Slaget står om kommunen vår

Senterpartiet er opptekne av lokaldemokrati og lokalstyre, av levedyktige bygdesamfunn i heile Noreg, der det er kort veg frå grasrota til dei som styrer.

Senterpartiet, Liv Signe Navarsete (biletet), Geir Pollestad, Lill Laugaland, Bjørn Laugaland og meg sjølv er opptekne av lokaldemokrati, lokalt sjølvstyre, lokal busetjing og lokalt næringsliv kringom i heile landet.

I «oversiktlege» kommunar, der innbyggjarane har lett for å engasjera seg i alt frå politikk og FAU til frivillige lag og organisasjonar, der står ein saman for det ein har saman. Senterpartiet går til kamp for lokalt folkestyre, gode lokale tenester og levande bygder i heile landet vårt.

Senterpartiet vil ta heile landet i bruk. I heile Noreg vil me ha små og store bygdesamfunn der folk har arbeidsplasser, skuleplassar, barnehageplassar og omsorgsplassar, og der barn og unge har noko å gå til på fritida.

Framtida til Rogaland-kommunane er svært usikker viss Høgre får gjennomføra ei massiv tvangssamanslåing av kommunar. Ein må innsjå at ein eventuell ny storkommune ikkje vil kunna gje innbyggjarane våre det same tilbodet på skular, sjukeheimar, fritidstilbod, vegar og alt anna som kommunen vår driv med i dag.

Viss talet på kommunar blir kraftig redusert, vil òg avstanden til dei som tek avgjerdene mykje større, og folk flest mistar påverknadskraft på viktig politikk i kvardagen vår.

Erfaringar frå kommunesamanslåingar i Finland, viser at det offentlige tenestetilbodet blir nedlagt først i utkanten av dei nye, samanslegne storkommunane. Arbeidsplassar og tilbod hamnar som oftast i det nye kommunesenteret.

Og før dei djuptgripande og øydeleggjande endringane av kommune-Noreg blir sett ut i livet, ynskjer Høgre å ta meir enn 2 milliardar kroner frå dei dårlegast stilte kommunane for å gje til storkommunane som har mest frå før. I praksis betyr dette at økonomien blir dramatisk svekka for heile 373 kommunar i Noreg.

Senterpartiet tykkjer dette er ein ubegripeleg og usosial politikk som på sikt vil gje oss A- og B-kommunar. Dei rike kommunane vil bli rikare, og de fattige vil bli endå fattigare.

Senterpartiet er partiet for bygdene og kommunane i distriktet vårt. Me er ikkje eit byparti som vil gjera dei rike endå rikare og dei fattige endå fattigare.

Slaget står i dag. Etterpå er det for seint å organisera demonstrasjonstog og opprop mot tvangsreform.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Scroll to Top