«Alt for Norge»

Våren 1998 sat ein åtte år gammal gut på Hjelmeland skule, og fekk hjelp til å finna fram adressa til Hans Majestet Kong Harald V. Sjølvaste Kongen skulle nemleg få ei påskehelsing frå denne guten. 

Denne guten var meg.

Tidleg i mai kom det brev tilbake frå Slottet.

Kongen var glad for helsinga, og nå hadde han bede kabinettssekretæren sin om å skriva takkebrev. Til meg; denne guten på åtte år.

Tre år seinare, 12. juni 2001, kom kong Harald og dronning Sonja på besøk til Hjelmeland.

Eg skal ikkje ta på meg æra for at påskebrevet mitt var den utløysande årsaka til kongebesøket, men for ein elleveåring var det stort å sjå kongen og dronninga besøka heimkommunen.

I åra som følgde, hadde eg eigentleg ikkje noko særleg medvite forhold til verken kongen eller kongefamilien. Dei dukka opp på TV, i avisene og på ei og anna framside av «Se og Hør».

Så kom 2011.

Måten kong Harald og sonen hans, dåverande kronprins Haakon Magnus, talte til folket etter dei forferdelege og meiningslause åtaka på landet vårt, gjorde sterkt inntrykk på meg. Det var som om dei la lista for korleis me som samfunn skulle møta sorga, sinnet og alle dei andre reaksjonane, og samtidig finna ein veg vidare.

Respekten min for kong Harald blei endå større 1. september 2016, då han heldt velkomsttalen under kongeparets hagefest i Slottsparken. Ein enormt velskriven tale, framført med varme og ro, som greidde å famna eit heilt land.

«Norge er fremfor alt mennesker», sa han.

Fredag 28. august 2026 sat eg på jobb på rådhuset i Hjelmeland til langt utpå ettermiddagen.

Rett utanfor kontorvindauget mitt røska vinden i flagget på halv stong. Eit stille, men sterkt vitne om at statsoverhovudet vårt gjennom 35 år, heile Noregs bestefar, ikkje lenger var blant oss.

Noko måtte ut.

Eg hadde behov for å setja ord på det han har vore for landet vårt, på respekten eg sjølv hadde fått for han gjennom åra, og på det som me nå hadde mista.

Resultatet blei songen «Alt for Norge».

Tittelen på songen er henta frå hans eige valspråk: Tre enkle, men enorme, ord – som han, etter mi meining, til dei grader greidde å leva opp til gjennom 35 år som konge.

Takk for alt, vår heidersmann!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Scroll to Top