Det er framleis ikkje for seint å snu!

– Me må spara, er eit mykje brukt sitat blant politikarane i Hjelmeland dei siste ti månadane. Politikarane er overdrivne opptadde av å spara, noko me blant anna kunne lesa om i Bygdaposten i november 2007. Der kunne ein lesa at kommunen ville spara svimlande 25 millionar på to år.

Paradokset er at kommunestyret vel å spara etter behov. Når det gjeld finansiering av Ryfast, gjeld ikkje reglane for å spara. Men kva er grunnen til at kommunen må spara inn så mykje? Jo, det skuldas at kommunekassa er «botnskrapt». Kven er det som har halde på denne løyndommen? Kven har kunne sete og sett på at pengesetlane går opp i røyk?

Eitt av tiltaka for å spara inn dei 25 millionane er å innføra eigedomsskatt. Etter mitt skjønn er dette eit tiltak som går ut på å tena pengar, ikkje spara! Det gamle ordtaket seier «pengar spart, pengar tent». Her tenkjer politikarane definitivt omvendt. Det kan visst gå i surr for kvar og ein, sjølv for politikarane som er tilsette for å gjere ein viktig jobb i styre og stell.

Når politikarane ikkje har nok pengar å rutte med, er dei frykteleg opptadde av å auka inntektene og spara meir. Dette ser eg ikkje logikken i! Når ein privatperson ikkje har nok pengar å rutte med, må han prioritera. Kvifor gjer ikkje politikarane dette? Det er trass alt privatpersonane sine pengar dei har å rutte med. Når ein lokalpolitikar uttaler at «eigedomsskatt gir oss ei forutsigbar inntekt og fritar oss frå å gjennomføra store kutt i kommunen si drift i tida som kjem» kan ein lura på om NN ikkje har tenkt på å gjere drifta av kommunestyret billegare.

Eigedomsskatten er ein urettferdig skatt. Som det stod i eit lesarbrev i ei tidlegare utgåve av Bygdaposten, må me betala til staten i fleire omgangar, før me endeleg får oppført ein bustad. Først skattar me på inntekta, og i byggjeprosessen må me ut med 25 % av alle tenester me kjøper av handverkarane. Når husa skal innreias går ytterlegare 25 % av kjøpesummen rett i statskassa.

I Hjelmeland kan det verke som om politikarane må tyna innbyggjarane sine for mest mogleg i sin eigen kommune, før dei får tilførd meir statlege tilskot. Er dette rett når me ser på kvifor kommunen får redusert dei statlege tilskota? Når kommunen vel å innføra ei rekkje tiltak som ikkje hjelper noko på bulyst, men heller det motsette, er det ikkje noko rart at folk flyttar frå kommunen vår, og at kommunen av den grunn mist statlege tilskot. I Hjelmeland må ein i både teori og praksis betala for å bu i kommunen!

Ein ser også at føretaka i kommunen anten trugar med å flytta eller flyttar, sidan dei meiner eigedomsskatten er urettferdig. Føretaka har sjølvsagt råd til å betala eigedomsskatt, men som ein seier er dette ein urettferdig skatt, og den vert ikkje mindre urettferdig når det verkar som om takstane er henta or lause lufta. Det vert mindre lønnsamt å driva eit føretak i Hjelmeland kommune, jamført med andre kommunar. Alle som har eit lite innblikk i forretningsverksemd veit at ein ønskjer å ha få utgifter og mykje inntekter. Då er det synd at politikarane våre er så einerådande, ærgjerrige og stolte at dei ikkje kan krypa til korset og retta opp etter seg. Dersom kommunestyret framleis planlegg å laga ny vegtrasé, slik at «fiskabilane» kan kjøra på ein flott ny veg, bør dei skunda seg. Etter ordførarens siste ønske om å føra inn eigedomsskatt på installasjonar på sjøen, skal ein ikkje sjå vekk frå at drifta på Hundsnes vert lagd ned, til fordel for å slakta fisken under transport på sjøen. Denne situasjonen har truleg ikkje dei leiande makter sett seg inn i. Som ein seier i kommunen for tida: «Dette var mystisk».

