#FarvelMeta

Etter snart tjue år i eit forhold som byrja med dulting og meiningslause innlegg, tek eg nå eit stort steg: Eg slettar kontoane mine på Facebook, Messenger og Instagram.

Det er ikkje dulting eller meiningslause innlegg si skuld. Det er heller ikkje venner og kjenningar si skuld. Det er Mark, og alle dei andre som stadig pissar på personvernet for å gjera seg sjølv rike.

Me hadde det fint ei stund. Eg fekk minna mine servert kvar morgon, og algoritmane visste alltid kva eg ville sjå, før eg sjølv visste det. Men det blir for mykje. Det tek for mykje tid; tid som eg kan bruka til noko meiningsfylt. Og eg likar ikkje å vita at det er EG som er produktet.

For når forholdet handlar om at mine tankar, klikk, bilete og samtalar blir gjort om til salsvare, då bør ikkje forholdet vara lenger. For meg blir dette digitalt sjølvforsvar i praksis.

Eg oppmodar ikkje til å kasta mobilen i elva eller bu i ei hytte utan dekning, men om å ta tilbake styringa. Om å ikkje la algoritmane bestemma kva eg skal lesa, meina, tenka og bruka tida på.

Nå flyttar eg til Hudd, som er eit norsk, reklamefritt og personvern-vennleg alternativ. Alle brukarane der er bekrefta med Vipps eller BankID, og det eg deler og les blir ikkje tolka, lagra og selt av utspekulerte algoritmar.

Hudd er eit norsk, reklamefritt og personvern-vennleg alternativ til Facebook, Instagram og Messenger.

Så viss du framleis du vil halda kontakten med meg: Finn meg på Hudd, send meg ein e-post (morten.hetland@icloud.com) eller ein SMS (tlf. 45 43 69 05). Og eg hugsar framleis korleis ein snakkar i mobilen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Scroll to Top