Ryfylke-bygdene opplevde ei massiv utvandring i løpet av 1800-talet og starten på 1900-talet. I tida fram til 1865 var Hjelmeland den kommunen i Rogaland som sende flest emigrantar i høve til folketalet.
Etter dei offisielle oppgåvene var det 7.548 emigrantar frå Rogaland fram til 1865, og 1.073 (om lag 14 prosent) av desse var frå Hjelmeland, sjølv om Hjelmeland berre stod for om lag fem prosent av folketalet i fylket. (Brandal 1994:30)
Gjennom denne artikkelen vil eg mellom anna argumentera for min påstand om at den omfattande utvandringa til Nord-Amerika var avgjerande for utviklinga av nye sosio-kulturelle relasjonar mellom norskamerikanarane. Sidan dei sosiokulturelle relasjonane mellom nordmenn i Amerika kunne utarta seg på mange ulike måtar, vil denne artikkelen vera avgrensa til døme frå busetjingsmønstera, bygdelaga, kristenlivet og avisene.
For å vera i stand til å argumentera for påstanden ovanfor, er det naudsynt å greia ut om emigrasjonen frå Hjelmeland prestegjeld i perioden 1829-1920 – både kor mange som emigrerte, kor dei emigrerte frå, kva familie- og yrkesbakgrunn dei hadde, kvifor dei emigrerte og korleis utvandringa fordelte seg gjennom perioden.
Artikkelen er delt inn i to delar: Den første delen tek føre seg utvandringa frå Hjelmeland prestegjeld, medan den andre delen går nærare inn på dei ulike sosiokulturelle relasjonane mellom norskamerikanarane. Forskingsmaterialet som ligg til grunn, mellom anna folke-teljingar og kyrkjebøker, gjer det mogleg å spesifikt skildra utvandringa frå Hjelmeland i den første delen av artikkelen, medan den andre delen hovudsakleg vil bli skildra frå ein nasjonal synsstad, men utdjupa med døme frå spor etter utvandra hjelmelandsbuar. Sjølv om den andre delen av oppgåva hovudsakleg er frå ein nasjonal synsstad, går ein ut frå at utvandrarane frå Hjelmeland opplevde Nord-Amerika på same måte som andre emigrantar.

«The Promise of America», utført av bilethoggar Clifford J. Carlson.
(Illustrasjon: Morten Hetland, etter foto av Odd Harald Olsen)
Den transatlantiske utvandringa frå Hjelmeland
| Periode | Utvandra personar | Utvandring (pr. 1000 innb.) |
| 1829-1845 | 76 | - |
| 1846-1850 | 154 | 8,9 |
| 1851-1855 | 233 | |
| 1856-1860 | 526 | 13,7 |
| 1861-1865 | 88 | |
| 1866-1870 | 499 | 19,0 |
| 1871-1875 | 318 | |
| 1876-1880 | 156 | 16,3 |
| 1881-1885 | 535 | |
| 1886-1890 | 305 | |
| 1891-1895 | 269 | 11,0 |
| 1896-1900 | 152 | |
| 1901-1905 | 223 | 12,6 |
| 1906-1910 | 236 | |
| 1911-1915 | 135 | 4,2 |
| 1916-1920 | 15 | |
| Tabell 1: Utvandring frå Hjelmeland prestegjeld i perioden 1829-1920. (Kjelder: 1829-1865: Kyrkjebøker, 1866-1920: Kyrkjebøker, folketeljingar og NOS Folkemengdens bevegelse) | ||
Rogaland vart eit pionérfylke når det gjaldt utvand-ringa til Amerika. Det vart årleg arrangert sommarturar frå Stavanger, samstundes som mange reiste via Danmark og England. I løpet av hundreåret frå 1825 til 1925 emigrerte meir enn 860.000 nordmenn til Amerika. Målt etter utvandrar per innbyggjar var det berre Irland som hadde større utvandring enn Noreg. Meir enn 60.000 av utvandrarane var frå Rogaland. (Espedal 2000:10)
Gjennom denne artikkelen vil eg sjå nærare på utvandringa frå Hjelmeland prestegjeld. Hjelmeland prestegjeld ligg midt i hjarta av Ryfylke, og bestod tidlegare av herada Hjelmeland, Fister og Årdal. Som dei fleste andre bygdene og herada i Rogaland opplevde også Hjelmeland ei omfattande utvandring i løpet av hundreåret frå 1825 til 1925. I folketeljingar og kyrkjebøker for Hjelmeland (sjå tabell 1) kan ein rekna seg fram til at totalt 3.920 emigrerte frå Hjelme-land prestegjeld i perioden 1829-1920. Dei aller fleste som reiste frå Hjelmeland utover 1800-talet emigrerte til Amerika. (Brandal 1994:28)
Etter vanskelege år mellom 1807 og 1814, då krig og blokade stengde tilførsler utanfrå og dårlege voksterår heime gav små avlingar, gjekk bygdene i Hjelmeland inn i ein kraftig vekstperiode i første halvdel av 1800-talet. Folketalet hadde lenge vore i forsiktig vekst, men etter kvart skaut folketalsutviklinga fart. I løpet av 50 år auka folketalet i Hjelmeland med vel 80 prosent, eller nærare bestemt om lag 2.000 fleire hjelmelandsbuar. (Brandal 1994:13) I 1801 budde det 2.491 personar i Hjelmeland prestegjeld, men i løpet av dei følgjande tiåra auka folketalet sterkare enn nokon gong. Klimakset vart nådd i 1855, då det budde 4.549 personar innanfor prestegjeldet sine grenser. (Brandal 1994:15-16)

(Foto: Norsk Folkemuseum)
Plassmangel vart ein naturleg konsekvens av den ekstreme folketalsutviklinga. Den viktigaste arbeidsplassen hadde så lang vore jordbruk, som i dei aller fleste bygdene i Noreg, men jordbruket hadde ikkje arbeidsplassar til alle. Somme såg då etter nye arbeidsplassar i fiske, ein gryande industri og sjøfart. Mange søkte gjerne til byane, der det var behov for arbeidskraft i til dømes industri og anlegg, handel og undervisning. Dermed vart det ein jamn straum av folk frå landsbygda til byar og tettstader. Sjølv om mange seinare emigrerte frå byane, var det endå fleire som kom tilreisande, noko som medførte ein kraftig byvekst, særskilt i perioden 1875-1900. Sjølv om mange fekk seg arbeid i byane, var Amerika samstundes eit freistande alternativ for stadig fleire unge menneske utan familie. (Hagemann 1997:78-80)
