Kampen om den nye teljemåten

Året er nittenførtiseks. Krigen er over i Noreg, framtidstrua og optimismen rådar. Etter fem år i framandmanns styre skal Gerhardsen byggje opp landet, murstein for murstein. Problemet er berre at året nittenførtiseks ikkje eksisterar. I nittenseksogførr kjem einarane før tiarane som i seksogførr. I nittenseksogførr vart telefonsamtalane kopla manuelt via televerket sine operatørar. Men dette året startar ein med omlegging frå fem- til sekssifra telefonnummer i Oslo.

I samband med denne omlegginga føretok Telegrafverket sine ingeniørar ei undersøking som viste at talet på feiloppringingar kom til å auke når det vart seks siffer å halde styr på. Og dette resultatet vart eit faktum. Talet på feiloppringingar auka og Telegrafverket tapte pengar på forsinkingane. Katastrofen var uunngåeleg, og noko måtte gjeras snarast. Overingeniøren i Telegrafverket foreslo for indre kretsar at ein måtte leggje om den norske talemåten.

I mars 1949 fremja Telegrafstyret (med telegrafdirektør Sverre Rynning Tønnesen i spissen) eit brev til Samferdselsdepartementet med forslag om innføring av ein ny teljemåte med tiarar framfor einarar. Ein viste då til dei praktiske forsøka som viste at ein slik teljemåte ville gje lågast feilprosent ved munnleg angjeving av telefonnummer.

Etter ein konferanse i Kyrkje- og utdanningsdepartementet vart eit forslag om talordreform framlagt i Stortingsmelding nr. 31 av 1950. Den 22. november 1950 fatta Stortinget eit samrøystes vedtak om talordreform.

I eit rundskriv frå KUD av 25. mai 1951 vart reforma presisert som følgjande: 

  • Tiarar skal uttalas framfor einarar 
  • Det vert innført ny uttale av brøkar. ⅔, ¾ osv. som to tredelar, tre firedelar  
  • Som nye enkeltformer vert tjue, tretti og firti innførd. Dei tradisjonelle formene tyve, tredve og førti går ut (og søttiskulle gå ut som uttale av sytti, som nå skulle uttalas bokstavrett).

Den allereie eksisterande språkstriden i landet fekk ikkje betyding for dette politiske spørsmålet. Reforma som eg har sett opp til høgre vart gjort gjeldande for statsadministrasjonen, NRK og alle andre institusjonar som høyrde til under KUD, det vil seie også heile skoleverket, frå 1. juli 1951. I eit nytt rundskriv frå KUD av 9. juli 1951 vart det meddelt at den nye forma firti skulle gå ut og førti tas inn igjen. Etter dette har Departementet vore heller tause om korleis nordmenn skal telle. Så snart desse endringane vart offentliggjorte fekk dei krass kritikk. Riksmålforbundet haldt fram motstanden mot den nye teljemåten, også med støtte frå mange nynorsktilhengarar. Noregs Mållag gjekk etterkvart over frå motstand mot reforma til å støtte ho. Umiddelbart etter vedtaket vart sett i live, starta styresmaktene avlytting på Telefonsentralen for å kontrollere om den nye teljemåten vart tatt i bruk. Til tross for strenge tiltak held folk fram med å seie tala på gamlemåten. Allereie på sekstitalet måtte telegrafdirektøren innsjå at draumen om ein ny teljemåte ikkje gjekk i oppfylling.

Ein av grunnane til at denne reforma var vanskeleg å gjennomføre, var at elevane som lærte den nye teljemåten i skulen, gjekk heim og høyrte den gamle. Slik vart elevane forvirra og blanda teljemåtane. I 1958 haldt ein spørjeundersøking om kor mange som nytta den gamle teljemåten. Resultatet var oppsiktsvekkande: Heile 81 prosent sa at dei framleis nytta den gamle tellemåten. I 1968 fekk Norsk Lytterforening utført ei undersøking der spørsmålet var om eigen bruk. Resultatet tyda på at den nye teljemåten var begynt å stå noko sterkare blant dei yngre, men at den generelt sett var langt frå å ha slått gjennom.

 Ny teljemåteGammal teljemåteVeit ikkje
Mann28%70%2%
Kvinne28%69%3%
15-29 år38%58%4%
30-59 år26%72%2%
60 år →17%79%4%

Vibeke Lauritsen har forska på teljemåtane i landet vårt. Då fann ho ut at Aftenposten, Dagens Næringsliv og Arbeiderbladet brukte formene syv, tyve, tredve og gamal teljemåte. Adresseavisen tillet fritt val av teljemåte. Fædrelandsvennen tillet fritt val blant enkeltformene syv/sju osv., men dei praktiserer den nye teljemåten. Bergens Tidende, Agderposten, Nordlys og Stavanger Aftenblad var mest rettskrivingstrue. Desse avisene forlangar sju osv. og ny teljemåte. 

Med dette kan ein konkludere med at den nye teljemåten inngår i dei offisielle skriftspråka nynorsk og bokmål. Denne teljemåten er ei språkpolitisk vedtatt endring av nyare dato, og har difor ikkje heilt fått innpass hjå det norske folk. I formelle samanhengar og blant yngre har den derimot fått større suksess. Den gamle teljemåten har derimot større utbreiing i det uformelle talemålet kringom i landet. I hovudsak nyttar den eldre delen av befolkninga den gamle teljemåten. I nittenseksogførr visste alle kva år det var, men i nittenåttini var det også mange som sa nittenniogåtti. Kongeriket Noreg lid rett og slett av språkleg forvirring.

Kjelder:

Schjerven, Petter Wilh. red. «Typisk norsk». Dinamo forlag, 2005.

www.riksmalsforbundet.no/ordskiftet_0199.html

www.sprakrad.no/Trykksaker/Spraaknytt/Arkivet/Eldre/Om_aa_faa_folk_til_aa_telle_a

www.sprakrad.no/Trykksaker/Spraaknytt/Arkivet/Spraaknytt_1996/Spraaknytt_1996_3/Den_nye_teljemaaten

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Scroll to Top