I Strandbuen onsdag 10. juni gyv Jone Kvame laus på mellom anna Senterpartiet, og kritiserer oss for å «ta sjansen på ROBEK». Det er menneskeleg å gløyma, eller fortrengja, så eit historisk tilbakeblikk må til for å skjøna kvifor Senterpartiet gjer som me gjer i denne saka.
Vedtaket som kommunestyret «gløymde» å gjera i budsjettbehandlinga i desember 2014, er det same som H, Frp og varaordførar Helgøy (KrF) bevisst ville la vera å gjera under budsjettmøtet i desember 2011. På dåverande tidspunkt gjekk Senterpartiet mot forslaget om å bli ein ROBEK-kommune. Fleirtalet på 12 representantar (mot 7 frå H, Frp og KrF) hadde tru på at ei omstilling av kommuneøkonomien framleis var mogleg å gjennomføra utan hjelp ovanfrå, særleg på bakgrunn av innsparingsprosjektet som blei starta opp i Bjørn Laugaland (Sp) si ordførartid.
No er det likevel rimelegare å tru at Hjelmeland kommune treng hjelp frå høgare makter, i dette tilfellet fylkesmannen, for å stabilisera økonomien og sikra innbyggjarane forsvarlege kjerneoppgåver, òg i framtida.
Kven kan med handa på hjarta seia at Hjelmeland kommune ikkje er i økonomisk ubalanse, så lengje utgiftene i fleire tiår har vore høgare enn dei ordinære inntektene? Rekneskap etter rekneskap har vist at det ikkje er vilje eller evne – i verste fall verken vilje eller evne – til å gjennomføra dei naudsynte nedskjeringane for å sikra forsvarleg drift.
Budsjett med «draumetal» har vist seg å vera dårlege som styringsverktøy. Då Høgre la fram H/KrF/Frp sitt budsjettframlegg for 2011 vedgjekk gruppeleiaren at budsjettframlegget deira var dårleg, men dei ville likevel vedta det. Slik tankegods høyrer ikkje heime i ein kommunestyresal!
Verre var det kanskje under behandlinga av budsjettet for 2015, då varaordførar Håkon Helgøy kritiserte Senterpartiet for å «vilja bruka meir pengar» enn i H/KrF/Frp sitt budsjettframlegg. No viser det seg likevel at Senterpartiet var meir realistiske i budsjetteringa, og vårt alternative budsjettframlegg for 2015 ligg nærare sanninga enn budsjettframlegget som fleirtalskoalisjonen vedtok utan nokon vesentleg endring. Er dette endå eit prov på fleirtalskoalisjonen sitt manglande politiske ansvar for økonomistyringa?
Over lengre tid har det skorta på økonomisk edruelegheit, både politisk og administrativt. Politiske prestisjesaker ser ut til å overgå evna til langsiktig økonomisk tenking. Ideelt sett burde politisk og administrativ leiing definert kva kvalitet og utval på tenester ein ynskjer å ha i Hjelmeland kommune. Då hadde det vore naturleg å budsjettera i samsvar med nivået me ynskjer å ha på dei kommunale tenestene, og ikkje i samsvar med nivået som rådmannen og fleirtalet i kommunestyret meiner at desse tenestene burde kosta.
Under budsjettbehandlinga i 2011 sa Ola Ingvaldstad (Frp) at «ved å bokføra underskotet for 2011 vil det skapa ei naudsynt forståing av den økonomiske krisa i kommunen». Senterpartiet meiner å ha forståing av den økonomiske krisa i kommunen, men saman med våre politiske støttespelarar har me blitt sette på sidelina av eit knappast mogleg fleirtal (10 mot 9) i dei fleste politiske sakene dei siste fire åra.Kanskje det er ein god idé å lytta til Senterpartiet, dersom ein verkeleg ynskjer å ta kollektivt ansvar for den pressa økonomiske situasjonen i Hjelmeland kommune. Det er på høg tid å vedgå at Hjelmeland kommune ikkje er i økonomisk balanse. Etter vårt syn er ikkje ROBEK noko me vil «ta sjansen på», men som noko kommunestyret i fellesskap må ta ansvar for, slik at me kan betra styringa av økonomien i Hjelmeland kommune. Me må stå saman og sjå framover for å – som Jone Kvame ytrar – minimalisera konsekvensane og dempa byrdene for oss alle.