Teoretisk og praktisk gransking av stadnamn på Hetland og omegn.
Kva er eit stadnamn?
Med stadnamn meiner ein namn på alle slags geografiske lokalitetar, til dømes øyer, skjer, fjordar, sund, nes, vikar, teigar, lier, bakkar, elver, vatn og fjell. Ein reknar også med namn på busetnad av ulike slag byggverk og menneskeskapte innretningar, som gardsbruk, stølar, bruer, kverner og dammar. Namn på område og administrative inndelingar, til dømes bygdelag, fylke, kommunar og sokner, vert også rekna som stadnamn.
Målet med stadnamn
Stadnamna har i oppgåve å peika ut einskildlokalitetar. Stadnamna er kulturminne som gjev oss opplysningar om natur, samfunn, arbeidsliv og førestellingar i tidlegare tider, og – ikkje minst – om språket vårt.
Korleis lagar ein stadnamn?
Stadnamna er anten usamansette eller samansette. Usamansette stadnamn inneheld berre eitt namneledd, og dei samansette stadnamna inneheld to ledd. Samansette namn har eit hovudledd (oftast etterleddet) og eit utmerkingsledd (oftast føreleddet). Som usamansette og einledda reknar ein også namn som er laga med eit avleiingssuffiks.
Samansette namn er kopla saman ved hjelp av ei fuge (samansetjingselement). Grunnen til dette er at føreleddet har stått i genitiv. Dette gjeld til dømes Skåraheia, der bokstaven a utgjer fuga.
I dei fleste stadnamna er hovudleddet eit ord som fortel kva type lokalitet eller terrengformasjon det dreiar seg om, til dømes vik, fjell, å, dal, vatn, myr. Slike ord vert kalla grunnord. Nokre namn er laga utan ord for terrengtype, til dømes samanlikningsnamn. Samanlikninga kan sikta til lyden, forma (Brokatjødna), fargen (Kvitemyr), jordgrunnen (Grunnen) eller andre eigenskapar eller kvalitetar ved stadane. Somme namn utan terrengdefinerande ord har bakgrunn i spesielle hendingar eller tradisjonar (Snarehaugen). Somme stadar har fått namn etter eksisterande (Kvernhusåkeren) eller tidlegare bygningar.
I og med at det ofte finst fleire lokalitetar av same slag innanfor eit område, vert det ofte lagt til eit utmerkjande ledd. Utmerkingsledda gjer greie for terrenget (Urdal), form (Runde haugen), storleik (Lågekollen), farge (Svartavatnet), jordgrunn, vekstvilkår, leie (Nordlid), planter (Heggelida), dyr (Ørnaknutane), persontilknyting (Torgersløken), arbeid (Rodahaugen), tradisjonar (Folgeåkeren), hendingar og anna.
Namnetypar
Stadnamna vert ofte inndelte på ulike måtar. Det er tradisjon for å rekna med to hovudgrupper av stadnamn: kulturnamn (også kalla busetnadsnamn) og naturnamn. Nokre forskarar legg også til to andre grupper: teignamn og namn på menneskeskapte ting.
Til kulturnamna reknar ein namn på matrikkelgardar (Hetland), gardbruk (Stykkjet), husmannsplassar (Ortastykkjet), bygder (Fjellet), tettstadar (Hjelmeland), byar, sokner, kommunar, stølar (Grøvstøl), teigar (Folgeåkeren), vegar (Fossabrua), jaktområde (Snarehaugen) og utslåttar (Slåttå). Til naturnamna reknar ein namn på alle slags naturlokalitetar, til dømes øyar, skjer, sund, fjordar, vikar, nes, elvar, vatn, myrar, dalar og fjell. Nokre forskarar tek også med teignamn og namn på menneskeskapte ting under naturnamna. Eg meiner dette er feil, i og med at desse stadnamna ikkje eksisterte før ein fekk menneskeleg aktivitet i områda.
Alder og tolking
Menneska har alltid hatt trong for å orientera seg i terrenget og samfunnet. For å kunne gjere dette måtte ein ha stadnamn. På den måten kunne ein lokalisera ein stad ut i frå eit ord. Stadnamna var sjølvsagt laga ut frå det lokale språket. Gjennom åra har mange namn gått tapt og nye namn er vorte laga ut frå nye behov.
Dei eldste namna som vert nytta i Noreg i dag reknar ein med at går 3000-4000 år attende i tid, det vil seie til bronsealderen og kanskje yngre steinalder. Dei eldste namna vart logisk nok nytta om visse typar naturlokalitetar – øyar, fjordar, elvar og innsjøar – som menneska måtte forholda seg til. Fleire av dei eldste namna har i dag fått endra funksjon, og er no namn på matrikkelgardar, kommunar eller anna. Dei kan også stå som føreledd i eit samansett namn.
Desto eldre eit stadnamn er, desto vanskelegare er det å tolka det. Dette skuldas at namnet har utvikla seg med språkutviklinga. I gamle Hjelmeland og Fister kommunar hadde ein til dømes Bokn, Ombo og Fister, som er utgamle namn, som framleis er utolka. Nokre naturnamn kan ha røter attende til dei siste hundreåra før vår tidsrekning.

