Ei dialekt (frå gresk διάλεκτος, som tyder samtale) kan skildrast som ei språkform som er spesiell for ein del av eit større geografisk område.
Det er uråd å fastslå eksakt kor mange dialektar det er i Noreg. Det finnes truleg like mange dialektar som det finnes stadar. Ei eventuell oppteljing avhenger dermed av kva nivå ein vel å leggje seg på når ein føretek inndelinga, kor nøyaktig ein vel å vere.
Dersom ein reknar med at kvar kommune i landet representerer ei dialekt, kan me rekne med at det er om lag 431 dialektar i Noreg. Til trass for dette kan likevel nabokommunar ha større dialektskilnadar enn ein reknar med. Det same gjeld for tettstadar innbyrdes i kommunane.
I samband med denne artikkelen nytta det ikkje å gjette korleis dialektane var. Difor måtte eg undersøkje korleis dialektane var. Eg intervjua seks personar for å finne ut korleis dei uttala forskjellige ord. Dialektane eg undersøkte var frå Tau, Finnøy, Jørpeland og Fiskå. I tillegg valde eg å ha ein ekstra representant frå Jørpeland, som hadde morfar frå Hjelmeland. Då var eg i stand til å undersøkje om ho var påverka av morfaren si dialekt. For samanlikninga sin del tok eg også med ein representant frå Bokn. Som representant frå Hjelmeland valde eg meg sjølv. Alle mine besteforeldre lever, og eg omgås ofte med dei. Dette har kanskje ført til at eg snakkar litt «gammaldags» samanlikna med andre hjelmelandsbuar på min alder.
For å skildre litt av geografien bør eg nemne at Jørpeland er ein av ryfylkebyane, ikkje langt frå Stavanger. Tau ligg nordvest for Jørpeland og sørvest for Hjelmeland. Fiskå er om lag ein mil nordvest for Tau. Midt ute i fjorden ligg øykommunen Finnøy, som grensar til både Hjelmeland, Strand og Bokn kommune. Finnøy har ikkje fastlandssamband.
Felles for alle desse stadane er skarre-R, leninisering, dei personlege pronomena og a-infinitiv. Leninisering inneber at dei opphavlege lydane p, t og k vert erstatta av høvesvis b, d og g. Til dømes klyba, båd og spiger. Dei personlege pronomena i desse dialektane er eg og me. I a-infinitiv får me til dømes hoppa, spela, og skriva. I tillegg til desse målmerka ser me også at sterke hokjønnssubstantiv i bestemt form eintal får endinga –å. Til dømes bygdå, bogå, lampåog skoffå. Hannkjønnssubstantiv i ubestemt form fleirtal får endinga –ar. Til dømes: hestar, bilar og gitarar.
Til trass for alle desse likskapane og at dialektområda er så nært geografisk, er det likevel skilnadar. Ein av dei største skilnadane er truleg at jørpelandsbuane generelt sett snakkar «penare». Dette har truleg samanheng med at Jørpeland er ein by, og har mykje kontakt med Stavanger. Likevel er det morosamt å sjå at folk frå Tau som ligg nærare Stavanger, ikkje har så «pen» dialekt som jørpelandsbuane.
Eit av målmerka er uttalen av nektingsadverbialet ikkje. Det var berre representantane frå Bokn og Hjelmeland som uttalte dette som ikkje, medan dei andre uttalte det som iskje, som i skjegg. Av dette ser me at dialektområda som ligg meir avskilde frå byane held betre på kj-lyden. Det same var tilfelle når eg undersøkte tj-lyden. Hjelmelandsbuen og boknaren sa tjue medan dei andre representantane sa sjue.
Segmentering er når to like lydar vert gjort om til to ulike. Saman med finnøybuen nytta både hjelmelandsbuen og boknaren segmentering. Dette var tilfelle i adle og fjedl. Det interessante her er at representanten frå Jørpeland med bestefar frå Hjelmeland også sa fjedl (men ikkje adle). Likevel er det ingen regel utan unntak. Når representantane skulle uttale ordet kylling, var det berre representantane får Bokn og Hjelmeland som haldt på kj-lyden. I tillegg var det berre representanten frå Hjelmeland som haldt på segmenteringa: kjydling, mens dei andre uttala det som skjylling.
