Hjelmeland treng utvikling, ikkje samanslåing med Strand

Sentraliseringa aukar. Store avgjerder blir i stadig større grad tekne langt unna dei som faktisk blir ramma. Difor meiner me at framtida til Hjelmeland handlar om å styrka oss sjølv, og ikkje om å gå inn i ein større kommune styrt frå Jørpeland.

Motvekt til sentralisering

Folk skal kunna arbeida, bu og trivast i Hjelmeland. Me må leggja til rette for eit samfunn der både næringsliv, frivillige lag og innbyggjarar har gode rammevilkår, utan å vera avhengige av avgjerder som blir tekne mange mil unna.

Lokaldemokratiet må vernast

Når politikarane er tilgjengelege for folk flest, blir demokratiet reelt. I Hjelmeland har innbyggjarane kort veg til dei som tek avgjerdene. Nærleiken gjer det lettare å påverka, stilla spørsmål og få svar. Ei samanslåing vil svekka denne direkte kontakten, og dermed òg moglegheita til å påverka.

Sikra gode kommunale tenester

Fylkesmannen har sjølv slått fast at Hjelmeland kommune leverer forsvarlege tenester med tilfredsstillande kompetanse, trass i utfordringar. Me har dyktige fagfolk og system som fungerer. Kvifor risikera å svekka dette gjennom ei samanslåing?

Behalda kompetansearbeidsplassane

Hjelmeland kommune er ein viktig arbeidsgjevar for fleire kompetanse-arbeidsplassar. Desse bidreg ikkje berre til gode tenester, men òg til at folk med høgare utdanning kan bu og leva i kommunen. Ei samanslåing med Strand, kan føra til at desse arbeidsplassane forsvinn ut av kommunen, noko som skapar ubalanse mellom tilbod og etterspurnad etter arbeidsplasser som krev høgare utdanning.

Utvikling, trivsel og vekst

Me vil snu ein negativ trend og satsa på vidare utvikling. Folk som bur og jobbar her, kjenner kommunen og potensialet vårt best. Me har betre føresetnader for å styrka Hjelmeland når styringa skjer lokalt, i staden for frå eit kommunesenter fleire mil unna.

Avstandane har ikkje endra seg

Då Hjelmeland sist gjennomførte kommunereform i 1965, var overgangen frå hest og kjerre til bil avgjerande. I dag er det framleis akkurat like langt frå Hjelmelandsvågen til Jørpelandsvågen, og den avstanden forsvinn ikkje med eit pennestrøk.

Kva tener me på det?

Til slutt bør me snu spørsmålet: Kva tener eigentleg innbyggjarane i Hjelmeland på å bli del av ein større kommune, når me allereie har eit godt tenestetilbod og eit næringsliv som er tett knytt til lokalsamfunnet?

PS: Ein intensjonsavtale kan sjå flott ut på papiret, men etter det første kommunestyrevalet i ein ny kommune, vil ikkje intensjonsavtalen vera verdt meir enn nettopp papiret den er skriven på.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Scroll to Top