Kor vart det av løftet om gratis bøker?

Politikarane braut løftet om at elevar får leiga skulebøker. Dette vert ein dyr ekstrakostnad for elevane på vidaregåande skular.

Til førre stortingsval lova politikarane at elevar i den vidaregåande skulen skulle få høve til å leige skulebøkene hjå skulen. Dette løftet har, som alle veit, ikkje vorte oppfylt.

I staden for har Øystein Djupedal vidareført Kristin Clemet sine idear om ny læreplan, «Kunnskapsløftet». Dette medfører at fjordårets grunnkursbøker er ubrukelege. Samlege grunnkurselevar sit no igjen med bøker som ikkje kan seljast vidare, medan dei nye videregåande-1-elevane må kjøpe alle bøkene sine nye.

Den arbeidande generasjonen hadde mildare krav til utdanninga deira, men trass alt er det dei som har bygd opp «Oljenasjonen Noreg».

Her ser me igjen eit perfekt eksempel på at regjeringa kan utføre visse tiltak, så lenge det ikkje går utover økonomien i Statsbudsjettet. Så i staden for at Staten skal betale, er det norske skuleelevar mellom 15 og 17 år som får svi. Eit bokkjøp for elevar på vidaregåande studiespesialisering kan kome opp i 4000 kroner. Kven har vel lyst til å ta høgare utdanning då?

Til neste år vert det høgare pris på bensin og straum, høgare renter og avgifter, og dyrare forsikringar.

Så no spør eg regjeringa: Er det ikkje på høg tid at me kan bruke litt av oljepengane, så kan me vel snart under sterk tvil kalle oss verdas beste land å bu i?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Scroll to Top