Historikarane er framleis ikkje heilt samde om kva som var bakgrunnen for utvandringa. I dei tidlege oppbrotsprosessane spelte religiøs undertrykking openbart ei viktig rolle. Blant dei første som emigrerte hadde fleire vore i kontakt med kvekarar, og ein god del av emigrantane var haugianarar. (Østrem 2007:36-37) Både kvekarane og haugianarane tilhøyrte kvar sine vekkingsgrupper som opplevde tøffe tider i Noreg i starten på 1800-talet. Kulturen i trua deira vart bakgrunn for religiøs forfølging, og mange av dei må ha tenkt på Amerika som ein utveg. Emigrasjonen frå Noreg til Nord-Amerika starta då sluppen «Restauration» la ut frå stavanger 4. juli 1825. Om bord var det 52 menneske, dei fleste frå Skjold, Tysvær og Stavanger. Hovudgrunnen deira for å emigrera var truleg religiøs, sidan mange av dei var medlemmer av eller sympatisørar med kvekar-samfunnet, og fleire hadde vore ute for religiøs forfølging frå styresmaktene i Noreg. (Brandal 1994:28)
Ved sida av religiøse årsaker, har også demografiske og økonomiske tilhøve stått sterkt som forklaringar på utvandringa. Somme historikarar, til dømes Jan Oldervoll, har argumen-tert for at utvandringa frå Noreg må sjåast på som ein resultat av høg folkevekst og ein påfølgjande trong for nye levebrød. Thorvald Moe, som har spesialisert seg på økonomisk historie, hevdar derimot at 87 prosent av emigrasjonen i masseutvandringstida i perioden 1865-1915 kan forklarast av busetjingstilhøva i Noreg og dei meir fordelaktive økonomiske vilkåra i Amerika. Andre historikarar, mellom anna Svein Tveite, åtvarar mot å leggja for stor vekt på økonomiske forklaringsmodellar, sidan det ikkje nødvendigvis var dei fattigaste som emigrerte. (Lovoll 1983/1997:32) Uavhengig av korleis ein forklarer utvandringa til Ame-rika, er det verdt å merka seg, som Semmingsen meiner, at emigrasjonen frå Noreg var ein prosess som kom nedanfrå. (Lien 2009:14)

(Foto: Norsk Utvandrermuseum)
Soknepresten i Hjelmeland, Johan Gottlieb Thaulow, meinte at «overspendte Ideer om hiint Land» og «Ufornøielighed i deres Stilling her» var årsaker til at dei første emigrantane reiste på 1830-talet. (Brandal 1994:31) Thaulow meinte altså at det var ein kombinasjon av tankar om eit betre land og dei lite freistande tilhøva heime som førte til utvandringa, noko som langt på veg samsvarer med push- og pull-modellen. Tradisjonelt sett har historikarar delt dei ulike faktorane som låg til grunn for utvandringa i push- og pull-faktorar: Dei negative faktorane som skyv frå seg folk og dermed fører til ut-migrasjon blir kalla push-faktorar, medan dei positive faktorane som dreg til seg folk og dermed fører til inn-migrasjon blir kalla pull-faktorar. (Bilsborrow 2002:77, 85)
Mellom anna har Amerika-breva blitt ein viktig forklaringsårsak i push- og pull-modellen. Det gjekk truleg ikkje lang tid før det kom meldingar frå dei første emigrantane tilbake til Noreg om korleis det gjekk med dei i Amerika. Informasjon om tilhøva i Amerika kunne også bli spreidd av norskamerikanarar som var heime på besøk. Enkelte kunne driva rein propaganda for det nye heimlandet, for så å ta med seg ei heil gruppe sambygdningar tilbake. I avisene fann ein også mykje stoff om Amerika, både opplysingsartiklar og annonser frå agentar som ville selja billettar eller norskamerikanarar som tilbaud reisefølgje over havet. (Hagemann 1997:83) Tilbakemel-dingane om det nye landet førte til at fleire nordmenn etter kvart byrja å tenkja på å bryta opp med heimlandet og reisa vestover på Atlanterhavet.
I boka «Eg veit meg ein fjord» skriv Johannes Gill om korleis ein heil husmanns-familie frå Oksabåsen under Vormeland sakte men sikkert braut opp med heimen og reiste over til Amerika. På husmannsplassen budde Erik og Brita med den store huslyden sin. Det var ein heller liten husmannsplass med lite jord, og elles hadde dei lite å leva på. På det meste hadde dei ei ku og to-tre sauer, men barneflokken var mykje større. Erik og Brita hadde svært mange munnar å metta.
Etter kvart kom amerikafeberen til bygdene, også til Oksabåsen, der det gjekk fleire ar-beidsvillige gutar. Den eldste sonen vart hjelpt med pengar til billetten over Atlanteren, og det første han gjorde då han fekk seg arbeid var å senda billett til den nesteldste broren. Så gjekk det slag i slag til alle var komne over og alle fekk arbeid. Dei gamle sat åleine igjen i det gamle reiret sitt, dei var oppe i åra og utslitne av tidas tann. Så gjekk eit år eller to, og dei to gamle i Oksabåsen hadde roa seg til. Dei hadde ikkje noko lysare framtidsvoner dei heller. Tida gjekk, og Amerika-breva fortalde at borna hadde det bra, noko foreldra sjølvsagt var glade for. Ein dag kom det eit ekstra brev, der borna baud foreldra å koma over. Billettane skulle dei få så snart det kom svar. Det vart så stille og så våte auge i den gamle stova etter at brevet vart lese, og då dei såg kva som venta dei heime, slo dei til.
