Norske skuleelevar presterer dårleg i internasjonale undersøkingar. Trass i fleire store reformer og langt fleire skuletimar, ligg Noreg under snittet i både matematikk, lesing og naturfag. Kva er det som går gale med skulen i landet med verdas beste levekår?
Undersøkingar viser at norske skuleelevar kjem dårleg ut i forhold til elevar i mange andre land. Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) arrangerer kvart tredje år PISA-undersøkinga (program for internasjonal elevvurdering). Denne undersøkinga har som oppgåve å måla 15-åringars kunnskapar og ferdigheiter i naturfag, matematikk og lesing.
PISA-undersøkinga frå 2006 viser at norske elevar ligg under OECD-gjennomsnittet både når det gjeld matematikk og lesing. Norske elevar gjer det òg betydeleg dårlegare i naturfag. I den såkalla TIMMS-undersøkinga ligg Noreg på nivå med utviklingsland som Iran og Armenia i matematikk. Kva er grunnen til at landet med best levekår skårar så dårleg i internasjonale undersøkingar om grunnleggjande kunnskap i eit samfunn?
For å endra den negative trenden har norske styresmakter innført nye skulereformar. Den siste reforma var Kunnskapsløftet. Med denne reforma vart det klart at barneskular skal ha 5 undervisingstimar meir i veka. Styresmaktene kuttar i barnas fritid og pålegg dei meir skuletid, i staden for å forbetra kvaliteten på den eksisterande skuletida og læreforholda. Det stadig aukande talet på timar ein elev må sitja på skulebenken i løpet av ei veke, går ut over viljen, innsatsen og uthaldet. Dette fører til at elevane bruker fritida dei har igjen på fritidsaktivitetar, framfor å jobba med skulearbeid. Den norske skulen har blitt latar enn før.
I kampen mot den sviktande kunnskapen i den norske skulen har styresmaktene òg tidlegare innført fleire reformer. Den store grunnskulereforma i 1997 – Reform 97 – førte til store endringar i den norske skulen. Det vart innført tiårig skulegang, eit nytt læreplanverk og skulestart for seksåringar. I 2003 fekk Noregs forskingsråd oppdrag frå Utdannings- og forskingsdepartementet om å evaluera reforma i ettertid. Forskarleiar Peder Haug sa at: Reform 97 var for ambisiøs, og det er ei utbreidd einigheit om at reforma har vore for omfattande. Ettersom lærarane ikkje greidde å innfri planane frå departementet, laga dei sine eigne private undervisingsprosjekt, som førte til store skilnader i kompetanseutviklinga.
Grunngjevinga for innføringa av Reform 97 var i kortheit at levekåra for dei minste hadde endra seg radikalt i det siste hundreåret. Frå eit liv der dei kom nær innpå dei vaksne sitt virke og lærte å ta del i familiens praktiske arbeid, var barna no i ei lengre periode enn nokon gong stengde ute frå arbeidslivet, fjernare frå dei vaksne si verd og i ei verd med nye medium der dei møtte mangfaldige og motstridande verdiimpulsar. (St.meld. nr. 29 (1994–95) Om prinsipp og retningslinjer for 10-årig grunnskule – ny læreplan.) Då er det òg forståeleg at reforma vart innført.
Skulereformene har trass i statleg tilførte midlar i startfasen påført kommunane store ekstrautgifter. Ved innføring av nye reformer, blir det òg innført nye læreplanar, som igjen fører til utskifting av skulebøker. I dag skal alle lærebøker i grunnskulen vera gratis for elevane. Når ein tenkjer over dei nye læreplanane som skuldast Reform 97 og Kunnskapsløftet, er det ikkje rart at kommunane slit med å finansiera alle dei nye lærebøkene. Dette har ført til at store elevgrupper jobbar med lause ark som flyt rundt. Alle veit jo at barn ikkje har like enkelt for å halda orden i sakene som vaksne har. Dårleg økonomi fører òg til at mange elevar jobbar i eit innemiljø som er direkte helsefarlig, noko som ikkje akkurat stimulerer til læring.
Når elevane slit med å arbeida, fører det til uro i undervisingstida. Mindre bråk og meir arbeidsro er eit tiltak som vil vera med på å heva den norske skulen sin standard. Dei norske elevane er blant dei mest urolige i Europa, og det er truleg ein vesentleg del av forklaringa på elevane si middelmåtige faglege kompetanse. Ved PISA-undersøkinga i år 2000 hadde ingen land, bortsett frå Hellas, større problem med disiplin og uro enn Noreg. Likevel står enkelte politikarar og pedagogar fram og seier at det er gammaldags med disiplin og straff.
Kunnskapen, eller den manglande kunnskapen til lærarane er truleg det største problemet i den norske skulen. TIMMS-undersøkinga peikar på at norske lærarar si kunnskap er langt dårlegare enn i mange andre land det er naturleg å samanlikna med. Skulen si viktigaste ressurs er lærarane, og ingenting kan erstatta verdien av dei gode lærarane. Norsk Matematikkråd har gjennomført undersøking som viser ein kontinuerleg tilbakegang i matematikkferdigheitene hos lærarstudentane. Norske matematikklærarar har mykje utdanning, men dei kan for lite realfag. Halvparten av lærarstudentane kjem inn med lågare snittkarakter enn 4, og ein tidel av studentane lågare enn 3,2. Dette må politikarane sjå på som urovekkjande og kritikkverdig.
Ettersom lærarane sin fagkompetanse er på eit så lågt nivå, og at det for tida er stor mangel på lærarar, er det ikkje rart at dei norske elevane gjer det så dårleg i internasjonale undersøkingar. Ved å få inn fleire kompetente lærarar i den norske skulen, vil ein òg få heva kunnskapsnivået betydeleg hos norske skuleelevar. Strengare disiplin vil truleg òg gje framsteg, sjølv om ingen vil ha tilbake den strenge skulen frå 1950-åra. Då Reform 97 vart flytta frå departementet og ned på skulenivå, vart variasjonen mellom skulane svært stor. Desse variasjonane ser me igjen òg i dag. Sjølv om Noreg skårar dårleg internasjonalt, er det fleire norske elevar som ligg langt over gjennomsnittet. Det er på grunn av dei sprikande resultata i desse undersøkingane me skårar dårleg i internasjonale testar. Dersom me hadde greidd å heva dei dårlege elevane til same nivå som dei gode, hadde me truleg fått betre resultat. Me har ressursane, men me bruker dei feil.