Første stopp på Europa-ekspedisjonen min var Rotterdam, der arkitekturen står i kø for å bli fotografert, alt frå skråstilte kubehus til ein moderne marknadshall med stor glasfasade. Neste etappe gjekk til Brussel, ein by som byr på gullbelagde fasadar, pissande fontenar og små, blå fantasivesen.
Det går som nemnt ingen tog frå Stavanger for tida, sida toga på Sørlandsbanen har lause ruter, så på den første delen av reisa måtte eg fly frå Stavanger lufthamn Sola til Amsterdam lufthamn Schiphol. Eg har begynt å få sansen for KLM, som både har fornuftige prisar og god sørvis.



Eg reknar ikkje flyplassar som eit reisemål. Som globetrottar Gunnar Garfors seier det: «Reknar du å ha ete på ein restaurant om du tilfeldigvis var innom for å seie hei til ein ven mellom forretten og hovudretten hans?»
Første reisemål på turen blei difor Rotterdam.
Rotterdam er den nest største byen i Nederland, og kan mellom anna by på eitt breitt utval i arkitektur. Ja, eg synest at slikt er interessant, så eg går ut frå at reisebreva mine vil ha fleire bilete av byggverk, skulpturar og statuar, enn av mat og folk. Det er trass alt dei visuelle inntrykka på turen som kan stimulera inspirasjonen som eg treng for å kunna ta nye oppdrag innan grafisk design.


I Rotterdam brukte eg berre tog og mine eigne føter til å koma meg rundt, men eg såg òg tydeleg kva som er det føretrekte framkomstmiddelet til mange nederlendarar.

Neste reisemål: Brussel
Namnet på denne jernbanestasjonen var noko forvirrande. For det første skriv ein namnet på byen som både Brussel, Bruxelles og Brüssel, og "etternamnet" var både Zuid og Midi. Etter omfattande research kom eg fram til at Bruxelles-Midi er det franske namnet, medan Brussel-Zuid er det nederlandske namnet på éin og same stasjon.

Uansett kom eg meg av på riktig stasjon, men for å få mest mogleg utbytte av tida eg hadde til rådvelde, skulle eg gjera eit raskt togbyte, og reisa ytterlegare 4 minutt inn til Brussel Centraal-stasjon.


Vel gjennom Royal Saint-Hubert, kom eg inn i noko som truleg er blant dei travlaste gatene i Brussel. Her var det restaurantar og barar med utandørs-servering nedover heile gata, og på annakvart hjørne var det suvenir- eller sjokoladebutikkar.
Etter kvart kom eg til eit tvilsamt neonskilt som peika mot DELIRIUM VILLAGE, og på eit metallskilt ved sida av stod det JEANNEKE-PIS. Som den nysgjerrige typen eg er, måtte dette sjekkast ut nærare. Då eg traska bortover gata, merka eg meg at ei gruppe, med noko som likna på turistar, stod og fotograferte mot den eine veggen.

Aldri før har eg sett noko liknande, at eit urinerande barn skal vera ein kurant måte å laga ei fontene.
Lettare rysta av opplevinga, sette eg kursen mot Grand-Place (Grote Markt); eit stort bytorg som er omgitt av elegante historiske bygningar som er opptil 700 år gamle.

Grand-Place, eller Stortorget på norsk, ble tatt opp på UNESCO si verdsarvliste i 1998. I den offisielle grunngjevinga skriv UNESCO mellom anna:
Grand-Place er et utmerket eksempel på den svært vellykkede blandingen av arkitektoniske og kunstneriske stilarter i dette området. Gjennom arkitekturens kvalitet og torgets fremragende kvalitet som en offentlig åpen plass, illustrerer Grand-Place på en eksepsjonell måte utviklingen av og det som ble oppnådd i en svært suksessfull handelsby i Nord-Europa på høyden av dens velstand.

Velstand og gullbelagde fasadar måtte eg gå i frå, for nå var det på tide å traska vidare, dersom eg skulle nå toget vidare til Luxemburg.
Ein liten omveg tok eg meg likevel tid til, for denne byen var fasinerande. Omvegen gjekk gjennom smale gater med ujamn brustein, forbi kaféar som lokka med belgiske vaflar, og små butikkar som fulle av alt frå sjokolade til små, glitrande suvenirar. Men eg var ikkje svolten på verken søtt eller glitter, så det blei berre med tanken.
Nokre hundre meter frå Grand-Place, såg eg eit velkjent syn: Endå ei lita folkemengd hadde samla seg rundt ein fontene. Denne gongen var det ikkje ei jente på huk som "lét vatnet", men ein gut som stod rett opp og ned med "litlekaren" i handa.

Eg rusla vidare, småflirande over at Brussel har gjort offentleg urinering til ein turistattraksjon.
Frå sentrum gjekk turen via Mont des Arts, det høgtliggjande hageområdet med utsikt over byen. På benkane sat somme folk og kvilte seg, medan andre balanserte på kanten av muren for å få det perfekte Instagram-biletet med rådhustårnet i bakgrunnen.

Nokre minutt seinare stod eg framfor det kongelege slottet, ein majestetisk bygning som ser ut som ein konge burde bu der, men som eigentleg berre er arbeidsplassen hans. Her tek han òg imot gjester frå inn- og utland.

Nå var det berre nokre hundre meter igjen til eg var tilbake ved Brussel Centraal.
Då eg først kom til byen, tok eg meg ikkje tid til å sjå meg rundt. Men nå, når eg hadde kome inn i turist-modus, dukka det opp blå fjes overalt; på banner, på takmaleri og som mosaikk på ein vegg: Smurfane!

Desse små, belgiske vesena blei skapte av teiknaren Pierre Culliford (òg kjent som Peyo) i 1958, og har sidan sidan den gong smurfa seg inn i alt frå teikneseriar til filmar og nøkkelringar. Ja, til og med i taket kan du finna dei.


Brussel er ein by som har mykje å by på. Du kan gå frå overbygde handlegater til gullbelagde, historiske fasadar på Stortorget. I brusteinslagde smug flokkar turistar seg runt fontenar med pissande barn, og det luktar sjokolade og nysteikte vaflar på annakvart gatehjørne. Utsikten frå Mont des Arts er upåklageleg, og det kongelege palasset er eit flott stykke arkitektur.
Og så er det noko sjarmerande ved at ein by som husar EU og store politiske toppmøte, òg har plass til urinerande småfolk og ein fiktiv mellomalderlandsby med små, blå fantasivesen.
Nå tar eg toget vidare til Luxembourg, men eg kjem ikkje fram før rundt midnatt, så denne byen får eg skriva meir om i morgon.


2 tankar om “Kubehus, gullfasadar, pissande barn og blå fantasivesen”