Når det gjeld gardsnamna kan ein datera dei temmeleg sikkert med grunnlag i form og ledd. Gardnamna av typen heim, stad, land, tveit og bø går truleg attende til det første tusenåret etter vår tidsrekning. For andre namnegrupper enn gardsnamn vert avgjerdinga av alder mykje vanskelegare. Likevel kan ein nytta seg av at naturnamn i ubunden form kan vera opptil 2000 år gamle. Etterleddet som gjer at substantivet får bunden form, utvikla seg i norsk mot slutten av mellomalderen. Stadnamn i bunden form (Haugen, Bekken, Myrå, Nibbå) kom ofte til etter år 1500. Allment kan ein seie at namn i ubunden form (Haug) er eldre enn namn i bunden form (Haugen).Rett etter mellomalderen vart også kasussystemet oppløyst, og difor kan ein seie at namn som har ei eller annan kasusform ofte er meir enn 500 år gamle.
Ein tommelfingerregel er at usamansette namn (Tjødna) ofte er eldre enn dei samansette namna (Fuglatjødna). Først etter ca. 1200 vart det vanleg at artikkelen voks saman med hovudordet. Ein del gamle namn kan ha fått artikkel tillagd seinare. Vidare kan kunnskap om eigedomsgrenser nyttast til å fastsetja dei opphavlege gardsvalda og såleis gje hjelp til ei relativ datering av gardsnamnet.
Når ein skal tolka eit stadnamn må ein analysera kva ord, språkformer og språklydar det er i stadnamna. Ofte vil orda leve i dialektar og skriftspråk i dag, men ein vil også treffe på ord som har gått ut av ordforrådet til folk flest. Då må ein nytta ei etymologisk (ordhistorisk) ordbok, for å finna tydinga.
Å finna tyding av eit ord krev innsikt i ordhistorie, lydhistorie, skrifthistorie, grammatikk og namnetypologi, samt trening i namnevitskapleg metode. Etter kvart som ein har danna seg ein oversikt over ord, språkformer og språklydar i eit stadnamn, må ein sjå på dei ytre tilhøva for å avgjere om tolkinga stemmer. Dersom ein har fleire tolkingar kan også dei ytre tilhøva hjelpe til med dette.
Normering
Dei fleste har truleg oppdaga at stadnamn har forskjellig skrivemåte, noko som har historiske årsaker. Fram til slutten av 1800-talet fanst det ikkje reglar som sa korleis stadnamna skulle stavast, og skrivemåten veksla då etter kven som skreiv. Det enkle namnet Vik kunne til dømes skrivast som Vig, Wig, Viig, Wiig, Wik, Vik, osb.
Sjølvsagt ser ein at dette vert noko upraktisk, ettersom ein vert i tvil kvar staden var eller korleis stadnamnet skulle skrivast. På 1900-talet vart det innført ei heil rekkje forskrifter for skrivemåten av stadnamn, og ei mengd namn fekk ny skrivemåte. Dette førde til irritasjon hjå folk som var vandt med ein meir tradisjonell skrivemåte. (Dette problemet ser me framleis: På Hjelmeland skriv alle Pundsnes, medan Statens vegvesen og Statens kartverk konsekvent nyttar Puntsnes). Mest opptøyar fekk ein med stadnamn som også vart nytta som slektsnamn.

