Få Ryfast på plass snarast

Vegen mellom Ryfylke og Nord-Jæren er i praksis stengt mellom ferjeavgangane i Tau- og Høgsfjord-sambanda. Slik skal det vel ikkje vera i 2012?

Innbyggjarar og næringsliv i Ryfylke-kommunane er framleis avhengige av ferjer for å kryssa fjordane, både nordover og sørover. Pussig nok hender det likevel at eg høyrer ein og annan sambygding, strandbu eller forsandbu som snakkar om at me ikkje vil ha Ryfast. Kva er logikken i det?

Eg blir skuffa over desse bakstreverske haldningane som framleis bur hjå ein del av mine eigne sambygdingar. Me treng Ryfast for å kunna hengja med i tida. Puktum! Fastlandssambanda opnar nye moglegheiter for utvikling i distrikta, og eg har framleis til gode å høyra finnøybuar eller rennesøybuar som helst ville vore utan Finnfast og Rennfast.

Venting på Fiskapiren er ikkje gjevande. (Foto: Morten Hetland)

Kommunevalet i Strand sist haust, Ryfast-valet, avslørte at det er eit fleirtal der som er for Ryfast. Arbeidarpartiet var dei einaste som ville kjempa for ei folkerøysting om Ryfast, og dei fekk berre 40,9 prosent av stemmene. Altså er 59,1 prosent av folket i Strand for Ryfast utan å måtta ha ei folkerøysting.

Dersom det likevel skulle bli aktuelt med ei folkeavrøysting, burde det setjast ei øvre aldersgrense. Valet om Ryfast er nemleg eit val om kva samfunn me som dagens ungdommar skal få overta i framtida. Difor tykkjer eg det er synd å høyra på surmaga oppstøyt som er laga berre for å finna stadig nye og endå tynnare argument mot Ryfast.

Kvifor skal samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa vera ugild i Ryfast-saka, berre fordi ho kjem frå Hjelmeland og er gift med ein som er for Ryfast? Magnhild er minister for heile landet, så det skal vel ikkje vera negativt for oss at ho kjem herifrå. Og Dagfinn Høybråten m.fl. sitt mas om å få sjå KS2-rapporten før den blir offentleggjort... Det er jo berre å venta til saka blir lagt fram for Stortinget, så kan han endevenda rapporten så mykje han vil, men la no ikkje slike bagatellar få stoppa Ryfast og øydeleggja heile framtida vår!

Det blir òg snakka om at bru over Høgsfjorden hadde vore så mykje betre enn Ryfast. Her slit eg rett og slett med å følgja argumentasjonen.

For det første: Viss me skrinlegg Ryfast no, for å satsa på Høgsfjord-bru, vil det ta minst tjue nye år før me i det heile tatt treng prøva å drøyma om å få fastlandssamband mellom Ryfylke og Nord-Jæren, og dette trur eg ikkje regionen har råd til. Tid er pengar, og tjue nye år utan fastlandssamband kan koma til å kosta regionen dyrt.

For det andre: Gunnar Eiterjord, samferdselssjef i Rogaland fylkeskommune har tidlegare åtvara mot at ein trasé over Høgsfjorden ville blitt urimeleg dyrt for trafikantane, sjølv om investeringskostnaden er lågare. Dette skuldast at trafikken via Høgsfjord, altså bompengeinntektene, ville blitt betydeleg mindre enn i Ryfast, fordi Høgsfjord er ein omveg for fleirtalet av de reisande. Dersom ein vel å satsa på Høgsfjord i staden for Ryfast, vil reiseavstandane blir lenger for nær 70 prosent av trafikantane, noko som på toppen av det heile vil gje auka kjørekostnader.

Til sist, og her må eg få vera litt egoistisk: Kvifor vil folk via Jørpeland, Oanes, Lauvvik og Sandnes for å koma seg til bylandet? Med Ryfast kjem ein opp ved rundkjøringa på Madlavegen i Stavanger, der ein kan velja om ein vil følgja E39 nordover mot Bergen eller Sørover mot Kristiansand. Eg kan ikkje sjå at det er noko naturlegare knutepunkt for trafikken til og frå Ryfylke.

Media har òg hausa opp kor farlege dei undersjøiske tunellane er, særskilt i etterkant av bilbrannen i Oslofjordtunellen i juni 2011. Det Norske Veritas har utført ein risiko- og sårbarheitsanalyse av dei tre tunellane som skal inngå i Ryfast, og konkluderer med at ingen tilhøve tilseier at "tunnelene representerer en høyere risiko for trafikantene enn kjøring på veg i dagen".

Ferjene i Tau-sambandet er rett nok betre enn både MF Utstein og MF Strand var, men likevel ser det ut til å vera langt fram til dette sambandet blir velsigna med moderne ferjer. La oss heller få Ryfast, så slepp me å tenkja på kor me kan få tak i passande ferjer. (Foto: Morten Hetland)

I dag tek ferjeoverfarten i Tau-sambandet vanlegvis 40-45 minutt, med 20-25 år gamle ferjer, medan det ville tatt 16 minutt å kjøra ei tilsvarande strekning med bil i 60-sone. Med Ryfast på plass vil reisetida, med ny trasé gjennom nye tunellar, bli meir enn halvert. Samstundes vil dei reisande kunna koma seg fram akkurat når dei sjølv vil, utan å venta 0,5-3 timar på å passera viss dei blir for seine til ferja.

Dessutan vil Ryfast bli nedbetalt om få tiår, medan me vil slita med å subsidiera og betala på ferjebillettar i all framtid, viss det er dette ein ynskjer å satsa på. Etter at ferjeturen frå Tau til Stavanger vart forlenga frå 40 minutt til 75 minutt natt til onsdag 4. januar, grunna uvêret "Emil", har i alle fall eg fått endå eitt argument som talar for Ryfast. At noko vind skal gjera at ferja ikkje kan leggja til er utanfor min fatteevne, men har truleg nær samanheng med at ferjene som trafikkerer sambandet aller helst skulle vore reserveferjer i eitt innlandssamband.

Nei, for å sitera leiaren i ambulansetenesta i Hjelmeland, Åsmund Tuntland: «Framtida er ikkje å venta med sjuke pasientar på Tau-kaien.»

Og eg må seia at venting, anten det er på Tau eller Fiskapiren, ikkje er noko framtid for nokon av oss!

Lenge leve Ryfylke, lenge leve Ryfast!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Scroll to Top