Kva slags kommune vil me eigentleg vera?

Det er noko djupt paradoksalt over arealpolitikken i Hjelmeland. Samtidig som kommunen bruker mykje pengar på å leggja til rette for at folk skal busetja seg her, blir det ført ein politikk som bidrar til å byggja ned mange av kvalitetane som gjer at folk vil bu her.

I Strandbuen 10. juni kunne me lesa om unge heimflyttarar som vil satsa i Hjelmeland, men som nå opplever at matjord, trivsel og framtidstru blir utfordra av nye industriplanar på Viganeset. 

Denne saka handlar ikkje berre om store næringsaktørar som kanskje skal få byggja éin eller fleire gassfabrikkar, men om kva retning me ønskjer for kommunen vår.

Kva skal me bruka arealet på Viganeset til? (Arkivfoto: Morten Hetland)

MDG sat i kommunestyret i Hjelmeland frå 2019 til 2023, og argumenterte då tydeleg for at berekraftig utvikling, jordvern og arealnøytralitet måtte vera grunnlaget for all politisk styring.

Då me førebudde oss på kommunestyrevalet hausten 2023, skreiv me i programmet vårt at klima, natur og miljø måtte prioriterast framfor «evig økonomisk vekst», og at me mellom anna ønskte å tilbakeføra næringsområde I1 på Viganeset til landbruks-, natur- og friluftsområde ved neste kommuneplanrevisjon. Det er dette området det nå er strid om.

MDG skreiv ikkje dette i programmet fordi me var mot næringsutvikling. Tvert imot. Men me ønskte ei anna form for verdiskaping.

MDG Hjelmeland sitt partiprogram for perioden 2023–2027 peika ut ei tydeleg retning for kva utvikling me ønskjer. (Foto: Morten Hetland)

I saka om Viganeset ser me nå den klassiske konflikten mellom grå vekst og berekraftige lokalsamfunn. Refrenget er: Når store industriinteresser kjem på banen, blir eksisterande næringar alltid mindre viktige.

Garden som produserer mat. Reiselivsbedrifta som gjev kommunen positivt omdømme. Selskapslokalet som legg til rette for møteplassar. Folk som faktisk har valt å flytta heim og satsa på ei framtid her. 

Desse er diverre ikkje viktige nok, når det er pengane som styrer.

Men ingen av desse er tilfeldige hobbyprosjekt. Maren, Cecilie, Natalia og Thomas ønskjer å satsa på næringar som spelar på lag med naturen og særpreget til Hjelmeland.

Natalia og Thomas Helgesen driv NorGlamp på Randøy. Her er dei i god drøs med Didrik Hægg og Jesper Ugland, som driv reiseportalen Tilbring. (Arkivfoto: Morten Hetland)

Det mest alvorlege i denne saka er ikkje sjølve industriplanane, men det tydelege signalet som blir sendt frå kommunestyret: At dei som investerer i jordbruk, reiseliv, lokalsamfunn og livskvalitet, kan risikera å tapa når meir pengesterke prosjekt melder seg.

Særleg oppsiktsvekkjande er det at Senterpartiet – tidlegare rekna som bøndene sitt parti – òg er villige til å ofra dyrka mark, sjølv om matjord i praksis er ein uerstatteleg ressurs som har blitt viktigare enn nokon gong i ei uroleg verd.

Me må våga å stilla eit grunnleggjande spørsmål: Kva slags kommune vil me eigentleg vera?

Vil me verkeleg vera ein kommune som stadig bruker meir natur og matjord, til fordel for nye gassfabrikkar, steinbrot, hyttefelt, oppdrettsanlegg, industrikaiar eller noko anna som nokon kan tena store pengar på? Eller vil me vera ein grøn kommune, som tar vare på det som allereie finst, og vidareutviklar dei kvalitetane som faktisk gjer at folk har lyst til å flytta hit og bli buande?

For bulyst handlar ikkje berre om gratis barnehage eller "byggjestønad" på 50.000 kroner. Bulyst handlar først og fremst om at lokalsamfunnet vårt har ei framtid som det går an å tru på.

Morten Hetland og Roger Sjursen var 1. og 2. kandidat for MDG Hjelmeland i samband med kommunestyrevalet i 2023. (Arkivfoto: MDG Hjelmeland)

MDG blei ikkje gjenvalde i 2023. Det må me sjølvsagt respektera. Fleirtalet ønskte ein annan politikk enn den me kjempa for. Men når nesten alle andre snakkar om evig økonomisk vekst, trengst det òg nokon som spør: Vekst for kven, og på bekostning av kva?

Det er ikkje bakstreversk å forsvara matjord, natur og levande lokalsamfunn. Kanskje er nettopp dette den mest framtidsretta politikken.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Scroll to Top