Dialektane våre har fått ny status, men samstundes står dei i fare. Når ungdommar i heile Rogaland byrjar å høyrast like ut, og engelsken tek posisjon i både slang og fagspråk, blir det viktigare enn nokon gong å halda på det som gjer oss ulike og ekte.
Dialektane står sentralt i det norske samfunnet, faktisk mykje større enn i noko anna land. I Sverige har ein i hovudsak fem regionale dialektar, med ein viss grad av dialektskilnader, medan i Noreg har me langt større dialektale forskjellar innanfor dei ulike regionane. Sjølv om våre to land ligg så tett på einannan, har altså det norske folket eit heilt anna forhold til dialekta si enn svenskane har. Ved første augnekast kan det sjå ut til at vårt spesielle forhold til dialektane er forårsaka av unionane og unionsoppløysingane med Danmark og Sverige.
Etter unionsoppløysinga med Danmark fekk nordmennene sterkare nasjonalkjensle, der folkesjel og folkeånd stod sentralt. Kva var vel meir naturleg enn å ta vare på dialektane? Ivar Aasen baserte faktisk det nye skriftspråket sitt på dialektar (i bygdene) og norrønt. Men kva er eigentleg ei dialekt?
Målføre er den fornorska forma av ordet dialekt, og det kan skildras som ei språkform som er spesiell for ein del av eit større geografisk område. I og med at ein har ulike dialektar grunna dei sosiale tilhøva, og at alle individ snakkar forskjellig, er det uråd å fastslå eksakt kor mange dialektar det er i Noreg. Det finnes truleg like mange dialektar som det finnes stader. Ei eventuell oppteljing avhenger dermed av kva nivå ein vel å leggje seg på når ein føretek inndelinga, altså kor nøyaktig ein vel å vere.
Dersom ein reknar med at kvar kommune representerer ei dialekt, kan ein seie at det er over 400 dialektar i Noreg. Hjelmelandsdialekta er ikkje noko unnatak, men det er ei lita dialekt. I dag bur det rundt 2.700 menneske i kommunen, noko som utgjer kring 0,5 promille av alle som bur i Noreg. Hjelmeland kommune har også ein god del tilflyttarar, som sjølvsagt ikkje kan reknast med i brukarar av hjelmelandsdialekta: Me står kanskje igjen med kring 2000 personar som snakkar «hjelmelandsk».
Men kva er det som gjer hjelmelandsdialekta så spesiell? Hjelmelandsdialekta høyrer med til dei sørvestnorske målføra, og den står i ein unik posisjon språkleg sett. Isoglossen (=grensa for utbreiinga av eit språktrekk) for leninisering går nemleg mellom nabokommunane Hjelmeland i sør og Suldal i nord. Med leninisering meiner ein overgangen frå p, tog k til b, d og g. Døme på dette er at ein på hjelmelandsk seier maden, båden og tage (alle i tonem 1), medan ein i Suldal seier maten, båten og take (alle i tonem 1). (Ein kan eigentleg ikkje laga noko regel om tonem mellom suldalsdialekta og hjelmelandsdialekta, i og med at ein i hjelmelandsk også får tonem 2 på enkelte ord, til dømes piba).
Eit anna fenomen er hjelmelandsdialekta jamført med dialekta i nabokommunen i sørvest: Strand. Dialekta i Strand kommune er sterkt påverka av regionalisering, det vil seie at dialekta innanfor regionen Rogaland er påverka av regionssenteret Stavanger. Jørpelandsdialekta liknar meir på dialekta i Stavanger enn hjelmelandsdialekta. Grunnen til dette er openbar: Frå gammalt av var sjøvegen den viktigaste handelsruta, og det var slik ein kom i kontakt med folk. Stavanger by var utan tvil den viktigaste handelsstaden, og det var der folket reiste. Hjelmeland har større geografisk avstand til Stavanger, og har truleg av den grunn ikkje vorte så sterkt påverka av den aukande regionaliseringa. Dette har ført til at hjelmelandsdialekta i dag er nokre titals år «tilbake i tid», men kva fører dette til i språkleg samanheng?
At hjelmelandsdialekta er meir «gammaldags» enn andre dialektar i området, er dei fleste hjelmelandsbuar klar over. Dei eldste i kommunen har ein merkeleg uttale av lyden r. Somme vel å kalla den for rogalands-r. I det fonetiske alfabetet vert lyden skriven slik: ʁ. Det er vanskeleg å skildra lyden med skrift, men eg skal prøva: Rogalands-r er ein mellomting av skarre-r og alveolar-r (òg kalla tungespiss-r). Den er ikkje så fast og bestemt som alveolar-r, men heller at tunga delvis lukkar igjen for luftgjennomstrøyminga (jf. den engelske r-lyden som i father).
