Språket me kallar norsk er forma av kriser, handel, unionar og ungdomskultur. Alt frå hanseatar til hiphop har sett sitt preg på måten me snakkar og skriv på i dag.
Me snakkar ofte om kor særprega det norske språket er. Denne illusjonen har nok streifa mange, men norsk er eigentleg ikkje så særprega som dei fleste trur. Over ein tredel av orda i språket vårt har me lånt frå andre språk, og dette er ikkje eit nytt fenomen. Importen av utanlandske låneord har skjedd i løpet av dei siste tusen åra, og han har ikkje stansa. Likevel kan ein sjå at dei fleste lånorda er så gamle at dei for lengst har fått norsk skrivemåte. Forsking viser at 87 prosent av dei moderne importorda i norske aviser (i tidsrommet 1975–2000) kom frå engelsk. Likevel er det ikkje berre engelske importord i språket vårt. Dei norske ordlistene er fulle av ord frå latin, gresk, tysk, engelsk, nederlandsk, fransk og arabisk. Me finn òg mange ord frå nabolanda Sverige og Danmark.
Grunnen til at me har låneord frå Sverige og Danmark, er temmeleg logisk. På 1300-talet var talemålet mellomnorsk, og skriftspråket var ein «kvasi-blanding» av norrønt og mellomnorsk. Svartedauden herja i landet frå 1349, og rundt halvparten av folket strauk med. Ulempa for språket var at adelsmennene var dei einaste som kunne lesa og skriva. Den norske skriftkulturen braut saman med adelsmennene. I 1397 gjekk me inn i union med Danmark og Sverige. Historikarane kallar det for union, men faktum er at Noreg aldri hadde mykje å seia i unionen med Danmark. Heile kongeriket blei styrt på dansk, så embetsmennene var danske. Sidan dei som kunne skriva norsk var døde, måtte det gjenlevande folket hengja seg på det danske skriftspråket. I 1550 kom Bibelen på dansk, og det var gjennom det religiøse språket nordmenn etter kvart lærte å lesa.
Eit danskbasert overklassetalemål utvikla seg på 1600- og 1700-talet, rett nok med ei norsk uttale. Denne uttalen skifta med landsdelane når det blei snakka av norskfødde embetsmenn m.m. Rundt 1800 snakka truleg eit par prosent av folket dette språket, mest embetsmenn, dels òg godseigarar og kjøpmenn. Dei var oftast av innvandrarslekter, stort sett frå Danmark og Tyskland. Resten av folket i Noreg snakka dialektar, som allereie på den tida hadde utvikla grunntrekka som dei har i moderne tid. Likevel var ordtilfanget og delvis grammatikken meir «alderdommeleg» enn i dag.
Regionalisering av dialektane førte til at talemålet gjekk gradvis over til å bli dansk, takka vera det danskpregete talemålet i byane. I motsetnad til skriftspråket, blei ikkje talespråket i så stor grad påverka av dansk. Dette er truleg grunnen til at nordmenn i dag snakkar ulikt danskar, men at me likevel evnar å forstå kvarandre. Etter eit unionsskifte blei Noreg i 1905 ein sjølvstendig nasjon etter meir enn 500 år med union.
Unionstida sette tydeleg preg på det norske språket, men utanrikshandelen hadde òg ei avgjerande rolle. I hansatida (frå 1200-talet til 1500-talet) styrte hanseatane mesteparten av Noregs utanrikshandel. Hanseatane var frå området me i dag kjenner som Tyskland. Hanseatane tok med seg utallege ord på handelsreisene sine, og for at nordmenn skulle forstå dei, måtte òg det nedertyske språket lærast. Via hanseatane fekk me innført mange lånord. Dette er grunnen til at tysk og norsk har så mange like/liknande ord i dag. Døme på dette er: å koma – zu kommen, bekk – Bach og foreining – Verein. I tillegg stammar samtlige ord i norsk som startar med an- og be- eller sluttar med –heit og –ing frå dette språket. Seinare tok nederlendarar over utanrikshandelen, og flamske ord gjorde inntog i det norske språket.
