– Er du forfattar, Morten?

Ein får mange spørsmål opp gjennom livet, men det er ein ikkje alltid like førebudd på kva som kjem ut av munnen på ungdomsskuleelevane.

Sidan september i fjor har eg vore så heldig å få lov til å jobba som lærar på Hjelmeland ungdomsskule, primært i norsk i åttande og niande trinn.

No i april har åttande trinn hadd fordjupingsprosjekt om ein forfattar og eit forfattarskap. Eg stod bakarst i klasserommet til den eine åttandeklassen, og utan forvarsel brukte lærarkollegaen meg plutseleg som døme på kva elevane kunne fortelja om.

– Morten er jo forfattar, sa ho, og alle elevane snudde hovuda sine overraska mot meg.

Eg debuterte som forfattar med slekshistoria «I slektas fotefar» i 2007; den hausten eg fylte 18 år. (Foto: Martin Hetland)

I dag fekk eg uventa eit nytt spørsmål frå den andre åttandeklassen.

– Du, Morten, du er jo forfattar. Kor mange bøker har du skrive? … Jau, no ser eg det, du har skrive tre stykk. Du er jo kjendis! I den neste boka di kan du jo vera med Kristian Valen på eit show og skriva om det; to kjendisar som møter kvarandre, liksom.

Jau, jau… Det er mykje ein skal høyra frå den unge, lovande framtida.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Scroll to Top