(Illustrasjon: Brynjar Landmark)
Stadnamnlova
I dag er skrivemåten av stadnamn i offentleg bruk regulerte av lov av 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn, med forskrifter gjevne 4. juli 1991 og 14. oktober 1993. Hovudinnhaldet i lova er at skrivemåten skal ta utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen, men elles fylgja gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk. Når særskilde grunnar talar for det, kan skrivemåten avvika frå gjeldande rettskrivingsprinsipp.
Utvikling av skrivemåte
Som eg tidlegare har vore inne på, endrar stadnamna seg i tråd med gjeldande rettskriving. For å illustrera korleis stadnamna endrar seg over tid, syner eg eit døme med Breiland. Breiland er nabogarden til Hetland. Nedanfor har eg attgjeve utviklinga av skrivemåten for garden frå 1567, då garden låg aude etter Svartedauden.
1567: Brelannd → 1606: Breland og Bredeland → 1610: Breland → 1661:Bredland → 1723: Breland
Opphavleg kjem namnet av det norrøne Breiðaland, som er danna av adjektivet breiðr som tyder brei.
Hjelmelandsdialekten
Hjelmelandsdialekten høyrer med til dei sørvestnorske målføra, og har desse målmerka:
- a-mål: Infinitiv av verb og svake hokjønnsord endar på a.
- Til dømes: å finna, å reisa, ei vega, ei kåna
- fleirtals-r: I fleirtal av substantiv endar orda med r.
- Til dømes: hestar, jenter, dører, steinar
- manglande æ-lyd: Sjølv om ein skriv ord med æ, nyttar ein aldri lyden i dialekta
- Til dømes: lerar, blåber, felt
- leninisering: Etter lang vokal er p, t og k gått over til dei «blaute» konsonantane b, d og g.
- Til dømes: piba, mad, koga, eda
- palatalisering: Fleire ord får tilføydd ein j midt i ordet.
- Til dømes: veggjen, bekkjen, finjen, fisjen
- r-lyd: Folket nyttar «skarre-r», og berre dei eldste dialektbrukarane nyttar «rulle-r».
- lydovergangar: Enkelte bokstavar får endring i uttalen:
- Til dømes: korn → kådn, alle → adle, hassel → hatl, ravn → rabn, lefsa → lepsa
- e-ending: E-ending i presens av sterke verb og i eintal hankjønn og hokjønn adjektiv
- fere, seve, kjeme, skakke, neme, rauste
- substantivbøying:
- Hankjønnsord: ein trave, traven, travar, travadn
- Hokjønnsord: ei bjørk, bjørkjå, bjørker, bjørkedn
- Inkjekjønnsord: et egg, eggje, egg, eggjå
- verbbøying:
- a-verb: å tatla → tatla → tatla → tatla
- a-verb: å glana → glana → glante → glant
- e-verb: å kvila → kvile → kvilte → kvilt
- e-verb/ja-verb: å velja → vele → valde → valt
- kortverb: å klå → klår → klådde → klått
Tolkingar
Tolking av 22 utvalde namn frå namneinnsamlinga på Hetland og omegn.
Sortert på stadnamntype, deretter alfabetisk.
Ortastykkjet
Uttale: O:rtastykkje

- Namnetype: beite
- Sett saman av ort og stykke i bestemt form, eintal. I tillegg har namnet fuga a.
- Denne teigen ligg sør for hovudbruket på Hetland. Teigen var så stor at ein mann slo han på ein dag. Når teigen fekk namn var dagløna ein ort, som tilsvarar 24 skilling. Stykke er mykje nytta om teigar, jordstykke og fråskilde partar av ein gard.
- Direkte overført tyding vert då teigen som ein fekk ei ort for å slå.
- Ut i frå denne tolkinga kan me seie at namnet er eit kulturnamn.
Grasdalen
Uttale: Grassda:el

- Namnetype: dal
- Samansett av gras og dal i bestemt form, eintal.
- Her har me eit døme på at namna vert laga etter korleis verda er i augneblinken. Etter namnet vart laga har det vekse opp grantre, og mange steinar har rast. I dag er det ikkje mykje som vitnar om at staden ein gong hadde mykje godt gras.
- Direkte overført tyding vert dalen med gras.
- Ut i frå denne tolkinga kan me seie at namnet er eit naturnamn.
Langeto
Uttale: Lå:ngeto

- Namnetype: fjellhylle
- Sett saman av lang og to. I tillegg har namnet fuga e.
- To vert nytta om hylle i ei fjellside. Førsteleddet seier at denne toa er lang. Som ein ser på biletet under er det ein lang, samanhengjande fjellhylle i fjellsida (markert med raudt). Fjellhylla er truleg kring 150 meter lang, og ein kan sjå på den bare fjellsida, at det er eit søkk der det ikkje veks tre (markert med blått).
- Direkte overført tyding vert då den lange fjellhylla.
- Ut i frå denne tolkinga er namnet eit naturnamn.
Glovråsen
Uttale: Glåvråsen

- Namnetype: ås
- Sett saman av glove og ås i bestemt form, eintal.
- Namnet kjem av glove som tyder sprekk. Nedanfor Glovråsen ligg ein stein som er kløyvd i to, kalla Glovra (uttalast: Glåvrå).
- Direkte overført tyding vert åsen som ligg ved den kløyvde steinen.
- Ut i frå denne tolkinga er dette namnet eit naturnamn.
Hetlandskollen og Lågekollen
Uttale: Hettlannskå:d’l – Lågekå:d’l

