Pustar letta ut

Etter å ha blitt ei erfaring rikare, pustar eg no letta ut etter vel blåst «Hetland og Hausken Show» på Hjelmeland Samfunnshus i går.

I samband med «Hjelmelandsrevyen 2011: Kjekt å ha» kom eg, Fredrik Hausken og Rita Sørensen i gang med planar om å setja opp eige show på Hjelmeland Samfunnshus i løpet av våren 2012.

«Hetland og Hausken Show», med meg, Rita Sørensen og Fredrik Hausken på scenen, og Henrik Smith som lydteknikar.

Paul og Laila Øvrehus har velvillig pøst på med gode råd og tips til korleis me kunne laga eitt godt show. Me fekk med oss Marianne Hausken Olsen som sufflør, og Henrik Smith, den beste lyd- og lysmannguten i Ryfylke, til å ta seg av teknikken.

Etter mange intense øvingstimar dei siste vekene, kan me no pusta letta ut over vel blåst show.

Takk til eit kanonbra publikum som rann inn dørene på Samfunnshuset for å sjå og høyra på oss!

Slikt gjev meirsmak.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Scroll to Top