Eg les med stor undring at rådmannen snakkar om «mystiske omstende» og at leiaren i sakkunnig nemnd for eigedomsskatt seier at det var bra for innbyggjarane i kommunen at det var stygt vêr under takseringsarbeidet. Sistnemnde seier noko om kor tilfeldig eigedomsskatten kan vere: Berre det ser stygt ut vil taksten vere låg?!

Etter «Forskrift om offentlige anskaffelser» pliktar kommunen seg i å lysa ut takseringsarbeidet på anbod. Dette skuldas at prisen på tenesta vart over 500 000 kroner ekslusive mva. Har kommunen gjort dette? Så langt eg kan sjå, er det ikkje nokon dokument eller saker på kommunen sine heimesider som omtalar anbod på taksering. Har kommunen følgd lovverket? 

Ved arbeidet med takseringa er det truleg også gjort mykje gale, sidan utsendinga av rekningar på eigedomsskatt vart forsinka på grunn av for mange klager. I hastverket kommunen har hatt, har det tydelegvis ikkje vore rom for å gjere noko grundig. Eg er sikker på at innbyggjarane i kommunen har lyst til å vere revisorar for eigedomsskattrekneskapen ved utgangen av år 2008. Der vil me sjå sett opp resultat og balanse, og ingen postar skal unnatakas: Absolutt alle inntekts- og utgiftspostane skal føras! Det hadde også vore greitt å fått rekneskapen publisert i Bygdaposten, kanskje under vitsesidene...

Det er også merkverdig korleis politikarane hasta for å få innført eigedomsskatten. Ikkje meir enn tre månadar etter valdagen hadde politikarane tatt ei avgjerd i saka. Ein skulle nesten trudd at politikarane eigentleg visste om korleis økonomien i kommunen var, og at dei har planlagt å innføra eigedomsskatt heilt sidan valkampen. Fleire av politikarane i kommunestyret har sete i stillingar der ein ikkje kan unngå å ha kunnskap til kommunens økonomi.

Politikarane i Hjelmeland har nærast guddommeleg kraft, og når dei først har bestemt seg for noko, får dei det som dei vil. Men hugs på: Det er framleis ikkje for seint å snu! Dersom politikarane ikkje handlar no, veit eg at innbyggjarane i Hjelmeland har god hukommelse. Alle med røysterett kjem til å hugse korleis det gjekk i førre kommuneval, og resultatet ved valet i 2011 vert heilt annleis enn ved valet i 2007. Bjørg Hetlelid (H) og Lin Veronica Jacobsen (Ap) har kome fram med utruleg lite idioti samanlikna med visse andre i kommunestyresalen. (Eg får seie som lærarane når nokon har gjort noko gale: Dei det gjeld, veit sjølv om det). Det skal ikkje forundra meg om Hetlelid og Jacobsen stikker av med ordførar og varaordførarposten i 2011.

Likevel må eg leggja til eit men: I Bygdaposten sine reportasjar og i ytringar elles er det kome fram at representantane frå Høgre, Arbeidarpartiet, Venstre og Framstegspartiet har arbeidd mot innføringa av eigedomsskatten. I kommunestyret 12.12.2007 røysta samlege representantar frå dei nemnde partia for Bjørg Hetlelid sitt forslag om å ikkje innføra eigedomsskatt. Når kommunestyret skulle røyste over heile saka samla (framlegget frå formannskapet om innføring av eigedomsskatt), var det berre Ola Ingvaldstad (Frp) som stemte mot dette. Fekk dei andre plutseleg kalde føter? Våga dei ikkje – når alt kom til alt – å stå for det dei meinte?

PS! Eg må tilføye at eg tykkjer det er særs viktig at ein ikkje blandar rollene politikar og privatperson. Ein skal omtala/tiltala politikarar som politikarar, og ikkje som privatpersonar. Dette er det stor skil på! Som privatpersonar er samlege av politikarane eg kjenner hyggelege folk.  Men igjen: Denne teksten er frå ein frustrert veljar til politikarane som politikarar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Scroll to Top