- Namnetype: kolle
- Hetlandskollen er sett saman av Hetland og kolle i ubestemt form, eintal. Lågekollen er sett saman av låg og kolle i ubestemt form, eintal. I tillegg har Lågekollen fuga e.
- Hetlandskollen er kalla opp etter garden den ligg på, nemleg Hetland. Lågekollen er lågare enn Hetlandskollen, og difor er det naturleg å kalla denne Lågekollen.
- Direkte overført tyding av Hetlandskollen er kollen på Hetland, direkte overført tyding av Lågekollen er den låge kollen.
- Ut i frå denne tolkinga er namnet eit naturnamn.
Kaldhammaren
Uttale: Kallhammaren

- Namnetype: fjelltopp
- Sett saman av kalv og hammar i bestemt form, eintal.
- Jørmeland er nabogarden til Hetland. Kalvane på denne garden haldt til under ein bestemt hidler. Hammar er ofte nytta om steinar. I og med at hidleren sjølvsagt var ein stor stein, seier tydinga av namnet seg sjølv.
- Direkte overført tyding vert då steinen (hidleren) der kalvane heldt til. Fjelltoppen er kalla opp etter hidleren.
- Ut i frå denne tolkinga kan me seie at namnet er eit kulturnamn.
Slurven
Uttale: Slorven

- Namnetype: fjelltopp
- Namnet kan ha samanheng med slóð, som tyder anten slepeveg eller flokk. Dette er ein lite markert haug. Det er bratt opp til toppen men slett innover. Mest sannsynleg er det at bøndene på Breiland gjekk med saueflokken forbi Slurven når dei skulle til Grøvstøl. Likevel kan det også ha samanheng med å slepe tømmer ned frå skogen.
- Direkte overført tyding vert truleg slepevegen.
- Ut i frå desse tolkingane kan me seie at namnet er eit kulturnamn.
Hetland
Uttale: Hettlann

- Namnetype: matrikkelgard
- Sett saman av hattel (dialektuttale for hassel) og land.
- Førsteleddet kjem av hesli som tyder ein stad der det veks hassel. (Lydovergangen frå sl til tl er vanleg i Ryfylke). Sisteleddet tyder teig eller landstykke. I dag veks det nesten ikkje hassel på garden, så dette er også eit namn med ”utgått” tyding.
- Direkte overført tyding vert då landstykket der det veks hassel.
- Ut i frå denne tolkinga er namnet eit naturnamn.
Stykkjet
Uttale: Stykkje

- Namnetype: gardsbruk
- Består av stykke i bestemt form, eintal.
- Stykke er mykje nytta om teigar, jordstykke og fråskilde partar av ein gard, og Stykket er ein fråskild part av garden Hetland. Knut Rødde flytta seinare frå Voss, og busette seg på Stykket. Gardsbruket fekk då namnet Rødde i matriklane.
- Direkte overført tyding vert då den fråskilde parten.
- Ut i frå denne tolkinga er namnet eit kulturnamn.
Skinstøhaugen
Uttale: Sjinstøhauen

- Namnetype: haug
- Sett saman av skjena, stø og haug i bestemt form eintal.
- Namnet skinstø vert ofte nytta om stadar der husdyra brukte å skjena, det vil seie at dei la på sprang for å søkje ly for floge og klegg på varme dagar. Stø kan ha samanheng med overgong frå land til vatn. Haugen viser til at det var ein haug i nærleiken av staden der husdyra skjena.
- Direkte overført tyding vert då haugen der husdyra skjena.
- Ut i frå denne tolkinga er namnet eit kulturnamn.
Dyrkjelvene
Uttale: Dy:rkjelled’n

- Namnetype: større område
- Sett saman av dyr og kjelve i bestemt form fleirtal.
- Ordet kjelve kan tolkast som grasmark. Førsteleddet må ha noko med at dyra likte seg her. Det vart sagt at dette området var eit flott beiteområde, og dei fleste viste kven som åtte det. Området er markert med gult på biletet under.
- Direkte overført tyding vert grasmarkene der dyra treivst.
- Ut i frå denne tolkinga er namnet eit kulturnamn.
Løkene
Uttale: Løgjed’n

- Namnetype: større område
- Namnet består av løk i bestemt form, fleirtal.
- Løk tyder stillerennande bekk, og området rundt er kalla opp etter denne bekken. Korleis namnet har fått fleirtalsbøying er ukjent, men ein veit at det er fleire bekkar i området.
- Direkte overført tyding vert den stillerennande bekken.
- Ut i frå denne tolkinga er namnet eit naturnamn.
Kvitemyr
Uttale: Kvidemyr

- Namnetype: myr
- Sett saman av kvit og myr i ubestemt form, eintal. I tillegg har også namnet fuga e.
- Når det veks myrull på denne myra, vert ho nesten kritkvit. Deretter seier namnet seg sjølv: Myrulla er kvit, ergo vert myra kvit.
- Direkte overført tyding vert den kvite myra.
- Ut i frå denne tolkinga er namnet eit naturnamn.
Brokatjødna
Uttale: Bro:gatjødnå