Den gamle døra i Oksabåsen vart stengt for godt, og første kvelden drog dei til Vormeland og overnatta der. Helge spurde gamlemora om det var noko ho særleg ynskte seg når ho kom over. «Ja, at eg ennå ein gong får sitja til bords på ein gong med alle borna våre» var svaret. (Gill 1975:12-15)
Denne historia frå husmannsplassen Oksabåsen er eit godt døme på korleis heile familiar kunne emigrera til Amerika. Det var tronge økonomiske kår i Noreg på den tida, og det vart ofte slik at dei som reiste over arbeidde for å tena pengar til billett for resten av familien heime i Noreg. Heimvende amerikanarar har seinare fortalt at det gjekk bra med folket frå Oksabåsen. (Gill 1975:15)
Omfanget av utvandringa
Som tidlegare nemnd danna ein enorm folkevekst i Hjelmeland prestegjeld grunnlaget for utvandringa frå Hjelmeland til Nord-Amerika, sjølv om det skulle gå mange år før ein kunne snakka om masseutvandring. Etter den første gruppeutvandringa med «Restauration» i 1825 følgde ein lang pionérfase, ein grunnleggjande epoke, på 40 år. Utvandringa frå Noreg vart ikkje årviss før i 1836, og skaut fart først i 1840-åra. (Lovoll 1983/1997:14-15)
Den store masseutvandringa byrja i midten av 1860-åra, og frå den tida var utvandringa prega av tre store utvandringsbølgjer, den første i perioden 1866-1873, den andre i perioden 1880-1893 og den tredje i perioden 1900-1910. (ibid.) Utvandringsbølgjene på nasjonalt plan samsvarer langt på veg med utvandringsbølgjene frå Hjelmeland. I perio-den 1866-1875 emigrerte 817 hjelmelands-buar, 1.109 emigrerte i perioden 1881-1895 og 459 emigrerte i perioden 1901-1910. I kvar av f
| «Restauration» under segl. Sluppen sigla frå Stavanger 4. juli 1825, og kom 9. okto-ber fram til New York med dei første norske utvandrarane, etter ei strabasiøs ferd over Atlanterhavet. Foto: Norsk Utvandrermuseum |
emårsperiodane som inngjekk i dei tre utvandringsbølgjene emigrerte minst 250 innbyggjarar frå Hjelmeland, medan det i tida mellom bølgjene var høvesvis 156 og 152 emigrantar. Perioden 1856-1860 var dessutan, for Hjelmeland sitt vedkomande, femårs-perioden med nest mest utvandring. I løpet av denne perioden emigrerte heile 526 hjelme-landsbuar, berre ni færre enn femårsperioden med mest utvandring, 1881-1885. (Sjå tabell 1 på side 3).
Den første utvandringa frå Hjelmeland bestod av ein familie på fem personar som emigrerte i 1829, og det tok fleire år før nokon fleire fann på å reisa frå Hjelmeland. Ein av dei som reiste med «Restauration» i 1825, Knud Andersson Slogvig, kom tilbake til Noreg i 1835. Det han fortalde om landet «over there» skapte ei bølgje av emigrantar frå Ryfylke og Sunnhordaland, som reiste i 1836 og 1837. Ein stor flokk på 38 personar gjorde seg klar til å reisa frå Hjelmeland til Amerika våren 1836, og i 1838 reiste 16 hjelmelandsbuar over frå Stavanger. I 1839 reiste berre ein frå Fister og to frå Årdal, og med det var den første utvandringspulja forbi. Det gjekk heile seks år før nokon frå Hjelmeland igjen reiste over Atlanteren. (Brandal 1994:29-30)
I 1845 emigrerte 14 hjelmelandsbuar, og sidan emigrerte folk frå Hjelmeland kvart år fram til 1865, med unntak av åra 1852 og 1863. Utvandringstalet varierte mykje frå år til år. Det reiste mange i 1846 og 1850, 1853-1854, 1856-1858 og 1860-1861. Rekordåret var 1857. Då førte presten heile 257 emigrantar inn i utflyttingslistene i kyrkjebøkene. I løpet av dette eine året reiste meir enn fem prosent av innbyggjarane frå Hjelmeland til det nye landet på den andre sida av Atlanteren. (Brandal 1994:30)
Fram til 1860 emigrerte om lag 1.000 hjelmelandsbuar over Atlanteren, og sidan rulla bølgja vidare. Fram til 1920 emigrerte nærare 3.000 over Atlanteren. Det er særskilt tre femår som skil seg ut med om lag 500 emigrantar. Det er 1856-1860, 1866-1870 og 1881-1885. Innimellom er det periodar med mindre utvandring. Etter 1890 var det ikkje ein einaste femårsperiode der utvandringstalet kom over 300, men det ser likevel ut til at utvandringa heldt seg oppe, og syner ein stigande tendens mellom 1900 og 1910. Dei låge tala på slutten skuldast den første verdskrigen, då utvandringsbølgja flata heilt ut.
Geografisk variasjon
Fram til 1890 var utvandringa høgast i dei indre austlandsamta, og deretter var det Agder-fylka og Rogaland som overtok leiinga. Korleis var så dei geo-grafiske variasjonane i utvandrings-mønsteret til Hjelmeland prestegjeld?
Hjelmeland prestegjeld har vore, og er framleis, delt inn i dei tre kyrkjesokna Fister, Hjelme-land og Årdal. Sjølv om alle sokna hadde den same presten og høyrde til det same prestegjeldet, var det lokale variasjonar i utvandringstala frå dei ulike sokna. Årdal hadde den største delen av utvandring fram til 1860-åra, då Hjelmeland og Fister ikkje sende så mange emigrantar den første tida. Etter 1860-talet var utvand-ringa heile tida større i Fister og Hjelmeland enn i Årdal. (Brandal 1994:194)
Fellestala for Hjelmeland og Fister dekker over det faktum at det var mykje større utvandring frå Hjelmeland enn frå Fister. I alle fall frå 1890 stoppa utvandringa nesten heilt opp frå Fister, men heldt seg høg frå Hjelmeland sokn. I løpet av dei 30 åra fram til 1920 reiste det berre 31 fisterbuar over Atlanteren, medan det i den same perioden var heile 823 emigrantar frå Hjelmeland sokn. Folketalet i Hjelmeland sokn var rett nok noko høgare, men utvandringa frå Hjelmeland var likevel om lag ti gonger større enn frå Fister i perioden 1890–1920. (ibid.)

