I dag har eg som leiar i Hjelmeland Idrettslag vore i møte med Hjelmeland kommune og Hjelmeland Idrettsråd. Det vart eit konstruktivt møte, der alle partane prøvde å finna dei beste løysningane for idretten i Hjelmeland.
Ei orientering om Hjelmeland Idrettslag sine aktivitetar og komande prosjekt var den første saka på saklista.
Hjelmeland Idrettslag er delt inn i dei fire undergruppene fotball, handball, ski og trim. Aktivitetane er for barn og unge i alle aldrar, og det kan nemnast at til dømes skigruppa vår faktisk er den største skigruppa i Ryfylke, noko me sjølvsagt er stolte over.

For at skigruppa skal kunna eksistera, er ein avhengig av eit godt samarbeid mellom kommunen og idrettslaget.
I dag er samarbeidet slik at Hjelmeland kommune syt for drift av Hjelmelandshallen og Bjødnabu Skianlegg, medan Hjelmeland Idrettslag syt for å skapa aktivitet.

Hjelmelandshallen er òg viktig for dei andre idrettsgreinene i Hjelmeland Idrettslag, så hallen vart naturleg nok ei stor sak på møtet vårt.
Vidare la me fram ei førebels skisse over Hjelmeland Idrettslag sine bidrag til det planlagde sentralidrettsanlegget på Røgjelstad, som viser at idrettslaget kjem til å bidra med rundt rekna ⅓ til halvparten av investeringskostnadene.

Med eit såpass stort bidrag frå det frivillige idretts-Hjelmeland, meiner eg at Hjelmeland kommune ikkje kan unngå å vera med på dette prosjektet, som vil styrkja både folkehelsa og fritidstilboda til barn og unge i kommunen.
Konklusjonen frå dialogmøtet i dag: Hjelmeland Idrettslag, Hjelmeland Idrettsråd og Hjelmeland kommune har så langt vist god evne til å samarbeida, og me håpar at samarbeidet held fram i mange, mange år framover.