- Namnetype: tjørn
- Sett saman av brok og tjørn i bestemt form, eintal. I tillegg inneheld namnet fuga a.
- Denne tjørna som ligg 463 meter over havet, liknar ved første augnekast på ei bukse. Det er også grunn til å tru at ho liknar meir på ei bukse i lendet, enn på eit kart. Brok er berre eit gammalt ord for bukse.
- Direkte overført tyding vert tjørna som liknar ei bukse.
- Ut i frå denne tolkinga er dette namnet eit naturnamn.
Grimeholet
Uttale: Grimehå:le

- Namnetype: dalbotn
- Sett saman av grime og hol i bestemt form, eintal.
- Dette namnet kan anten ha med hestereiskapen grima å gjere, eller så er det snakk om den første stokkerekkja oppå muren ved husbygging. Begge delar har med høgder å gjere. Substantivet hol vert ofte nytta om søkk i lendet.
- Direkte overført tyding vert truleg dalbotnen som ligg høgt.
- I og med at namnet ikkje stammar direkte frå menneskeleg aktivitet, er det snakk om ei samanlikning (analogi). Ut i frå desse tolkingane kan me seie at namnet er eit naturnamn.
Grøvstølvatnet
Uttale: Grøsstølvatne

- Namnetype: vatn
- Sett saman av gróv, støl og vatn i bestemt form, eintal.
- Gróv vert i ubestemt form, fleirtal til grøver, som tyder vassfar. Det er då truleg snakk om ein støl som det renn mange vassfar gjennom eller til. Nedanfor Grøvstøl ligg det eit vatn som er kalla opp etter stølen.
- Direkte overført tyding vert vatnet som ligg ved stølen med mange vassfar.
- Ut i frå denne tolkinga er dette namnet eit naturnamn.
Lendinga
Uttale: Lenningjå

- Namnetype: vik
- Lendinga er ei usamansett form av lending i bestemt form, eintal.
- Begge desse «småvikene» vart nytta som stoppestad for båtar, når bøndene frå gardane på Hetland og omegn skulle i ærend til Hjelmeland. Verbet å lenda vert nytta om å dra båten opp på land, for å fortøya han.
- Lendinga i vest blir òg kalla Hetlandslendinga, og lendinga i aust blir òg kalla Breilandslendinga.
- Direkte overført tyding vert staden der ein drog båten på land.
- Ut i frå denne tolkinga er dette namnet eit kulturnamn.
Grunnen
Uttale: Gro:en

- Namnetype: åker
- Består av bestemt form, eintal av adjektivet grunn.
- Dette er ein åker der det er grunt med matjord. Når det vart pløya på åkeren, gjekk plogen ned på «aurhedlå». (Aur tyder fast og hard grunn). Altså var dette in åker med tynn matjord, og eit hardt underlag.
- Direkte overført tyding vert åkeren med grunn matjord.
- Ut i frå denne tolkinga er dette namnet eit kulturnamn.
Nylendet
Uttale: Ny:lende

- Namnetype: åker
- Sett saman av ny og land i bestemt form, eintal.
- Denne åkeren vart dyrka ein gong det var dårlege tider, for å auka mat- og/eller fôrproduksjonen. I og med at åkeren vart rydda anten i 1880-åra eller 1930-åra, vart dei dyrka seinare enn dei andre åkrane på garden.
- Direkte overført tyding vert den nyrydda teigen.
- Ut i frå denne tolkinga er dette namnet eit kulturnamn.
Rogabakken
Uttale: Ro:gabakkjen

- Namnetype: bakke
- Sett saman av verbet roda og bakke i bestemt form, eintal.
- Det er lite truleg at namnet på denne åkeren kjem av kornveksten rug, i og med at det aldri har vorte dyrka rug på garden. Det er meir sannsynleg snakk om å roda. Når husdyra gjorde frå seg gjennom året kunne ein får opptil ein meter med gjødsel i skuten. For at dyra skulle ha noko å gå på fram til gjødsla skulle ut, hogg ein underbord (einer, kvister og liknande) og la dette under. Gjødsla vart spreidd på marka saman med undebordet, og etter 2-3 veker ute i fri natur, hadde gjødsla forsvunne og undebordet låg igjen. Undebordet vart raka saman igjen, for å leggjast på Rogabakken til turk. Etter det vart turt vart undebordet kjørt inn i skuten igjen, for å brukast oppatt.
- Direkte overført tyding vert bakken der ein rota.
- Ut i frå denne tolkinga er dette namnet eit naturnamn.