Tilbakevandring
Heilt sidan starten på utvandringstida var emigrantane smerteleg klare over at emigrasjon innebar eit endeleg farvel med heimlandet. Berre eit fåtal av utvandrarane kom tilbake til heimbygda etter at dei hadde reist ut, men fram mot hundreårsskiftet og i åra etter hundreårsskiftet endra denne trenden seg.

Foto: Norsk Utvandrermuseum
I denne perioden var det ikkje så ganske få ungdommar som reiste til Amerika, der dei budde og arbeidde nokre år, før dei reiste heim igjen og etablerte seg i heimbygda. For desse ungdommane var det å reisa over Atlanteren ei arbeidsinnvandring som strekte seg over nokre år, men som ikkje var ment å vara for alltid. (Brandal 1994:198) Truleg kan ein rekna med at om lag ein firedel av dei som reiste ut på 1900-talet kom tilbake til Noreg, mange med fulle lommebøker. I perioden 1890-1940 flytta om lag 155.000 nordmenn tilbake til heimlandet etter nokre år i den nye verda. (Storhaug 2003:123)
| År i amerika | Personar |
| 0-5 år | 34 |
| 6-10 år | 26 |
| 11-15 år | 12 |
| 16-20 år | 10 |
| 21-25 år | 8 |
| >25 år | 2 |
| Tabell 2: Tilbakekomne norskamerikanarar i perioden 1885-1910. Kjelder: Folketeljing for Årdal, Fister og Hjelmeland herad, 1910. | |
Også for Hjelmeland prestegjeld sitt vedkomande var dette ein gjeldande trend. Rett nok var det kyrkjesokna Hjelmeland og Fister som hadde flest heimvende norskamerikanarar. (Brandal 1994:198) Folketeljinga frå 1910 (sjå tabell 2) viser at 93 personar som vart fødde i Hjelmeland prestegjeld hadde flytta tilbake frå Amerika i perioden 1885-1910, og meir enn halv-parten av desse (48) flytta attende til Hjelmeland i løpet av femårsperioden 1906-1910. Dei som flytta tilbake i perioden 1885-1910 var i snitt 23 år gamle då dei emigrerte, og opp-haldstida i Amerika var i snitt 10 år. Åtte av ektepara som flytta attende i perioden 1885-1910 hadde med seg 18 amerikansk-fødde born i alderen 0-14 år.
Aldersfordeling og sosial bakgrunn
I den første utvandringspulja fram til 1860-åra gjev utflyttingslistene i kyrkjebøkene eit så godt som fullstendig oversyn over alle emigrantane frå Hjelmeland prestegjeld. Emigrantane som vandra ut frå Hjelmeland i den første perioden frå 1829 til 1839 var hovudsakleg i aldersgruppa 20-40 år. Av dei 62 emigrantane frå Hjelmeland i perioden 1829-1839 var berre åtte vaksne og ugifte, medan resten høyrde til i tolv familiar frå ulike stader kringom i prestegjeldet. Sju av dei tolv familiane var gardbrukarfamiliar. Dei andre fem familiane høyrde til arbeidarklassen, og eit par av dei var nygifte. (Brandal 1994:30)
Også seinare var gardbrukarar i fleirtal. Frå Årdal reiste gardbrukar Johan Pederson Børkja med familie i 1845, saman med ein ugift bror og ein annan ungkar. Året etter reiste 47 årdalsbuar til Amerika, 40 av dei høyrde til i åtte gardbrukarfamiliar. Dei andre var tre brør frå Svadberg, to brør frå Kaltveit og to tenestejenter. Mange av dei åtte familiane var i slekt med kvarandre. Vi har også sett nærare på dei 75 familiane som emigrerte frå Hjelmeland og Fister fram til 1865. Halvparten av dei var gardbrukarar. Dei aller fleste var sjølveigarar som selde bruket sitt før dei reiste. 9 var nygifte gardbrukarsøner. 15 var husmannsfolk, 6 var husmannssøner. Dei siste åtte familiane var innerstar, forpaktarar av gardsbruk m.m.
Det var med andre ord ikkje fattigklassen som starta utvandringa frå Hjelmeland. Fleirtalet var sjølveigande gardbrukarar. Dei selde bruket sitt i heimlandet og la ut med ein betydeleg kapital i lomma. Dei hadde det nok ikkje så vondt i Norge, men dei reiste fordi dei vona å få det betre i det nye landet. Dei var relativt velståande folk som strekte seg etter noko betre (Brandal 1994:31)
I tida fram til 1865 var berre ein firedel av emigrantane ugifte ungdommar, av dei var det dobbelt så mange menn som kvinner. Dei fleste av ungdommane var mellom 20 og 30 år. Storparten av emigrantane tok ut med heile familien. Til saman var det 179 familiar som la i veg med til saman 791 personar. Som oftast var det mor og far og nokre mindreårige born som reiste, men det var alle slags følgje. Det kunne vera ei enke med ein ungeflokk, eit nygift par utan born, søsken som reiste saman, osb. (Brandal 1994:30-31)
Masseutvandringa frå Noreg i 1860-åra og utover skil seg på nokre viktige punkt frå utvandringa tidlegare i hundreåret. Meir enn før var det dei unge og uetablerte som reiste frå landet, tidlegare hadde det vore familiane som dominerte. Dessutan auka utvandringa frå byane. Utvandrarane hadde også ein meir samansett bakgrunn enn før. Dei fleste kom frå landsbygda, men fleire hadde opplæring i eit yrke eller erfaring frå anna arbeid enn jordbruksarbeid. (Hagemann 1997:82-83) Dette var også tilfelle for Hjelmeland prestegjeld, men grunna mangel på kjeldemateriale er det vanskeleg å danna eit heilskapleg bilete av emigrantane frå den andre halvdelen av 1800-talet og etter hundreårsskiftet. Sjølv om ein ikkje har grunnlag for å gje eit heilskapleg bilete av utvandringa frå 1860-talet og utover, vil eg likevel prøva å fortelja noko om dei 301 som emigrerte i perioden 1871-1885, og vonleg vil denne parten danna eit representativt bilete av utvandringa frå Hjelmeland. (ibid.)
