Mållaga i Strand, Suldal og Hjelmeland var sist onsdag, 26. mai, samla til fellesmøte i Hjelmeland. Då vart spørsmål om nynorskbruk i offentlegheita, opplæringa og næringslivet drøfta.
Saka om justering av språkpraksisen i Hjelmeland kommune vart teken opp, og dei tre representerte mållaga var samde om at ei slik språkjustering vil innebera nok eit nederlag for nynorsken sin posisjon i Ryfylke.
Hjelmeland Mållag ynskjer ikkje å koma med noko irettesetjande peikefinger til verken rådmannen eller formannskapet. Rådmannen si tilråding til formannskapsmøtet 1. juni er me langt på veg samde med, men me ynskjer eit tredje punkt til vedtaket:
3. Rådmannen innleiar samtalar med Hjelmeland Mållag for å organisera nynorskkurs for sakshandsamarane som ikkje meistrar nynorsk.
Hjelmeland Mållag skjønar at dei faglege kvalifikasjonane må koma i første rekkje ved nytilsetjingar, og at språkleg kompetanse på nynorsksida då ikkje tel like høgt. Difor ynskjer Hjelmeland Mållag å hjelpa til med å arrangera nynorskkurs for sakshandsamarar som ikkje meistrar nynorsk. Dersom eit slikt nynorskkurs ikkje blir for dyrt for oss, vil me også dekkja kostnadene med sjølve kurset.
Noko liknande er blitt gjort i Suldal kommune. Det vart ikkje stor interesse når sakshandsamarane fekk tilbod om frivillig deltaking, men då sakshandsamarane vart pålagde å delta, møtte dei opp og kom med positive tilbakemeldingar til kurset.
Dersom formannskapet og rådmannen ser positivt på eit slikt tilbod frå mållaget, tek me i mot sakshandsamarane med opne armar.