| Stadnamn | Uttale | Namnetype | Tyding |
|---|---|---|---|
| Bakkane | Bakkadn | Beite | Fleirtal av bakke = skråning. |
| Bjelland | Bjødland | Gard | bjalli = rund topp, ås. Kan også ha opphav frå bør = gard, men dette er mindre truleg. |
| Blokkedalen | Blåkkedael | Dal | Lauvskog - Bjørk og osp |
| Breiland | Breiland | Gard | Kjem truleg av Breiðaland, der adjektivet breiðr tyder breid. |
| Brokatjørna | Brogatjødnå | Tjern | Tjørna liknar på ei bukse i lendet. |
| Budalen | Budael | Dal | F |
| Buhaugane | Buhauane | Haug | Krettur/bufe? |
| Djupavatnet | Djubavatne | Vatn | Det djupe vatnet. |
| Dyredalen | Dyradael | Dal | Dal der dyra trivst |
| Dyrkjeldene | Dyrkjelledn | Område | Dyr som trivdes med kjelvene, ei kjelve = grasmark |
| Eie | Eie | Holme | Eie, landfast holme. Kjem av eið, som tyder overferdsstad eller stad der ein går. |
| Eskedalshaugen | Eskjedalshauen | Haug | Kjem truleg av eksi som tyder askelund, område med ask. Dette er då haugen ved dalen der det veks ask. |
| Eskedalslida | Eskjedalsliå | Lid | Kjem truleg av eksi som tyder askelund, område med ask. Dette er då lida ved dalen der det veks ask. |
| Fevoll | Fevådl | Gard | Etterleddet tyder eng, grasmark. Føreleddet kan vere plantenamnet fífa som tyder myrull, eller fífill som tyder fivel. fé = bufe? |
| Fjelldal | Fjelldal | Dal | Dalen ligg omkrinsa av fjell. |
| Flåtåkeren | Flådågeren | Åker | Flót = flat mark |
| Folgeåkeren | Folgeågeren | Åker | Åker som vart nytta av kårfolket på garden. |
| Fossabrua | Fossabrunå | Bru | Brua som er ved Fossane. |
| Fuglatjørna | Fuglatjødna | Tjern | Tjørn der fuglane likte seg. |
| Gjerdaneset | Gjeraneset | Nes | Opphav frå husmannsplassen Gjerde. |
| Gjerdeekra | Jereegrå | Åker | Åkeren som ligg ved Gjerdet |
| Gjerdet | Jere | Gardsbruk | |
| Glovråsen | Glovråsen | Ås | Kjem av glove som tyder sprekk. Nedanfor Glovråsen ligg ein stein som er kløyvd i to. Denne heiter Glovrå. |
| Grasdalen | Grassdael | Dal | Gras i eit søkk - Elg har vore der fleire gonger. |
| Grimeholet | Grimehåle | Dalbotn | Kan ha med hestereidskapen grima eller den første stokkerekkja oppå muren ved husbyggjng. Har med høgd å gjere. + Hol |
| Grunnavatnet | Gronnavatne | Vatn | Det grunne vatnet. |
| Grunnen | Groen | Åker | Åker der det er grundt med matjord. Når det vart pløydd på åkeren gjekk plogen ned på "aurhedlå". Aur = fast og hard grunn |
| Grøvstølvatnet | Grøsstølvatne | Vatn | Støl med vassfar. Grøver = vassfar |
| Gåsakleiva | Gåsakleivå | Kleiv | |
| Gåsdalen | Gåsdael | Dal | Gås = ròte i tre pga. sopp? |
| Gåsvatnet | Gåsvatnet | Vatn | Kjem truleg av gås = ròte i tre pga. sopp. Har anten fått namn av Gåsdalen eller gitt namn til Gåsdalen. |
| Haugen | Hauen | Haug | Bestemt for (eintal) av haug. |
| Heggland | Heggland | Gard | Kjem av treslaget hegg |
| Hegglandsåa | Hegglandsånå | Elv | Elva som renn frå Heggland og munnar ut i Hetlandsvatnet |
| Hetland | Hetlann | Gard | Kjem av hesli, som tyder ein stad der det veks hassel. sl → tl |
| Hetlandskollen | Hetlandskodl | Kolle | Kollen som ligg ved sida av hovudbruket på Hetland. |
| Hetlandslendinga | Hetlandslenningjå | Vik | Lita vik som var stoppestad for båtar: Å lenda båten. |
| Hetlandsvatnet | Hetlandsvatne | Vatn | Vatnet som ligg ved Hetland. |
| Holmen | Holmen | Holme | Holme mellom Nordåna og Søråna |
| Husstøl | Husstøl | Gard | Samansett av hus og støl. |
| Hølen | Hølen | Høl | Djup hole i botnen av bekken mellom Djubavatnet og Grunnavatnet |