Vel halvparten av hjelmelandsbuane som emigrerte i perioden 1871-1885 var ugifte personar, og berre ein fjerdepart av dei ugifte emigrantane var kvinner. Dei fleste emigrantane var menn under 25 år, og storparten av dei igjen var faktisk 20 år og yngre. (Brandal 1994:195) Den mest typiske emigranten frå Hjelmeland i 1870- og 1880-åra var ein ugift mann under 25 år. Blant utvandrarane var det både husmannssøner, gardbrukarsøner og andre. Alle var ufaglærte, men innstilte på å ta det arbeidet dei kunne få og som var best betalt. Mange tok arbeid som jordbruksarbeidarar, andre fekk seg jord sjølve og starta som farmarar. Andre arbeidde i jernbanen eller industrien. (ibid)

Foto: State Historical Society of Wisconsin, Andrew Dahl Collection
Litt mindre enn halvparten av emigrantane som ein kan finna opplysningar om i kyrkje-bøkene høyrde til i 27 familiar som mann, kone eller born. 17 av familiane var husmanns-folk, 6 var gardbrukarar og 4 i samlegruppa andre, der det mellom anna var ein handelsmann og ein skomakar. Som tidlegare nemnt dominerte gardbrukarstanden den første utvand-ringsbølgja, i åra før 186 5, men sidan var det husmannsgruppa som sende flest emigrantar frå Hjelmeland. (ibid.)
Det var, som tidlegare nemnt, ikkje nødvendigvis dei fattigaste som reiste over til Amerika. Ofte var emigrantane frå gardbrukar-familiar med kapital, men også småbrukarar og husmenn kunne vera i stand til å bryta opp med heimbygda, og få hjelp til å samla saman pengar til Amerika-billetten, noko dei mellom anna gjorde på fjellgarden Tengesdal i Årdal:
Orm Danielson og Iverine Jonsdotter laut selja garden i 1886, etter at dei hadde budd der i 12-13 år. Dei slo seg gjennom nokre år til i heimbygda før dei braut opp i 1890 med ein barneflokk på sju. Det var eit tungt oppbrot, for det var smått med pengar. Fattigstyret søkte kommunestyret om å løyva pengar til billettar, noko dei gjorde, men berre til dei fire minste borna. (Brandal 1994:196) Foreldra hadde allereie fått tilsendt billettar frå slektningar i Amerika, men framleis mangla det billettar til dei tre eldste borna. Spørsmålet var om dei måtte forlatast heime og plasserast kringom i bygda, men dette ville ikkje foreldra gjera. Då selde dei alt dei åtte av husdyr, innbu og anna på auksjon, men det gav ikkje meir enn 253 kroner, som i hovudsak gjekk med til å betala eit baklån på 250 kroner. Det vart då sett i gang ein innsamlingsaksjon på bygda for å skaffa meir pengar. Lars Vadla og kyrkjesongar Ola Lerstøl sette seg i spissen for innsamlinga, og i innbydinga skreiv dei at det var «næsten umuligt især for Moderen at reise ifra Børnene, hvorfor de vil forsøge om frivillig hjælp hos medfølende Medmennesker inden Sognet.» Folk skreiv seg på med beløp frå 50 øre til fem kroner, og innsamlinga fekk inn vel hundre kroner, noko som hjelpte til at heile huslyden om våren 1890 kom seg av garde til «mulighetenes land». (ibid.)
Reaksjonar i heimbygda
At den enorme utvandringa hadde konsekvensar for bygdene i Hjelmeland, kan ein mellom anna lesa om i boka «100 år og minnes mangt», der Johannes Arneson fortel om det første diskusjonsmøtet i det nyskipa ungdomslaget på Hjelmeland, hausten 1887. På det første møtet tok ungdomslaget føre seg utvandringa. Dei meinte det lenge hadde vore ei fæl utvandring, «reint ei bodtapping».
Bygdene ól opp meir folk enn dei kunne brødføda. Så bar det til Amerika med dei som trong det og mange fleire med. Heile huslydar reiste. […] Der borte trong dei sterke rudningsmenner og kvinnfolk som kunne stella huset, og ala opp nye slitarar. Og her heime gjekk folk med jordhunger og visste ikkje si arme råd til å få tak i ein sjølveigande jordlapp. Ikkje rart at det vart amerikafeber. (Arneson 1964:49-50)
Heile møtelyden vart samd om at det var godt å ha eit Amerika å ty til, sidan det ville blitt «sveltihel» utan, men det fekk då vera måte med utvandringa meinte somme. «Her er snart ikkje ein dreng å få tak i, og reiser gutane dreg jentene etter. Det er så mykje lettare å få seg mann og levebrød der borte», sa ein raudskjegga mann. «Bonden er så redd for jorda si. Om han har mykje meir jord enn han rår med, vil han ikkje selja utmark så mykje som til éi saueføa», sa ein ungdom. (Arneson 1964:51)
Sosiokulturelle relasjonar mellom nordmenn i Nord-Amerika
Som ein direkte følgje av den norske utvandringa til Nord-Amerika, voks det fram eit immi-grantsamfunn på amerikansk jord, eit norsk Amerika. Nordmennene har aldri utgjort nokon stor del av den amerikanske befolkinga, godt under to prosent på sitt høgaste i åra rundt den første verdskrigen, men mange konsentrerte busetjingsområde har gjeve den etnisk norske gruppa tyngde i enkelte delar av USA, der desse norske busetjingsområda framleis kan vera eit dominerande folkeelement. (Lovoll 1983/1997:15)
Busetjingsmønster