Dersom ein ikkje nyttar rogalands-r, nyttar ein i hjelmelandsk skarre-r (òg kalla drøvel-r). Det vil seie at tunga delvis stengjer for luftgjennomstrøyiming, og at drøvelen vibrerer når ein lagar r-lyden. Skarre-r er utbreidd frå sørlege delar av Sogn og Fjordane til og med områda kring Tvedestrand. Dette er eit målmerke under stadig ekspansjon, og ein finn såleis meir bruk av dette blant yngre folk enn eldre.
I hjelmelandsdialekta får fleire ord tilført ein j midt i ordet. Eksempel på dette finn ein i ord som veggjen, bekkjen, finjen og fisjen. Dette sit igjen frå gamle dagar, og er berre vanleg for dei vaksne i kommunen.
I hjelmelandsdialekta har me a-mål. Det vil seie at verb i infinitiv og svake hokjønnssubstantiv i ubunden form eintal endar på a. Døme på dette er: å finna, å reisa, ei vega og ei kåna. A-infinitiv er utbreidd i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.
I hjelmelandsdialekta og ryfylkedialektane elles manglar ein lyden æ. Det vil seie at sjølv om ein skriv ord med æ, nyttar ein aldri lyden i uttale. Grunnen til dette fenomenet er ukjent, men det er truleg snakk om at dialektane er mindre «breie» enn andre (jf. jærdialekta). Ein seier til dømes le:rar, blåbe:r og fe:lt, altså ein får ein lang e i staden for æ-lyden.
Når ein på Hjelmeland snakkar om at «adle såg rabnå på fjedle», nyttar ein segmentering. Segmentering er når ein eller to lydar vert gjort ulike. Dette finn ein hovudsakleg i sørvestlandske og midlandske dialektar. Døme på dette er korn som vert til kådn, alle som vert til adle, hassel som vert til hatl, ravn som vert til rabn og lefsa som vert til lepsa. I orda som vert uttala med segmentering vert det ofte nytta ein e som svarabhaktivokal (vokallyd som vert tilføydd mellom to samanstøytane konsonantar for å lette uttalen). Som med mange av dei andre målmerka, er også dette målmerket prega av regionalisering, slik at ein får færre og færre brukarar. Nok ein gong er det dei unge som legg av seg dei gode, gamle målmerka.
Eit av målmerka som er typisk for heile Vestlandet (med unnatak av Nord-Hordaland) er korleis ein bøyer sterke verb i presens. På hjelmelandsk får ein omlyd, og ein seier til dømes seve og kjeme, der ein på det sentrale Austlandet seier såver og kåmmer. Også dette målmerket vert lite nytta blant dei yngre i området.
Det er også vert å merka seg at hannkjønnssubstantiv i bestemt form, eintal med endingane –len eller –nen, vert noko omgjort. Ord som bilen og skulen vert uttala som biel og skuel, medan ord som telefonen og hanen vert uttala telefoen og haen. Dette vert kalla omkasting, eller hiatus, og som andre målmerke er også dette lite nytta av dei unge i kommunen.
Så kan ein kanskje stilla spørsmålet: Kva er det som skjer med dialektane? Svaret er utan tvil regionalisering. Dette og meir til gjer at dei unge snakkar meir likt dei andre unge innanfor ein region. I korte hovudtrekk kan ein seie at dei unge si dialekt innanfor Rogaland er meir like, enn dei vaksne si dialekt innanfor det same området. Grunnen til dette er at me omgås kvarandre meir, og at avstandar spelar ei lita rolle når det gjeld dialektar. Men er dette bra? Eg meiner NEI!
Eg prøver bevisst å halda på dialekta mi, og om mogeleg gjere ho meir lik dialekta til den eldre generasjonen. På 1800-talet snakka Ola og Kari Nordmann dialektar som allereie på den tida hadde utvikla grunntrekka dei har i moderne tid. Likevel var ordtilfanget og delvis grammatikken meir «gamaldags» enn i dag. Regionaliseringa av dialektane på den tida førte til at talemålet gjekk gradvis over til å bli dansk, takka være det danskprega talemålet i byene. Dette heng framleis igjen i dag, då dei største byane i Noreg faktisk framleis er prega av unionstida.
Det som skjer med dialektane i dag er ei blanding av regionalisering mot dei største byane i regionane, og ei anglifisering som gjer at talemålet får fleire innslag av ord og uttrykk frå engelsk kultur. Språkleg sett tek engelsken meir og meir over samfunnet vårt: Store norske bedrifter nyttar engelsk til å kommunisere, og stadig meir av den høgare utdanninga skjer utelukkande på engelsk. Og til hovudpoenget: Slang blant ungdom er så å seie berre engelskprega. Slangen vert også nytta i uformelle samanhengar mellom unge, der ein til dømes kan høyre «de va kult å hørra» eller «eg traff ei hot chick».
