Styret i Hjelmeland Mållag handsama argumenta for å behalda Bygdaposten som sjølvstendig avis i styremøtet 18. mai 2009 under sak 13/09. Hjelmeland Mållag er den fjerde største eigaren av Bygdaposten, sjølvsagt berre med ein liten, symbolsk aksjepost på fire aksjar.
Med utgangspunkt i mållaget sin føremålsparagraf og ynskje om meir engasjement blant ungdommane i kommunen vedtok styret samrøystes å kome med ein uttale i saka om eventuelt sal av kommunen sine aksjar til Jæren Avis/Strandbuen.
Mållaget vil ikkje drøvtyggja på det som allereie er skrive i brevvekslingar mellom partane, men vel heller å trekkja fram punkt som mållaget ser som svært viktige i saka.
Først vil me sitera Hjelmeland Mållag sin føremålsparagraf, der det står at me skal ”auka kunnskapen om og vørdnaden for nynorsken og dialektane våre” samt ”styrkja grunnlaget for den folkelege bygdekulturen og verna om miljøet i bygdene våre”. Mållaget meiner at Bygdaposten i aller høgste grad er ein aktiv medhjelpar på desse områda.
Styret i Hjelmeland Mållag trur og fryktar at ei felles avis for Strand, Forsand og Hjelmeland vil verta mest dominert av bokmål, og såleis vil vårt arbeid for nynorsk opp gjennom åra få eit kraftig tilbakeslag.
I tillegg til det språklege tur me også at det redaksjonelle innhaldet vil bli mindre nært og lokalt heimsleg enn det er no. Dette vil truleg medføra at ungdommane si interesse for lokalavisa vert redusert, då ungdommar generelt sett bryr seg meir om sine eigne interesser og noko mindre om dei tunge sakene.
I dag betaler Hjelmeland kommune abonnementet for 240 unge hjelmelandsbuar som ikkje bur heime hjå foreldra og er fødde i 1982 eller seinare. Gjennom dette tilbodet bidreg Hjelmeland kommune og Bygdaposten til at ein held kontakten mellom ungdommane og heimbygda, slik at ein voneleg vil få dei utflytta ungdommane attende til kommunen. Dette er også i tråd med kommunen sin visjon for framtida, ”Hjelmeland i pluss”. Rådmannen ser ikkje for seg å halda fram med å betala ungdomsabonnementet dersom ein sel Bygdaposten og får ei større avis fleire gonger i veka. Dermed vil ein fjerna endå eit tiltak for å få Hjelmeland i pluss, og med slik tankegong kan ein enda opp med å spara seg til fant.
Hjelmeland Mållag vil også påpeike at kommunen framleis har informasjonsplikt ovafor innbyggjarane, og dersom ein sel Bygdaposten må ein sjå etter ei anna løysing for å tilfredsstilla dette kravet. Dette kan bli billigare, men det kan også bli dyrare.
Som det avsluttande, og truleg viktigaste, hovudpunktet meiner Hjelmeland Mållag at det no er svært kortsiktig økonomisk tankegong å selja Bygdaposten ein gong for alle. Dersom Hjelmeland kommune vel å selje aksjane, har De ingen rettar til å leggja føringar på korleis Jæren Avis-konsernet skal drifta avisa. Dersom aksjane vert selde har kommunestyret sagt ja til å selja både avisa og ein del av sjela vår for alltid.
Me vonar kommunestyret tek den avgjerda mållaget ser på som korrekt: Sei nei til sal av avisa!