Dei aller første emigrantane frå Hjelmeland prestegjeld var ekteparet Gudmund Osmundson og Mari Pedersdotter frå Fister kyrkjesokn. Gudmund og Mari var blant nokre ganske få som emigrerte frå Noreg mellom 1825 og 1836. Allereie i 1829 reiste ekteparet over til Amerika med dei tre døtrene sine på 9, 3 ½ og 2 år. Etter ilandstiginga «over there» slo familien seg ned i Kendall i staten New York, der sluppefolket budde. I 1834-1835 flytta alle nordmennene i dette området til til Mission, LaSalle county i staten Illinois, under leiing av utvandrarpionéren Cleng Peerson. (Brandal 1994:29)
Dei aller fleste ryfylkingane som emigrerte slo seg ned på landsbygda på den vide prærien i Midtvesten i Nord-Amerika. Ryfylkingane var oppvaksne med jordbruk og landsbygd heime, og dei heldt fram i det same sporet då dei kom til Amerika, sjølv om farming på prærien var noko heilt anna enn gardsdrift på små og bratte Ryfylke-gardar. Mange emigrantar hadde hatt jordhunger heime, men hadde ikkje vore i stand til å skaffa seg noko for seg sjølv. (Brandal 1994:197)
I Amerika var tilgangen på jordbruksareal så godt som heilt fri. Etter Homestead-lova av 1862 kunne kvar mann eller kvinne over 21 år få ein kvart seksjon jord gratis mot eit lite registreringsgebyr. Ein kvart seksjon var på 160 acres, eller 650 mål, noko heilt anna enn eit småbruk i Hjelmeland. (ibid.) Osmund Endreson Tøtland, seinare Osman Tuttle, frå Hjelmeland var den første nordmannen som vart tildelt Homestead-land i Iowa. (Hall 2007) Fri tilgang på jord må ha vore sterkt medverkande til at nordmenn var den etniske gruppa som i relativt størst tal slo seg ned som gardbrukarar på dei store slettene i Amerika (Haugen 1967:10)
Immigrasjonsmønsteret avspegla samfunnet som nordmennene reiste frå. Samanlikna med dei som emigrerte frå andre nordiske land, valte nordmennene å busetja seg på konsentrerte område. Når dei skulle velja ny heimstad viste dei også ein kjærleik for jordbruk og landlege omgjevnader. (Hagemann 1997:84) Nordmennene danna også, meir enn andre immigrantgrupper, ikkje berre nasjonale men også regionale busetjingsområde. (Kruse 1991:135)
Dei viktigaste norske busetnadsområda voks fram i Minnesota, Wisconsin og Illinois. I 1880-åra var det derimot ikkje lenger enkelt å få jord i Wisconsin, men det var framleis noko jord i Minnesota. Etter kvart som jernbanen vart bygd ut, vart nye område opna for busetjing. Innvandringa til Dakota-statane skaut fart i løpet av 1870-åra, og Nord-Dakota vart snart den norskaste av alle amerikanske statar. (Sjå kart på neste side.) Frå 1880-åra byrja nordmenn å reisa til statane i nordvest, etter at jernbanen hadde blitt ført fram like til Seattle. (Hagemann 1997:84)
Straumen av nye landsmenn til Minnesota og dei andre Midtvest-statane heldt fram. Sjølv om utsiktene til å få eiga jord ikkje lenger var like gode, var det trygt å vita at ein kom til slektningar og sambygdningar. (ibid.) I enkelte område kunne omtrent heile fylke bli fylte av berre ei folkegruppe. Desse samfunna var ikkje homogene berre på nasjonalt nivå, men ofte var innbyggjarane i desse samfunna frå visse regionar, distrikt eller til og med prestegjeld. (Ostergren 1988:15) Ostergren meiner at dette fenomenet er forårsaka av ein kjedemigrasjon, der kulurelle homogene busetjingsområde vart danna gjennom etablering av sterke kjedemigrasjonsaksar. Kjenningar, slekt, venner og naboar frå heimbygda i Noreg slo seg svært ofte ned på dei same plassane som sambygdningane i Amerika. Dette vart etter kvart grunnleggjande for busetjingsmønsteret i Midtvesten, noko ein ser på kartet under. (ibid.)

Familieband og bygdesamhald spelte også ei viktig rolle i dei amerikanske byane. I Chicago var det til dømes ein stor vossekoloni. Sørlendingar og rogalendingar samla seg i Brooklyn, medan sunnmøringar og nordlendinga prega den norske busetnaden i Seattle. (Hagemann 1997:84)
Dei fleste som reiste ut frå Noreg kom frå områda som blir reknar for å vera dei mest konservative, som var minst utsette for nye og urbane skikkar og som hadde halde best på det tradisjonelle livsmønsteret. Ingrid Semmingsen har påpeika både desse faktuma, og paradokset om at det var folk frå dei mest konservative miljøa som likevel tok det mest radikale steget og emigrerte. Ho konkluderer likevel med at det alltid er ein konsekvens i dette: «Gradually the number of fellow dalesmen in America became so large that it seemed less strange to join them than to move to other places in Norway. They were perhaps trying to defend and protect an old pattern of life by emigrating». (Semmingsen 1978:40)
I følgje Semmingsen var altså det å halda saman med dei ein hadde felles tradisjonar med den beste måten å halda på dei gamle tradisjonane. Den norske emigrasjonshistoria fortel i så måte om ein eksepsjonell grad av konservatisme. Folk frå den same bygda heldt, dersom dei kunne det, saman når dei kom til Nord-Amerika. Nordmenn danna meir enn andre immigrantgrupper både nasjonale og regionalt baserte busetjingsområde. (Kruse 1991:135) Sidan nordmenn stort sett busette seg i dei same områda kan det ikkje ha vore særskilt vanskeleg å behalda den norske identiteten i det nye landet. Det vart stifta både aviser, kyrkjelydar og bygdelag, som naturleg nok må ha vore viktige for dei sosiokulturelle relasjonane mellom norsk-amerikanarane, noko eg vil koma tilbake til i dei tre neste kapitla.