Etter kvart som me har fått nye ord, har me prøvd å «integrera» dei i det norske språket. Me kan gjera dette på tre måtar: Ein kan laga nye erstatningsord, norvagisera orda eller ein treng ikkje å endra på noko. Nye erstatningsord kan vera make-up → sminke, matche → passa saman og image → stil. Desse erstatningsorda blir som eit tillegg, for ein kan faktisk bruka alle orda eg har nemnt i norsk språk. Likevel blir det tilrådd å bruka norske ord med norsk skrivemåte. Norvagisering tyder det same som å fornorska skrivemåten, jfr. jaleoux → sjalu, cakes → kjeks, chauffeur → sjåfør og exhaust → eksos. Når me ikkje tek oss tid til å verken norvagisera eller å laga erstatningsord, blir resultatet at skrivemåten på moderspråket og norsk er den same, jfr. lighter og design.
For å ta eit døme på glitrande norsk arbeid, vil eg trekkja fram ordet broadcasting som skulle fornorskast i 1922. Dagbladet opna for at lesarane kunne koma med forslag til eit avløysarord, og takka vera norsk dugnadsånd fekk dei mange forslag. Nokre av dei var braadkasting, lydkasting, rundkasting, kringljoming, kringtuting, strålofon, allemannslyd, gjallarhorn og varderop. Resultatet av kampanjen er som kjent kringkasting, likevel var det mange gode og mindre gode forslag som blei stemde ned.
Nordmennene lukkast i å fornorska broadcasting, men i dagens meir opne samfunn tek engelsken språkeleg sett over meir og meir av samfunnet vårt. Store norske bedrifter brukar engelsk til å kommunisera, stadig meir av den høgare undervisninga føregår utelukkande på engelsk og ungdommens slang er så å seia berre engelskprega.
Slang er moteord som er medvitne brot med normalspråket. Veldig mykje slang finst opp i spesielle miljø. Det blir laga i musikk, film og reklame, og det er vaksne som finn på slangorda. Slangen spreier seg deretter og blir mest brukt av ungdom, det blir derfor oppfatta som eit ungdomsfenomen. Kvar nye generasjon har ofte sine eigne slanguttrykk, som då blir ein del av frigjeringa frå foreldregenerasjonen, eller ein del av deira eige varemerke. Slangen blir òg brukt i skriftlege, uformelle samanhengar mellom unge. Ein kan for eksempel skriva «det var kult å høyra» eller «eg traff ei hot chick».
Den amerikanske kulturen som no pregar Vesten, har ført til at dagens ungdom hovudsakleg brukar ord frå engelsk i slang. Men ein finn òg enkelte innvandrarområde, som dei store byane, der «kebabnorsk» er mykje brukt blant ungdom. Ord som kæbe og schpa stammar frå innvandrarar frå Austen. Døme på slangord frå den amerikanske kulturen er kult (av eng. cool), wazzup? (kva skjer?) og chick (ung jente).
Når me har fått nye fenomen frå den engelske kulturen, blir dei ofte skrivne som den engelske skrivemåten tilseier. Me har døme som røkt sideflesk ↔ bacon, e-post ↔ e-mail og datamaskin ↔ PC (personal computer). I desse tilfella blir den engelske og norske skrivemåten like mykje akseptert, men engelsken har òg ført til skrivefeil i det norske språket: Orddelingsfeil. Dette er feil som gjer det tyngre å lesa ein tekst eller rett og slett gir feil innhald til teksten. Med andre ord kan orddelingsfeil føra til at eit bodskap blir motteke feil, på grunn av avsendaren sin skrivefeil. Går ein på butikken kan ein kjøpa asparges som toppar og bitar. Let ein lenge nok finn ein òg butikkar som sel «pent brukt dame, vesker og sko». Dette er eit fenomen som blir avgjort av kvar enkelt person og ikkje heile Språk-Noreg, så det vil eg ikkje gå lenger inn på.
Ut frå dei punkta eg har omtalt i denne teksten, kan ein konkludera med at norsk er ein salig blanding av mange andre språk. Det er få ord som med sikkerheit kan kallast norske, likevel har me for eksempel fjord, ski, slalåm, viking, quisling og troll. Alle desse er til og med eksporterte frå norsk til andre språk. Likevel er ikkje dette grunnlag nok til å seia at språket i Noreg er heilt norsk. Konklusjonen blir vel at det som me i dag kjenner som norsk består av:
• Eigenproduserte ord (jfr. erstatningsord)
• Ord som har halde på si opphavlege skrivemåte
• Norvagiserte ord (frå engelsk, latin, tysk osv.)