Norske dialektar i stadig endring

Dialektane i Noreg har truleg halde seg såpass solide grunna tradisjon og kultur for å ta vare på dialektane. Likevel skjer det stadig ei fornying av talemålet kringom i bygdene, og gjennom denne utviklinga er det ikkje tvil om at det skjer endringar i dialektane.

Tida me lever i byr på raske endringar i kultur og levemåte, og når samfunnet endrar seg skjer det også noko med språket. Dialektar endrar seg og dialektgrensene våre blir flytta. (Skjekkeland 2009)

I tidlegare tider kunne visse særtrekk i ein dialekt stoppa opp ved ei gammal kommunegrense, ein fjord eller noko så lite som ei elv. Med enklare kommunikasjon og ”kortare” reiseavstandar greier ein ikkje lenger å halda på dei gamle dialektgrensene, og dialektane vert meir like einannan. Dei meir spesielle talemålssærtrekka forsvinn gradvis, og det gar generelt sett skjedd ei utjamning av dialektskilnadene. Denne talemålsendringa er ikkje noko nytt. Alle talemål endrar seg, og slik har det alltid vore.

Eit viktig fenomen innan dialektendringar er regionalisering. Regionalisering medfører at dialektane innanfor ein region let seg påverke av dei styrande sentra. Det vil seia at dialektbrukarar i område som ligg nærare og har meir kontakt med byar, har lettare for å få urbanisert talemålet sitt. I meir avsidesliggjande strøk har folket greidd å halda meir på dei gamle tradisjonane.

Det er truleg regionalisering som har forårsaka den største endringa i det sørvestnorske a-målsområdet dei siste åra, nemleg utbreiinga av skarre-r. I motsetnad til dei fleste språkdrag – som spreier seg frå eit kjerneområde som ringar i vatn til kringliggjande område – reknar ein med at skarre-r spreidd seg ved at fenomenet har oppstått i ein by, og derifrå har det ”hoppa” vidare til andre byar, og deretter også til bygdemåla ikring. (Skjekkeland 2005:22)

Skarring er eit relativt nytt språkfenomen. På byrjinga av 1800-talet var det truleg ikkje tilfelle av skarring i Noreg, med unnatak av små born og folk med skarring som talefeil. I dag er det derimot omtrent ein åttandedel innbyggjarane i Noreg som skarrar. Det er altså snakk om ei enorm spreiing på ganske få år, og det er særleg på Vestlandet skarringa har spreidd seg som eld i tørt gras. Medan det for kring 100 år sidan berre var skarring i Sør-Rogaland, Agder, Florø, Bergen, Haugesund, sør på Karmøy, Nord-Jæren og Egersund, strekk no skarrebeltet seg frå Tvedestrand til Florø. I motsetnad til mange språktrekk som berre spreier seg langs kysten, har skarringa også spreidd seg godt inn i landet. (Schjerven 2005:144 og 145)

Framveksten av nye dialektsærtrekk treng ikkje berre skje ved sosial kontakt mellom menneska, men kan også skje ved at språkendringar oppstår uavhengig av kvarandre på fleire stader, men likevel likt på kvar stad. Dette kan ein mellom anna høyre ved at e-målet gradvis tek over der det før var e/a-mål på Lista. (Skjekkeland 2005:22 og 55)

Det er elles ein generell tendens til at kystmåla breier seg innover på Agder. Dialektane langs kysten har opp gjennom tida hatt mykje kontakt seg imellom, men også blitt påverka av trafikk utanfrå. Som tidlegare nemnd vil det ofte skje ei forenkling i språksystemet når språk og dialektar møtest, og kystmåla på Agder har difor utvikla eit enklare bøyingssystem enn talemåla lenger inne i landet. (Skjekkeland 2009)

Ein annan utviklingstendens ein ser i vestnorske mål er at kort vokal erstattar lang vokal i opphavlege gamle kortstavingar, og særleg gjeld dette før konsonanten m. Kå:ma vert til dømes gradvis endra til kåmma, medan ga:mal vert endra til gammal. Hjå dei unge dialektbrukarane på Vestlandet merkar ein også at uttalen av open ò fell saman med å.

Endringar i vokalismen skjer også ved at den markerte diftongeringa av langvokalane på Indre Agder og i nokre Vestlands-mål er i ferd med å bli utjamna, slik at ein får ei forenkling av vokalsystemet. I dei sørvestlandske dialektane som berre har 8 monoftongar (t.d. i Ryfylke) merkar ein også at eit tidlegare skilje mellom e og æ kjem inn i språket att, og at talet på vokalfonem dermed aukar til 9. Dette har allereie skjedd i Bergen bymål.

Ein merkar også endringar i konsonantismen som reduserer talet på fonem, mellom anna ved at dei unge på Sør-Vestlandet ikkje lenger har systematisk gjennomført segmentering av  rn > dn og ll > dl. Den austnorske sje-uttalen kjem også gradvis inn i fleire sørlandske og vestlandske mål, særleg i byar og tettstader. Ein observerer også at «sje-lyden» og «kje-lyden» i framlyd ofte fell saman. (Skjekkeland 2005:140 og 142)

Mange av desse språkendringane skuldast som nemnd at det er meir sosial kontakt mellom folk no enn det var i tidlegare tider. Folk flyttar mykje, og mange buset seg i byar og tettbygde strok. Samfunnet påverkar og gjev vilkåra for språkendringane ein opplever.

Kjelder

Schjerven, Petter Wilh. red.: «Typisk norsk». Dinamo forlag, 2005.

Skjekkeland, Martin: «Dialektar i Noreg – Tradisjon og fornying». HøyskoleForlaget. Kristiansand, 2005.

Skjekkeland, Martin: «Språkgrenser på vandring». Universitetet i Agder. Publisert 15.06.2009 på verdsveven: http://www.uia.no/no/portaler/aktuelt/kronikker_og_artikler/spraakgrenser_paa_vandring

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Scroll to Top