Menneska sitt forhold til døden, varierer alt etter kor i verda dei bur. Tusenvis av menneske lev i konstant frykt for døden, grunna vald og terrorisme kring i verda.
Krig og naud pregar i stor grad mediebiletet vårt. Dette kan føre til at born, som framleis ikkje skjønar seg på verda, vert skremde og redde. Media har sjølvsagt knekt gåta for å selje betre: katastrofar, krig og terrorisme.
11. september 2001 var eit vendepunkt i den vestlege verda. Fleire fly i USA vart kapra. Kaprarane greidde å styrte to fly i World Trade Center og eit i hovudkvarteret til det amerikanske forsvaret. I eit anna fly greidde passasjerane å ta kontroll over flyet igjen, men det enda med ein fatal flystyrt på ein åker. Etter denne dagen vart flytryggleiken kraftig skjerpa. Sjølvsagt hadde folk grunn til å vere redde, men media overdreiv truleg situasjonen. Både i aviser, radio og fjernsyn kunne ein høyre om kor stor den overhengjande faren var, også overfor Noreg som terrormål. Flyselskapa tapte millionar på at redde turistar og reisande ikkje våga å reise med fly.
Eit anna eksempel på at media har forandra verda er krigen i Irak. Presidenten i USA, George W. Bush, avgjorde å gå til krig mot Irak. Etter Bush sitt skjønn oppbevarte Irak masseøydeleggingsvåpen, og Saddam Hussein nekta å utlevere desse. Resultatet vart krig. Journalistane var på plass som eit TV-team på ein røynsleserie i fjernsynet. Folk over heile verda kunne følgje med på klasebombene som ramla over byane. Fleire tusen vart såra og hundrevis vart drepne. Innbyggjarane i Irak kunne ikkje unngå å tenkje på døden. I teorien kunne dei døy når som helst.
Men no skal ikkje media få all skulda for at folk er redde for å døy. For ikkje så lenge sidan spurte søskenbarnet mitt på fem år kvifor oldemora hennar var død. – Fordi ho var gammal og sjuk, fekk ho til svar. Då er det ikkje grenser for kva fantasien til ungar kan finne på. Dei kan leggje saman to og to. Det neste spørsmålet vart då: – Dersom eg ikkje vert sjuk og ikkje gammal, når skal eg døy då? Den litle jenta trudde at det var alderen si skuld at oldemora var død. Kven har vel lyst til å leve lenge då? Det rette hadde vore: – Oldemor var utsliten og vart henta til himmelen av ein engel.
Når eg skreiv det siste punktumet i førre setning, fekk eg ein telefon frå ein gammal kjenning. Det var faktisk litt av eit samantreff, sidan han er veldig religiøs. Då byrja eg å tenkje på kva forhold dei sterkt religiøse har til døden. Eg trur at døden for dei, er ei form for frigjering. Dei kjem til himmelen og får leve der, utan å lide noko
naud. Men på ei annan side må det også vere litt skremmande for dei òg. Døden er det same anten ein er kristen, buddhist eller ateist. Alle skal døy ein gong, men ingen veit korleis det eigentleg er. Kva ein eventuelt kjenner og opplever når døden inntreff, er det ingen som veit eller kan bevise.
Når me tenkjer over at alle tenkjer på døden, og at ein stor del faktisk er redd for døden: Er det noko som er verdt å døy for? Både ja og nei. Dei aller fleste seier dei ville dødd for ein god ven, eller eit familiemedlem. I Henrik Ibsens «Villanden», prøver Gregers å få Hedvig til å gjere eit offer ved å drepe noko av det ho har mest kjær, Villanda. Dei som har lest eller sett stykket, veit at Hedvig ikkje drep anda. I staden for å gjere som Gregers har fortalt ho, skyt ho seg sjølv. Var Hedvig så glad i villanda at ho kunne døy for ho, eller var det berre for å få slutt på dei mentale lidingane ho vart påførd?
Mentale lidingar har ofte skulda i drap og liknande. Eg seier ikkje at folk ikkje har rett til å ha det vondt inni seg. Men når ein får høyre i rettsakar at gjerningsmannen var mentalt sjuk, og dermed ikkje kunne klandras for ugjerninga, då vert eg sint. Berre fordi vedkomande ikkje har fått legehjelp, har ein då rett til å la folk ramle rundt ein som flogar? Dei må ta eit skikkeleg tak i seg sjølve å få orden på tinga sine, elles vil me gå frå å vere «mannen på gata», til å vere «mannen i stova». Korleis hadde verda vore då?
Me må få løyve til å gjere det me har lyst til, utan at det skal gå utover eller ein sjølv. Personleg må eg seie at eg ikkje hadde klart meg utan humor i kvardagen. Korleis er det då med dei som ikkje klarar seg utan det sosiale i kvardagen? Dersom alle vert redde kvarandre og gøymer seg i kvar sine stover, korleis vert livet vårt då? Den dagen me har fått slutt på all vald og krig, skal eg juble og feire heile dagen.
Dagen når menneska kan leve saman med kvarandre utan å frykte at dei kan døy. Dersom me står igjen med berre naturlege dødsfall, trur eg at me vert mindre redde for døden. Når døden vert forbunden med så mykje vondt, trur eg at døden også vert vond. Då kan me tenkje på ein nyleg avdød person og seie:
– Personen levde eit langt og godt liv, så no kan vedkomande slappe av.
Dette er etter mi meining betre enn slik verda er no. Eg gledar meg til den dagen me kan seie som i reklamen:
– Det dreier seg ikke om sorgen, den kommer uansett, men om livet som skal gå videre.