Eg veit det kan høyre puritansk ut, men eg meiner at slangen øydelegg kvaliteten på dei norske målføra. Difor prøver eg bevisst å halda meg frå det, men det er ikkje alltid det nyttar. Engelsken er komen for å bli. Men gjer dette noko?
Ut i frå det ein høyrer, trur eg at folk generelt sett er glad i dialekta si. Talemålet er nært knytt til identiteten. Eit studium av korleis folk snakkar kan såleis seie oss mykje om kven menneska er, kva historikk eit lokalsamfunn har og kva samfunnsstrukturar som finst. Som tidlegare nemnt endrar språket seg, ofte som ein konsekvens av at samfunnet endrar seg. Dette kan føre til at eldre og yngre frå same staden snakkar annleis. Somme unge vaksne finn også ut at dei vil ta vare på «urdialekta» i heimbygda si, og vidareføre tradisjonen frå gamle tider. Såleis kan ein seie at dialektar står sterkt i identiteten hjå nordmenn.
Dialektane har gjennom åra fått meir status. I 1878 innførte ein talemålsparagrafen i det norske skulevesenet, noko som førte til at dialekta var grunnlaget for opplæringa i skulen. Før den tid måtte både lærarar og elevar snakka dansk. Som tidlegare nemnt laga Ivar Aasen landsmålet på grunnlag av dialektar og norrønt. På den måten fekk også dei som ønska det høve til å skriva eit skriftspråk som likna dialekta si, og ein fekk heva statusen til dialektane.
Den auka statusen til dialektane har ført til at dette står sentralt i media. I motsetnad til i dei britiske fjernsynskanalane kan ein i Noreg nytta dialekta si i både radio og fjernsyn. Fleire komikarar (som til dømes Harald Eia) speler på dialektar i humorinnslaga sine, noko som kan bidra til å gjere dialektane mindre «framande»: Det er ikkje flaut å skrive SMS på dialekt.
Fleire av dei norske artistane nyttar dialekta si når dei syng. Dette gjeld til dømes Hellbillies, som fekk målprisen frå Noregs Mållag for å nytta dialekt i songane sine. Ein annan lokal artist, Torolf Nordbø nyttar finnøydialekta si når han opptrer som seg sjølv, men når han opptrer som sitt alias – Han Innante – legg han om til ei dialekt han sjølv kallar «indre erfjordsk». I songen Fjordafart syng han: «Me drøste om vere, å prisen på fisjen /å styrmaen kom for å selja billett». Dette er eit klassisk eksempel på dialektbruk i songtekstar.
Alt i alt ser me at nordmennene er meir glade i dialektmangfaldet og dialekta si enn folk frå andre nasjonar. Dette er openbart verdt å ta vare på. Når folk er så glad i dialekta si, er dette også sterkt knytt til identiteten: Dei set pris på identiteten sin.
Ut i frå dialekta kan ein til dømes avgjere bygdetilhøyrsle, slektstilhøve og liknande, og det gjer identitetskjensla desto høgare dersom nokon greier å plassere deg geografisk på grunnlag av dialekta di. Eg vonar at eg kan vere ein representant frå Hjelmeland med dialekta mi, og at folk skal kunne tenkje «han er frå Hjelmeland» når dei snakkar med meg. Slik vert det også andre vegen: Folk nyttar dialekta si og vonar at folk skal finna ut kor dei er frå på grunnlag av dette.
Det å setje pris på identiteten sin meiner eg er sunt. Eg er ein av dei som gjer dette, og prøver bevisst å nytta dialekta mi kor enn eg er. Dersom folk ikkje forstår meg må eg over på kodeveksling, som vert noko anna. Når ein kodevekslar varierer ein talemålet alt etter kven ein snakkar med, for når ein kommuniserer ønskjer ein å verte forstått når ein sender eit bodskap.
Dialekta vår er eit prov på kor ein kjem frå og kva identitet ein har. Somme gonger kan dialekta også seie noko om alder og kjønn. Oslo er vel å merke ein stor by, men ein har forskjellige dialektar innanfor byen. Dei fleste har vel høyrt skilnaden på dialekta frå Oslos beste vestkant, og dialekta til arbeidarane på austkanten. Dette kan ein også overføre til Stavanger, der ein har «di pene gottene fra Egenes» og arbeidarane på Nedre Storhaug.
Uansett kva ein meiner om dialekta si, er det viktig for dialektmangfaldet i Noreg at dialektane vert tekne vare på. Regionaliseringa er truleg den største fienden til dialektmangfaldet, men det kjem truleg til å ta mange titals år til før ein berre har regionsdialektar. I mellomtida må ein hugse på at dialekt er identitet, og identiteten skal ein ikkje tukle med.