Det hender rett som det er at familie, venner og kjenningar kommenterer «Har du tid til alt dette, Morten?». Eg driv nemleg med mykje frivillig arbeid, og stortrivst i roller der eg kan gje noko tilbake til kommunen som eg er blitt så glad i.
Så lengje tillitsverva høyres interessante ut, tek det ikkje lang tid før eg bestemmer meg for om dette faktisk er noko eg vil jobba med. Dermed har eg no skrapa til meg ei lang rekkje med tillitsverv som tek mykje av fritida mi:
- Leiar i Hjelmeland Idrettslag (2012-)
- Leiar i Hjelmeland Mållag (2009-)
- Leiar og styremedlem i Rogaland Mållag (2010-)
- Styremedlem i Ryfylkemuseet (2012-)
- Styremedlem i Folkeakademiet Hjelmeland (2010-)
- Styremedlem i Hjelmeland Sogelag (2010-)
- Medlem i Hjelmeland kommunestyre (2011-)
- Medlem i Hjelmeland areal- og forvaltingsutval (2011-)
- Varamedlem i Hjelmeland formannskap (2011-)
- Nettansvarleg i Hjelmeland Røde Kors (2010-)
Sjølv om dette for mange vil sjå ut som ei forferdeleg lang liste over plikter som ein stakkars ungdom må tvinga seg gjennom i løpet av året, opplever ikkje eg det på den måten. Eg er hjelmelandspatriot til langt over øyrene, og tykkjer det er spanande å kunna gje noko tilbake til samfunnet her i kommunen.
For meg spelar det eigentleg ikkje noko stor rolle om eg driv med politikk eller leiar frivillige lag. Oppgåvene er forskjellige på kvar sitt vis, og byr på spanande utfordringar i kvardagen.
Likevel er det noko som er felles for alt frivillig arbeid: Tillitsverva er døropnarar som gjev meg betre innsikt og forståing av samfunnet vårt, der dei aller, aller fleste vil det beste for kvarandre, og jobbar saman mot eit felles mål: Me skal trivast i Hjelmeland!
Flott Morten! Slike haldningar likar me! Stå på, men gløym ikkje å slappe av innimellom!
Det e gutten sin det. me slike som deg å samarbeida med kjem me langt .