| Indrebekken | Indrebekkjen | Bekk | Den inste bekken bekken på Hetland (lengst vekk) |
| Jørmeland | Jørmeland | Gard | Kan komme av eit ukjent elvenamn Jarma, men det er lite truleg. Har truleg noko med gjørme å gjere, gyrma. Kan vere elvenamn. |
| Kaldhammaren | Kaldhammaren | Fjelltopp | Fjellet ovanom hidleren som kalvane til folket på Jørmeland haldt til under. Ligg i skiftet mellom dei to bruka. |
| Kaldhammarmyra | Kaldhammarmyrå | Myr | Myra som ligg på Kaldhammaren. |
| Kalvås | Kalvås | Ås | Kalvebeite |
| Kløvfjellet | Kløvfjedle | Fjelltopp | Kjem av gamalnorsk klif som tyder veg i bratt bakke. Med bakgrunn i ein bratt gangeveg. Fjellet tyder at fjellet ligg ved den bratte vegen. |
| Kreken | Kregjen | Område | Kjem av krok. Kregjen er ovanom kroa |
| Kvelven | Kvelven | Område | |
| Kvernhusåkeren | Kvednhusågeren | Åker | Kvernhuset stod i nærleiken av denne åkeren. |
| Kvitemyr | Kvitemyr | Myr | Myr som vert kvit av myrull |
| Langeto | Långeto | Fjellhylle | To=fjellhylle. Dette er ei lang fjellhylle i terrenget på Hetlandskollen. |
| Lauvnes | Lauvnes | Nes | Neset med mykje lauv |
| Leitesteinen | Leidesteidn | Stein | Bakkehøgd med god utsyn |
| Lendinga | Lenningjå | Vik | Lita vik som var stoppestad for båtar: Å lenda båten. |
| Litlehei | Litlehei | Vidde | Lita hei på toppen av ein kolle. |
| Litleholmen | Litlehålmen | Holme | Den litle holmen i Hetlandsvatnet |
| Litlelid | Litlali | Lid | Den litle lida |
| Lomaheia | Lomaheiå | Vidde | Kjem truleg av fuglearten lom. |
| Lomaheitjørna | Lomaheitjøndå | Tjern | Lom (fugleart)? |
| Longemyr | Långemyr | Myr | Den lange myra |
| Løkene | Løgjene | Område | Løk = Stillerennande bekk. Området rundt vert kalla opp etter bekken. |
| Løype | Løybe | Område | Kjem av løypa som tyder å la falla, eller å la renna. Stad der ein løypte tømmer og liknande frå heia og ned til Slåttebekken. |
| Lågdal | Lågdal | Dal | Kjem av låg = elv, + dal |
| Lågdal | Lågdal | Åker | Åkeren som ligg nedanfor Lågdal |
| Lågdalsskaret | Lågdalskare | Skard | Skardet på toppen av den låge dalen |
| Lågekollen | Lågekodl | Kolle | Kolle som er lågare enn Hetlandskollen |
| Lånalida | Lånaliå | Lid | Kan ha med oppstabla lǫn å gjere ð hop av stokkar, kornband. Kan også ha med lón å gjere ð lang, djup høl, men lite truleg. |
| Myra | Myrå | Åker | Bestemt form (eintal) av myr. |
| Naustbekken | Naustbekkjen | Bekk | |
| Naustvik | Naustvig | Vik | |
| Nedre stykkjet | Nera stykkje | Åker | Åkeren som låg nedst mot Grunnavatnet. |
| Nesland | Nesland | Gardsbruk | Kjem av nes. Etterleddet er land, som tyder jordstykke |
| Nibba | Nibbå | Nibbe | Kjem av gnípa. Vert nytta om namn på fjelltoppar med ei bratt side. Har lite truleg samanheng med nebb, framstikkande terreng. |
| Nilsebekken | Nilsabekkjen | Bekk | Bekken som renn ved sida av Nilsastykket |
| Nilsestykket | Nilsastykkje | Beite | Jordstykket som Nils slo. |
| Nordli | Nordli | Lid | Lid som ligg nord for Husstøl, nabogarden til Hetland. |
| Nordre Langåsen | Nore Longåsen | Ås | Den lange åsen |
| Nordåa | Nordånå | Elv | Den nordlegaste av elvene som renn forbi Holmen. |
| Nylendet | Nylende | Åker | Åker som vart dyrka når det var dårlege tider, og difor vert dyrka seinare enn dei andre åkrane på garden. (1880/1930) |
| Ortastykkbekken | Ortastykkbekkjen | Bekk | Bekken som renn til Ortastykkjet. |
| Ortastykket | Ortastykkje | Beite | Inntekta for å slå området. 1 ort = 24 skilling |
| Ortastykkmyra | Ortastykkmyrå | Myr | Myra som Ortastykkbekken renn frå. |
