marta skal koma med noko svar, akkurat som om svara hennar ikkje er gode nok før han sjølv har sett det eller er samd med det. Når Jon legg seg så langt utover stuper at Marta kanskje mistenkjer at dette kan gå gale, roper ho: ” Eg når `an att nedpå Steinabrekkå!”. Som vanleg ignorerer Jon kva Marta seier, og er meir oppteken med å ropa til framandkaren: ”Her æ vai'æn!”.
Oppveksten hjå to svært påfallande nyfikne foreldre ser også ut til å ha påverka guten. Gjennom heile handlinga gjenspeglar Vetle-Ola det han har lært av mora og faren, og han ter seg som ein tredje vaksenperson på Vassenden. Ein liten gut skulle på denne tida ikkje vera frekk og freidig mot framandfolk, og han skulle respektera foreldra sine. Når Jon varskuar at Marta skal sjå etter sonen med brekt arm, gneldrar Vetle-Ola: ”Å, da gjor`kje ilt! Berre legg ut!”. Ikkje berre avviser han ynskjet til faren, men han kommanderer mora til å springa ut å sjå etter ho også. Då ho ikkje såg kven framandkaren var, kjem Vetle-Ola ut av huset og seier: ”Fekk du `kje sjå?”, mest som om han er skuffa over mora sin ”dårlege jobb”.
Det blir fortalt at denne familien var kjende blant andre for å vera svært nyfikne. Dermed veit alle forbipasserande, inklusive den nye kapellanen, at ein bør halda seg vekke frå familien og ikkje svara dei. Dermed ytrar dei andre karakterane i handlinga meiningane sine ved å handla framfor å snakka. Det at kapellanen nektar å svara dei, seier svært mykje i seg sjølv, både om kva haldning han har til nysgjerrigperar og kva han meiner om deira mangel på vanleg folkeskikk. Klokkaren avviser også Marta då ho er blitt enkje, og Per Haugjen er svært reservert før han endeleg svarer ho.
Forteljarrøysta representerer som nemnd ein autoral forteljar, som veit det meste om omstenda rundt og bakgrunnen for handlinga. Gjennom måten han fortel på, skulle ein mest tru at han representerer sambygdingane sitt syn på den mykje for nyfikne familien. Dette ser ein mellom anna i innleiinga: ”Sjelden kom noen der forbi; i høyden bare støylsjenter, som forresten lenge siden hadde sett seg ut en ny sti over haugen lenger oppe for å slippe kroken nedom gården. Folket der var så grove til å spørre, så det var lite råd å komme fra når de først hadde slått kleppen i en nedved hushjørnet.” Forteljarrøysta gjer seg dels også til ein del av handlinga, mellom anna etter Vetle-Ola seier ”Berre legg ut!”, og forteljarrøysta gjer om det som Vetle-Ola har sagt til si eiga røyst: ” han skulle nok reise seg sjølv”.
Pedagogisk potensiale
I «Litteraturens nytteverdi» skriv Atle Skaftun at legitimeringsgrunnlaget for litteraturfaget i skulen er modent for gjennomtenking. Mellom anna meiner han at det ikkje er like opplagt som før at skjønnlitteraturen skal brukast i skulen grunna kulturarv og kulturell identitet. Novella «Den nye kapellanen» vil difor i seg sjølv ikkje ha legitimitet som litteraturpensum i skulen, før den greier å legitimera at den har eit potensiale i undervisninga, utover å berre ha litterær estetikk.
Skaftun meiner sjølv at sidan skjønnlitteraturen i stor grad har form av å vera heilskaplege univers, vil den ha stor pedagogisk nytteverdi i skulen sitt arbeid med kommunikasjon og tilhøyrande dugleikar. Vidare skriv Skaftun:
”Lesegleden, opplevelsen, åpenbaringen, kicket – alle disse nødvendige kategoriene som mange av oss forbinder med lesing av skjønnlitteratur – trues ikke av en slik tilnærming. Det er snarere slik at de lettere kan komme til å ramme elevene når vi holder dem utenfor de pedagogiske målformuleringene.” (Skaftun 2009:12)
Grunngjevinga for å bruka skjønnlitteratur i tekstarbeid, som grunnlag for å utvikla kritisk medvit, er ikkje den same for sakprosatekstar. Desse teksttypane har styrka si i eit feste til røynda. På den andre sida har skjønnlitteraturen styrken sin i eit friare forhold til røynda. Det betyr derimot ikkje at skjønnlitteraturen ikkje har noko med røynda å gjera, men at den har eit anna tilhøve til røynda. I motsetnad til å skildra røynda slik den er, skildrar skjønnlitteraturen noko som kunne ha skjedd. (Aristoteles 1997:42)
Med desse teoriane i bakhovudet, er det enkelt å slå fast at utvida produksjon og konsum av litteratur bidreg til at elevane lettare greier å tileigna seg nye kunnskapar. Dette skuldast at elevane bruker kunnskapane dei allereie har og knyter fast ny informasjon til den, både gjennom kollektiv samhandling (til dømes ordskifte eller gruppearbeid) med andre elevar og gjennom eigne resonnement. For å meistra denne læringsmetoden og få eit mest mogleg effektivt utbytte, er det viktig at eleven evnar å sjå kva som er relevant for deira eiga forståing av korleis litteraturen er ein del av deira eiga røynd. Dersom elevane skal få til dette er dei avhengige av å ha ei brei teksterfaring innan ulike sjangar.