Den nasjonale kulturbakgrunnen spelte framleis ei viktig rolle i det nye heimlandet. Norske innvandrarar la vekt på å halda på språket, trua og tradisjonane. Dei norske innvandrarane feira ofte 17. mai, og var med på å grunnleggja eigne norske kyrkjesamfunn og kyrkjelydar. (Hagemann 1997:84-85)

Foto: State Historical Society of Wisconsin
– Andrew Dahl Collection
Avisene
Fleire stader i Nord-Amerika budde det større eller mindre konsentrasjonar av nordmenn, noko som la grunnlaget for å stifta eigne norskamerikanske aviser. I Chicago, ein by som husa eit stort og mangfaldig innvandrarmiljø, vart den norske kolonien eit viktig sentrum for nordmenn i Amerika, også kulturelt. Byen fekk med tida ein talrik og aktiv middelklasse som var med på å stifta kyrkjesamfunn, veldedige organisasjonar, teater og aviser. Den viktigaste avisa var Skandinaven, som vart lesen langt utanfor Chicago. (Hagemann 1997:85)

Foto: Nasjonalbiblioteket, avdeling Oslo
– Norskamerikansk samling
Dei norske avisene vart eit viktig bindeledd mellom dei norske innvandrarane. Stiftinga av aviser var utbreidd i dei fleste statane der det budde norske innvandrarar. I Nasjonalbiblio-teket sin database kan ein telja opp at det har eksistert minst 160 norsk-amerikanske aviser, dei aller fleste stifta i siste kvartal av 1800-talet. (Nasjonalbiblioteket 2011) Fleire av dei norskamerikanske avisene vart grunnlagde i dei norske miljøa i Iowa, mellom anna i Deco-rah, men ikkje minst i Story City. Nyhende om nordmenn i det sentrale Iowa vart trykka i eigne norske lokalaviser for Ames, Cambridge, Ellsworth, Huxley, Jewell, McCallsburg, Nevada, Radcliffe, Randall, Roland, Sheldahl, Slater, Stanhope, Story City og Webster City. (Olsen 2010:62)
Visergutten er eit døme på ei av dei norske avisene i Amerika. Avisa vart gjeven ut kvar veke frå 1895 til 1944. Frå starten vart Visergutten gjeven ut i Story City, men utgjevinga vart i 1918 flytta til Canton. Visergutten vart flittig lest i store delar av det norske Amerika, og den vart flittig brukt til å formidla meldingar og informasjon mellom nordmenn. (ibid.)
Visergrutten spelte ei viktig rolle i arbeidet med å skaffa midlar til den nye kyrkja i Årdal i Ryfylke, då avisa fungerte som ein viktig bodbringar for meldingar i den store innsamlings-aksjonen som dei utvandra årdalsbuane arrangerte for å skaffa pengar til ny kyrkje i heimbygda. I innsamlingsarbeidet vart Visergutten mellom anna brukt til å senda kvittering til lensmann Ur i Noreg om at pengane var komne vel fram, og i den same avisa vart det skrive kven pengane kom frå. Lensmannen sende også meldingane sine til Amerika gjennom avisa. Når andre nordmenn las om gåvene til kyrkja i avisa, stimulerte dette samstundes til at endå fleire gav sine bidrag. (ibid.)
I dette arbeidet vart Visergutten brukt til å senda kvittering til lensmann Ur i Noreg om at pengane var komne vel fram, og det vart skrive kven pengane kom frå. Lensmannen sende også meldingane sine til Amerika gjennom avisa. Når andre las om gåvene til kyrkja, stimulerte det til at endå fleire gav sine bidrag. (ibid.)
Kristenliv
Den kristne trua tok hjelmelandsbuane med seg frå eit godt etablert bedehusmiljø heime i Hjelmeland då dei emigrerte til Nord-Amerika. Heime i Noreg hadde utviklinga av dei folkelege religiøse rørslene dukka opp i kjølvatnet av industrialiseringa på 1800-talet. (Ramstrøm 2005:125-128)
Hjelmeland opplevde, som resten av landet, store endringar på 1800-talet. Det førte mellom anna til framveksten av ei stor lekmannsrørsle. Hans Nilsen Hauge, grunnleggjaren av den strengt religiøse retninga haugianismen fekk etter kvart mange tilhengjarar, også innover i Ryfylke, og det første bedehuset i Noreg vart bygd på Hjelmeland, allereie så tidleg som i 1840. Bedehuskulturen, kyrkjelivet og lekmannsrørsla tok hjelmelandsbuane med seg, og dei var med på å stifta mange kyrkje-samfunn og kyrkjelydar. (Hagemann 1997:84) Berre i Chicago vart det stifta elleve lutherske kyrkjelydar og ni metodist-kyrkjer i peroden 1870-1900. (Hagemann 1997:84-85)
At det kom mange haugianarar til Amerika kan ein sjå av talet på kyrkjer og bedehus. Det var noko av det første haugianarane bygde opp då dei kom fram. Allereie rundt 1850 var det mange kyrkjelydar i det norske Amerika. (Espedal 2000:6)
I 1840 kom ein velståande bonde frå Lier til Muskego, utanfor byen Milwaukee. Han var sterkt truande haugianar, og vart leiar for ein haugianarkyrkjelyd i området. Han kjøpte ein stor låve som vart inngangshus for alle dei som flytta dit. Låven vart både eit sosialt og reli-giøst midtpunkt, og til og med ei slags sjukestove. (Espedal 2000:41)

Foto: Norsk Utvandrermuseum
Kyrkjene var svært viktige i etableringane av nye bustadområde. Fleire av kyrkjene i Story County og Hamilton County er bygde med sterkt initiativ frå ryfylkingar. (Olsen 2010:53)
Kyrkja og kyrkjelyden i Garden City i Iowa har fått namnet Stavanger, noko som ikkje er unaturleg, ettersom dei fleste som busette seg i dette området var dei same som ein gong i tida hadde reist med Amerika-båten frå Stavanger. Sjølv om dei var frå bygdene i Ryfylke, vart Stavanger oppgitt som heimstad i fleire samanhengar. Dei som bidrog til etableringa av busetjingsområdet og kyrkjelyden vart kjende under overfarten, og kanskje dette var medverkande til at dei støtte saman i Iowa. Trass alt hadde dei både felles bakgrunn og felles mål. (Olsen 2010:54)
I den gamle byen Ossian, eit sentralt område for tidlege Ryfylke-settlarar i Iowa, slo mange frå Ryfylke-bygdene seg ned for å bryta nytt land. Mellom anna flytta mange frå Jøsneset i Hjelmeland hit, men også folk frå Årdal slo seg ned her. Om lag to miles utanfor bysenteret ligg Stavanger church, der ein kan finna spor etter ryfylkingar tilbake til 1850-åra. Stavanger kyrkjelyd i Ossian feira 150-årsjubileum i 2003, og i heftet som vart gjeve ut i samband med dette arrangementet, står det skrive i at kyrkjelyden vart stifta av folk frå Hjelmeland og Sunnhordaland. (Olsen 2010:76)
I boka «På “Ryfylkebesøk” i USA» fortel Odd Harald Olsen at ein rundtur på gravplassen rundt Stavanger church i Ossian fortel ei historie om dei mange emigrantane frå Ryfylke. Gravminna står der til minne om ryfylkingar, med eit særskilt stort innslag av namn som høyrer til bygdene Hjelmeland og Jøsneset i Hjelmeland prestegjeld. (Olsen 2010:80).
