Kvinna – ei gåte

Kor mange gonger har du ikkje stilt deg spørsmålet; kva er det med kvinnene? Eg greier ikkje lenger å telje på verken fingrar eller tær, eller begge delar. For meg vil kvinna alltid vere ei gåte.

Ein vert rett og slett ikkje kloke på dei. Dersom ein er dum nok til å prøve å verte klok på dei, kan ein like godt berre gje opp forsøket allereie no. Skilnadene på menn og kvinner er meir enn kjønnsorgan og bryststorleik. Ut i frå åtferda å dømme ville ein kunne sagt at dei kjem frå to forskjellige planetar.

Med desse astronomiske avstandane mellom kjønna, er det er rett og slett eit under at menneskerasen har greidd å overleve såpass lenge. Likevel må eg sitere dei gamle: «Det var mykje betre før i tida». Tenk på heldige Adam: Han slapp å høyre om alle mennene som Eva kunne ha gifta seg med. Dette er truleg berre eitt av problema i eit ekteskap. Kvifor skal den stakkars mannen få stadige truslar om at kona faktisk er i stand til å flytte frå han? Som om ikkje det var nok, elskar ho å strøye salt i såra ved å fortelje at kameraten hans er mykje kjekkare.

Dersom kvinna skulle ta ei avgjerd om å flytte frå mannen utan å spørje han, er ho berre ei sjølvstendig kvinne. Hadde derimot mannen tatt ei avgjering utan å spørje kona, er han sjåvinistisk. Korleis heng dette saman? Eller rettare sagt, heng det saman? Eit anna døme er når ei kvinne treng hjelp til husarbeidet og spør mannen sin om hjelp. Då vert det kalla ei teneste. Men når mannen treng hjelp til å gjere noko som kvinna ikkje liker, vert han plutselig dominerande… Lever me ikkje i eit tilnærma likestilt samfunn?

Dette med likestilling er tydelegvis berre oppskrytt, i alle fall når ein studerer hypotetiske eksempel på forfremjing: I eit firma er det to kandidatar til å verte forfremja til salssjef, ein mann og ei kvinne. Direktøren er sjølvsagt mann. Dersom direktøren vel mannen kallar ein det favorisering, men dersom direktøren vel kvinna vert det kalla likestilling. Er det då likestilling? Etter mitt skjønn burde ein velje folk ut i frå kvalifikasjonar.

Når eg skal søkje etter ei kone vil eg skrive i stillingsannonsen at ho må kunne lage mat, gjere husarbeid, vere heime med eventuelle born og å halde mor si vekke frå meg. Svigermora er generelt sett ikkje noko å samle på. Skulle eg komme til å vere gift med to kvinner på ein gong utan at dei veit om kvarandre, vert det kalla bigami. I Noreg er bigami strengt forbode, og ein har strenge straffer for det. Maksimumsstraffa for bigami i Noreg er to svigermødrer.

På ein måte kan ein seie at svigermor er skjellsord for ei godt moden kvinne med ei dotter som er gift. Denne dottera kan også få skjellsord frå mannen, men dersom han vil komme heilskinna frå det, bør han unngå å kalle ho for kråke, kjerring eller heks. Ord som søta, kjære og pus kan ein i høgaste grad tilrå å nytte så lenge ein kan. Har ein evna til å ha det kjekt saman med kvinnene er det bra, men det eksisterer forferdelig mange problem med dei også.

Eitt av problema med kvinner er at dei stiller spørsmål for å avkrefte det dei allereie meiner, og ikkje for å høyre meininga til eit medmenneske. Er ein uheldig og ikkje veit om dette, kan ein gå rett i fella. Når ei kvinne stiller deg spørsmål som «Har eg lagt på meg?», «Er ho finare enn meg?» og «Er maten til mor di betre enn min?» er svaret alltid NEI. I desse tilfella skal ein aldri ytre det ein meiner, men heller hjelpe kvinna med å byggje opp sjølvkjensla. Ein gift mann bør heller ikkje svare «ingen spesiell» på spørsmålet om kven som ringte. Dette kan føre til ein heftig diskusjon om likestilling og om eksistensen av PMS.

Når eg først er inne på hormonsystemet hjå kvinner, kan det vere greitt å nemne humørsvingingar. Ein gong i månaden vert kvinna ustabil og kan eksplodere for små filleting. Pass derfor alltid på at du ikkje er for sleivkjefta i denne perioden. Er ein sosial og omgås (med) fleire enn ei kvinne bør ein aldri vere sleivkjefta. Faren for at kvinna er ustabil er konstant overhengande. Dette er fordi tidspunktet for denne perioden er det einaste kvinnene ikkje har til felles. For å unngå å komme i denne krisa er det betre å ta seg ein tur i skogen.

«Som ein roper i skogen, får ein svar», heiter det i eit gammalt ordtak. Når ein først har fått svar kan ein jo rope igjen. Ein veit nemleg alltid kva ein vil få til svar. For kvinnene gjeld noko anna. Husarbeid har frå gammalt av vore ei kvinneleg syssel, og denne tradisjonen aktar ingen menn å øydeleggje. Men dersom mannen nyttar intuisjonen sin, vil han truleg komme fram til at kvinna kanskje treng hjelp til husarbeidet. Han går bort til kona og spør om han skal hjelpe til. «Nei, eg greier det sjølv», svarar ho med ein litt furten og bisk tone. No har mannen sett seg inn i litt av eitt dilemma. Dersom han ikkje høyrer etter og heller hjelp ho, tek han ikkje omsyn til vala hennar. Den største faren er dersom han er dum nok til å høyre etter og set seg ned igjen. Då er han lat og uverksam. Korleis skal ein stakkar mann kunne vite dette utan erfaring?

Faktum er at erfaring kan vere både positivt og negativt. Dette er fordi kvinner er så forskjellige. Når eit trur at ein skal handsame ho på ein måte, er fasiten ein heilt annan måte. Kvinnene vert sure ved ukorrekt bruk, men når ein treff innertiaren vil ein smelte hjartet deira.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Scroll to Top