| Pålstjørna | Pålstjødnå | Tjern | Tjødna som Pål drukna i. Har også gitt namn til området ð Pålsbu |
| Rogabakken | Rogabakkjen | Åker | Lite truleg at det har samanheng med kornsorten rug. Når ein hadde underbord på hevda, måtte ein "roda" den vekk frå marka. |
| Runde haugen | Runde hauen | Haug | Den runde haugen. |
| Sannungsheia | Sannungsheiå | Vidde | Usikker tyding, men dialektuttrykket for Sandanger på Randøy, er sannong. |
| Skinstøhaugen | Sjinstøhauen | Haug | Skinstø ð Her pla husdyra skjena, det vil seie at dei la på sprang for å søkje ly for floger og klegg på varme dagar. |
| Skogen | Skojen | Gardsbruk | Bestemt form (eintal) av skog |
| Skåraheia | Skåraheiå | Vidde | Fleirtal av skòr = berghylle. + hei. Heia med mange berghyller |
| Slurven | Slorven | Fjelltopp | Kan ha samanheng med slóð, som tyder anten slepeveg eller flokk. Dette er ein lite markert haug, bratt opp til toppen men slett innover. |
| Slåtta | Slåttå | Område | Bestemt form (eintal) av slåtte, som tyder slåtteteig eller grasmark |
| Slåttebekken | Slåttebekkjen | Bekk | Bekk som renn gjennom Slåttå |
| Smalaneset | Smalanese | Nes | Ein vil tru at dette har med adjektivet smal å gjere, men dette er feil. I staden er det eit anna namn på sauer. Neset med sauer. |
| Snarehaugen | Snårehauen | Haug | Denne staden var beitestad for skogsfuglar. På grunn av tilhøva i naturen rundt, var det ideelt å setje ut snarer her. |
| Stigen | Stien | Område | Anten kjem namnet av ein sti som leia til sauebeitet, eller så kjem det av stige (ratt bakke som skråar jamt oppover) |
| Storehei | Storehei | Vidde | Den store heia |
| Storeholmen | Storehålmen | Holme | Den store holmen i Hetlandsvatnet |
| Storskår | Storskår | Fjellhylle | Den store utflatinga under fjellet |
| Straumneset | Straumnese | Nes | Straumføring i det litle sundet mellom Hetlandsvatnet og Djubavatnet. Neset dannar den sørlege delen av sundet. |
| Stuvastølvaet | Stuastølsvaet | Vadestad | Stad der ein gjekk over elva. stuv = flat berghaug |
| Stykket | Stykkje | Gardsbruk | Fråskild part av garden Hetland |
| Svidal | Svedal | Dal | Det har vore lyng-/skogbrann i området. |
| Søråa | Sørånå | Elv | Den sørlegaste av elvene som renn forbi Holmen. |
| Søråbakkane | Søråbakkadn | Lid | Bakkane som leiar frå Sannungsheia til Søråna |
| Tausaholmen | Tausaholmen | Holme | Taus = tenestejente/ugift kvinne. Kan også ha med teiande å gjere, men dette er mindre truleg. |
| Tjørna | Tjødnå | Tjern | Lite vatn sør for, og i nærleiken av hovudbruket på Hetland |
| Torgersløgjen | Tårjersløjen | Område | Løk = Stillerennande bekk. Torger syner til han som heitte Torger og budde her. |
| Trolldal | Trolldal | Dal | |
| Trongedal | Trångedal | Dal | Den tronge dalen |
| Trongeskardet | Trångeskare | Skard | Det tronge skardet. |
| Tømmerbakkane | Tømmerbakkadn | Lid | Lid der ein hogg tømmer, og drog dei ned frå skogen. |
| Uglesmuget | Uglasmåje | Smug | Smug der uglene trivst |
| Urdal | Urdal | Dal | Mykje steinurer |
| Vaskeholmen | Vaskehålmen | Holme | Holme der ein vaska sauene. |
| Vassvika | Vassvigjå | Vik | Vik ved Breilandsvatnet. Vassfaret renn ut i vatnet i denne vika. |
| Vassvikåsen | Vassvigåsen | Ås | Ås ovanfor Vassvika |
| Ørnadalane | Ørnadaladn | Dal | Ørn (fuglerase) + fleirtal av dal |
| Ørnaknutane | Ørnaknudadn | Fjelltopp | Ørn (fuglerase) |
| Øykadalen | Øygjadalen | Dal | Dalen fungerte som hestebeite |
| Åsane | Åsadn | Ås | Langt høgdedrag |
| Åskifta | Åskiftå | Område | Elva deler seg i to |