Me har mange forskjellege ungdomsgrupper i Noreg. Bygdeungdommen, idrettsungdommen, innvandrarungdommen, byungdommen, gjengungdommen osb. Men kva er det eigentleg som skjuler seg bak fasaden av kvisete og urein hud.
Ishockey er ein sport fylt med fart, spenning og aggressivitet. Ungdom som held på med denne sporten likar altså desse tinga. Det er faktisk påvist i ei undersøking i VG, at ungdommar som driv med denne sporten over lenger tid, ofte vert meir aggressive enn andre ungdommar. Dette er mest sannsynlegvis fordi dei må vere hissige og raske på bana for å få kontroll på spelet. Ishockey er nemleg på mange måtar ein tøff og ikkje minst hard sport.
Eit anna hardt ungdomsmiljø er innvandrarungdommen. Her tenkjer eg spesielt innvandrarar frå land som Irak, Pakistan, Somalia og Afghanistan, sjølv om dei fleste innvandrarane i Noreg faktisk er svenske. Grunnen til at ein ikkje legg merkje til dei er at svenskane kulturen deira er ganske lik vår. Medan dei som kjem frå andre land kjem frå ein stad med ein heilt annan kultur. I løpet av dei siste ti åra har talet på gjengar med etnisk bakgrunn i storbyane auka. Du kan enten finne store organiserte gjengar, eller små gjengar. Kan desse gjengane verta eit problem for samfunnet? Det er vanskeleg å seie noe slik utan å vere rasistisk, så eg vil leggje vekt på at det absolutt ikkje er alle gjengane som er eit problem.
For vaksne og eldre er det heller ungdommen generelt som er eit problem. Eg tur at vaksne og eldre føler det som ei plikt å klage på ungdommen, sånn har det vore i alle år. Men den store feilen dei fleste gjer er å skjære alle ungdommar over ein kam. (Eg har aldri skjønt det uttrykket). Men altså; dei skjær alle over ein kam, og det er blodig urettferdig. Er det slik det skal vere?
Dagens ungdom er ENORMT besett av data. Mange ungdommar gjer ikkje anna enn å sitje framfor PC-en på fritida. Eg er sikker på at auga til ein ungdom er meir firkanta enn ei bok. Dei vaksne klagar alltid på kor mykje ny teknologi ungdommen brukar. Men saka si kjerne er kva teknologi det var når foreldra våre var unge, samanlikna med no. Fjernsyn, mobiltelefonar, datamaskinar, mp3-spelarar DVD-filmar og liknande dippeduttar og dingsebomsar var det ikkje så mykje av i gamle dagar. Men når ein først har funne opp noko, kan ein vel ikkje stoppe utviklinga fordi dei vaksne ikkje er vant med det? Det er berre slik verda er.
Den tekniske utviklinga har rett og slett utvikla menneska. I gode gamle dagar måtte homo sapiens røre på seg for å få i seg mat og for å vere sosiale. No har dei eldre, dei som klagar på at ungdommen er lat, funnet opp maskinar og starta butikkar. Eitt samfunn med så mange maskinar og butikkar som me lever i no, legg faktisk opp til at me skal vere late og at me skal sitje på våre kjære rumper ein god del av livet.
Når ungdommen reiser seg opp av godstolen for å vere sosiale, får dei også kritikk. For å kome seg frå ein stad til ein annan, syklar ikkje ungdommen lenger. Dei tek buss. Mange seier at ungdommen snik på bussen. Det er kanskje noko sant i det, men seinast i går såg eg ei vel vaksen dame skubbe seg framover i busskøen. Det var det ingen som kommenterte. Det verkar som om vaksne trur dei kan gjera kva dei vil, men når ungdommen gjer det same, då er det gale, då! Kvifor er det slik? Men no må me tenkje oss litt om og. Me er kanskje litt frekke og kanskje me ikkje bryr oss så mykje om andre? Eller er det berre dei vaksne som er sure? Støtt og stadig overhøyrer eg når mor snakka med andre om kor kravstore ungdommane har vorte gjennom åra. – Dei vert jo aldri fornøgde, er ein replikk som går igjen og igjen. Då tenkjer eg for meg sjølv: – Kven er det som klagar og syt når prisen på maten går opp litt, eller når mjølka ikkje smakte akkurat slik dei hadde tenkt ho skulle?
Filmar, TV seriar, kjendisar og andre folk er alle med på å påverka liva våre. Me tykkjer stjernene er kule, og difor vil me gjerne vera som dei. Så forandrar me oss kanskje litt, og vert meir frekke, tøffe og kule. Somme av oss er kanskje frekke og snakkar stygt om folk, difor blir ein lett med på det for å vera ein del av gjengen. Alt dette skjer utan at me sjølve veit heilt kvifor.
Det er ikkje så enkelt å vera ungdom. Ein skal vera snill, kul, høfleg og att på til passa inn i miljøet. Når undersøkingar i Noreg visar at 85% av ungdommar mellom 15-17 år drikk jamt, er det vanskeleg å vera den som står utanfor og seier: – Nei takk . Dette er kanskje noko som mange ikkje tenkjer så mykje over, men det er litt viktig å hugsa på kor vanskeleg det er når alle har så store forventingar til ein.
Foreldre, venner og lærarar har mange og ulike forventingar til ein, og det er vanskeleg å vera ideell. Det verkar som om dei vaksne nokon gonger har vanskeleg for å skjøna at me veks og forandrar oss. Kanskje dei håpar på at me alltid skal ha dei same uskuldige meiningane og alltid vere barn. Kanskje me ungdommar berre lever i eit anna tidsperspektiv enn dei vaksne? Eller kan det vere slik at kua har gløymt at ho har vore kalv?