Jubileumsboka om Hjelmeland Idrettslag er nå ferdig trykka. Det har vore eit tidkrevjande men interessant prosjekt å dokumentera 100 år med sport og idrettsglede.

Innhaldet i boka:
- Dei lange linene og nærare innblikk i historiene til:
- Hjelmeland Turn- og Idrettsforening (1910-1945)
- Idrettslaget Hjelm (1945-2005)
- Fister Idrettslag (1963-2005)
- Hjelmeland Idrettslag (2006-2012)
- Krydra med snautt 500 bilete, tabellar og teikningar.
Lanseringsarrangementet blir halde i Ryfylkebiblioteket Hjelmeland (Vågahuset i Hjelmelandsvågen) tysdag 11. desember 2012 klokka 19:00.
Eg kjem til å fortelja og visa bilete frå boka, og det blir eige lanseringstilbod for dei som kjøper boka under lanseringa.
Enkel servering.