Tidlegare nemnte eg at spesielt jørpelandsdialekta var penare enn dei andre dialektane. Dette kan ein finne igjen i enkeltord som til dømes: spisa, mye, vann, flua og hjem. I desse døma sa dei andre representantane: eda (Tau: eda/spisa), møje/(Bokn: møgje), vatn, flåga (med unntak av Tau: flua) og him/heim (Tau: heim/hjem). Hjelmelandsbuen og finnøybuen sa øskja, medan dei andre representantane sa eska. Her ser me at boknaren også hadde snev av penare ord.
Det neste punktet eg granska på var om nokon av dialektane hadde omlyd av sterke verb i presens. Dette var tilfelle i dialektane frå Hjelmeland, Finnøy og Bokn. Dømet mitt var presens av verbet å komma. Her sa dei nemnte representantane kjeme (finnøybuen gløymte uttalen av kj-lyden), medan dei andre sa komme. Andre døme kunne vore: sove/seve, grave/greve og liknande.
I teksten ovanfor har eg omtalt bruken av gammal og ny teljemåte. Dette kunne også vere interessant å forske på. Resultata av denne undersøkinga gjorde det klart at alle uttalte til dømes årstal etter ny teljemåte: 1989 → nittenåttini. Når det derimot var snakk om eit tal (22) uttalte representantane frå Hjelmeland, Finnøy og Bokn talet etter gammal teljemåte, toåtjue. Dei andre representantane nytta også her den nye teljemåten.
Ut i frå denne miniundersøkinga kan eg konkludere med at dialektbrukarar i område som ligg nærare og har meir kontakt med byar, har lettare for å få urbanisert talemålet sitt. I meir avsidesliggjande strøk har folket greidd å halda meir på dei gamle tradisjonane. Etter mi meining kan me klassifisere desse dialektane frå urbane til landlege slik: Jørpeland, Tau, Fiskå, Finnøy, Bokn og Hjelmeland. Eg trur også at det berre er eit spørsmål om tid før alle desse dialektane er meir eller mindre like einannan. Dette skuldas sjølvsagt at verda vert mindre for kvart år som går.
Kjelder:
Våga, Hans Marius: «Norske dialektar – målmerke og heimfesting», 2003
Schjerven, Petter Wilh. red.: «Typisk norsk». Dinamo forlag, 2005.
http://no.wikipedia.org/wiki/Dialekt
Spørjeundersøkinga nedanfor
Vedlegg:
Resultat frå spørjeundersøking, føreteken 18. september 2007.
| Hjelmeland | Tau | Finnøy | Jørpeland med familie frå Hjelmeland | Jørpeland | Fiskå | Bokn |
| Morten Hetland (17) | Nina Lode (18) | Odd Bergøy (18) | Marte Ritland Sandvik (17) | Gabriel Holta (18) | Bodil Eie (18) | Hans Marius Våga (30+) |
| Eda | Eda/spisa | Eda | Eda | Spisa | Eda | Eda |
| Him | Heim/hjem | Heim | Heim | Hjem | Him/heim | Him/heim |
| Adle | Alle | Adle | Alle | Alle | Alle | Adle |
| Fjedl | Fjell | Fjedl | Fjedl | Fjell | Fjell | Fjedl |
| Tjue | Sjue | Sjue | Sjue | Sjue | Sjue | Tjue |
| Nittenåttini | Nittenåttini | Nittenåttini | Nittenåttini | Nittenåttini | Nittenåttini | Nittenåttini |
| Toåtjue | Sjueto | Toåsjue | Sjueto | Sjueto | Sjueto | Toåtjue |
| Ikkje | Isje | Isje | Isje | Isje | Isje | Ikkje |
| Kjeme | Komme | Skjeme | Komme | Komme | Komme | Kjeme |
| Vatn | Vann | Vatn | Vatn | Vann | Vatn | Vatn |
| Øskja | Eska | Øskja | Eska | Eska | Eska | Eska |
| Flåga | Flua | Flåga | Flua | Flua | Flåga | Flåga |
| Møje | Møje | Møje | Møje | Mye | Møje | Møgje |