Skjønnlitteraturen vil som regel alltid kunna gje elevane kunnskap om menneska sine psykologiske og sosiale framferdsmetodar, og korleis menneska fungerer og er ein del av eit støre samfunn. Såleis er «Den nye kapellanen» eit godt døme på at skjønnlitterære tekstar vil fungera i ein slik samanheng.
Novella kan vidare delast opp i to ulike forståingsrammer: den eine er at eleven får innsikt i korleis det kunne arta seg å leva på ein avsidesliggjandes fjellgard, mest utan kommunikasjonar, på slutten av 1800-talet. I ei tid utan nok kommunikasjon med omverda, kunne ein fort te seg som familien på Vassenden, og nærast gå amok for å få greie på kven som ferdast på stien nedanfor garden. Den andre forståingsramma handlar om relasjonane mellom personane i novella, om korleis ein oppfører seg mot andre og om sanksjonar mot dei som viker frå den ideale framferda ein ynskjer å sjå blant sambygdingane sine.
På mange måtar er dei to førenemnde forståingsrammene tema som kan overførast til samfunnet elevane lever i, dei er dermed universelle og uavhengige av tid og stad for å fungere i norskundervisninga.
Dersom ein bruker novella som ei forståing av korleis Bygde-Noreg kunne vera for over hundre år sidan, vil elevane først og fremst få innblikk i korleis arbeidsdagane kunne gå, korleis sosiale ulikskapar kunne arta seg og korleis det var å leva i ei tid utan mobiltelefonar, SMS, e-post og Facebook.
Framstilling av dei historiske tilhøva blir til dels nyansert gjennom korleis dei ulike karakterane i novella ter seg. Presten, kapellanen og klokkaren er alle respektable personar som ikkje lét seg vippa av pinnen, medan familien Vassenden stort sett ikkje har noko høgare mål i livet enn å følgja med på kven som går over den nye stien. Novella får også fram eit (u)menneskeleg aspekt i den historiske framstillinga, noko som medfører at elevane vil kjenna seg eller andre att i teksten.
I pedagogisk samanheng er det fleire måtar å bruka novella i undervisninga. Eit tema kunne vore å ta opp skiljet mellom å vera forviten eller interessert i medmenneska. Kanskje kunne elevane drøfta dette i klasserommet, og mellom anna trekka inn lokalavisene og tabloidavisene sine skilje mellom å vera forvitne eller interesserte. Ei slik oppgåve kunne til dømes passa både i norsk- og samfunnsfagundervisninga, og ein får såleis lenkja faga opp mot einannan.
Ei anna oppgåve kunne vore å sjå på kva dagane gjekk med til i Noreg for godt og vel hundre år sidan, både med omsyn til aktivitetar og tidsbruk på dei ulike aktivitetane. Ei slik oppgåve kunne ha passa både i norsk- og historiefaget. I tillegg kunne ein ha brukt statistikken i matematikkfaget til å laga oppstillingar på tidsbruk og aktivitetar i dag, og samanlikna dette med korleis elevane trur dette hadde fordelt seg på slutten av 1800-talet.
Eit tredje døme på oppgåve kunne vore å reprodusera handlinga frå den nye kapellanen sin ståstad. Mon tru kva han tenkjer om denne familien? Ei slik oppgåve vil nok utan tvil passa best i norskfaget, men evna til å reprodusera eller produsera ny tekst er svært viktig, både for alle skulefaga og for samfunnslivet elles.
Konklusjon
Som ei oppsummering av alle dei ovanfornemnde punkta vil eg konkludera med at «Den nye kapellanen» framleis har eit pedagogisk potensiale utover sin estetiske verdi. Novella kan brukast som utgangspunkt for vidare fordjuping eller nyskriving, og i motsetnad til den tradisjonelle litteraturundervisninga, der ein svarer på spørsmål knytt til teksten, vil ein også ha høve til å bruka teksten som utgangspunkt for oppgåver i fleire fag. Dermed vil ein kunna visa elevane at litteraturen ikkje berre har nytteverdi for litteraturundervisninga.
Litteratur
Aristoteles: «Om diktekunsten». Grøndahl og Dreyers forlag. Oslo, 1997.
Skaftun, Atle: «Litteraturens nytteverdi». Fagbokforlaget. Bergen, 2009.