Buxton kan gjerne kallast eit Hjelmeland i Amerika, og er eit typisk tøme på korleis nordmennene organiserte seg mellom einannan, der dei skulle finna si nye framtid saman med tidlegare sambygdningar. I Buxton finn ein spor etter utvandrarane frå Hjelmeland overalt, særskilt er spora tydeleggjorte med minnesteinane på gravplassane her. Her finn ein mellom anna Ryfylke-slektsnamna Buer, Knudsvig og Hettervig. (Olsen 2010:27, 30, 87)
Bygdelaga
Som tidlegare nemnt hamna dei aller fleste hjelmelandsbuane på prærien i Midtvesten, der dei kom saman med mykje kjentfolk frå heimbygda. I løpet av starten på 1900-talet danna mange av dei som kom frå dei same bygdene i Noreg såkalla bygdelag i Amerika. Alle i Rogaland gjekk saman i Stavanger Amt Laget. (Brandal 1994:198)
Det første bygdelaget vart stifta under eit stemne i Story City i Iowa, og bygdelaga fekk stor betydning for samhaldet mellom nordmenn i USA. Strand Bygdelag vart stifta i Story City i 1911, under eit stemne i Stavanger Amt Laget, og allereie året etter vart Årdalslaget stifta av utvandra årdalsbuar under eit stemne i Forest City, noko lenger nord for Story City. Under dette stemnet vart det stifta heile fem bygdelag. (Olsen 2010:61) Seinare vart det også stifta eigne bygdelag for både Hjelmeland og Fister. (Brandal 1994:198)
På skipingsmøtet til Årdalslaget vart ny kyrkje i heimbygdai Noreg eit sentralt tema. Kyrkja i bygda vart bygd i 1619, og var etter kvart både for gammal og for liten for ei bygd i vekst. Årdalslaget vetok å starta ein innsamlingsaksjon for ny kyrkje i Årdal. Dei hadde godt kontakt med heimbygda, og kommunestyret der gjorde vedtak om å ta imot den store gåva. Rett nok hadde det allereie i 1906 og 1907 kome litt pengar frå utvandra årdalsbuar i Amerika, øyremerkte ny kyrkje. (Olsen 2006:7) Årdalslaget samla til saman inn 27.000 kroner, og det vart bygd ny kyrkje i Årdal i Ryfylke. Kyrkja stod ferdig i 1916, men måtte venta like til 1919 før den vart innvigd, grunna usemje mellom kommunen og departe-mentet. (Brandal 1994:198)
Hjelmelandslaget gjorde også sitt for å hjelpa heimbygda økonomisk, og dei oppretta eit fond under namnet Hjelmelands Hjælpeforening. Rentene av fondet vart sende til heimbygda til hjelp for trengjande. Gjennom åra utgjorde desse hjelpemidlane tusenvis av kroner. (ibid.)
Bygdelaga heldt som nemnt kontakten med heimbygdene i Noreg, og i løpet av 1915 fekk både Hjelmelandslaget, Fisterlaget og Årdalslaget tilsendt faner frå heimbygdene sine. (ibid.) Bygdefanene var ein av tinga bygdelaga hadde til felles. Dei aller fleste bygdelaga fekk laga faner heime i Noreg, og fanene vart oversende og høgtideleg avduka under sommarstemna i Amerika. I nokre tilfelle var fana ei takk for gåver som vart sende frå Amerika til gode føremål i heimbygda, medan fanene i andre tilfelle var eit resultat av pengeinnsamlingar heime i Noreg. (Olsen 2010:61)
Årdalsbuane som var med å danna Årdalslaget var dei første som fekk tilsendt ei bygdefane frå heimstaden. Det vart ein merkjedag, ikkje berre for årdalsbuane åleine, men også for alle stavangarane og rogalendingane å vera tilstades i Forest City då den første bygdefana vart overrekt til Årdalslaget. Det var ikkje så få som gav sine kjensler til kjenne i gode vitnesbyrd, både årdalsbuar og andre. (Olsen 2006:7)
Dei mange bygdelaga var eit synleg prov på at emigrantane tok med seg tilhøyrsla si til det nye landet, og heldt det ved like gjennom årlege treff, saman med tidlegare sambygdingar som hadde busett seg på ulike stader i det nye landet. Hjelmelandsbuane hadde behov for å samlast frå tid til annan, minnast gamle dagar, og ikkje minst hadde dei samhald i religionen sin, som var sterkt forankra i kristentrua. Dei årlege stemna vandra rundt i statane i Midtvesten, og Stavanger Amt Laget var som ein paraplyorganisasjon for desse bygdelaga. Dei hadde ein del felles og lokale samlingar for folk som kom frå den same bygda heime i Noreg. Dette var viktige treffpunkt, der dei kunne formidla informasjon heimefrå, ha sosiale samvere og, ikkje minst var desse stemna eit samlingspunkt kring utvandrarane sitt kriste trusfelleskap. (Olsen 2010:61)
Konklusjon
Den første utvandringa, både frå Noreg og frå Hjelmeland, må sjåast på som eit eingongs-tilfelle, men tilbakemeldingane frå dei som reiste over må utan tvil ha sett i gong prosessar som i andre rekkje førte til aksellererande utvandring frå heimlandet. Berre fire år etter sluppefolket reiste frå Stavanger med «Restauration» starta utvandringa frå Hjelmeland.
Etter kvart utvikla det seg eit fast utvandringsmønster som i hovudsak også overlappar Hjelmeland sitt utvandringsmønster. Dei tidlegare omtalte utvandringsbølgjene kan ein også følgja i talmaterialet frå Hjelmeland. I den første fasen av utvandringa var det i hovudsak familiar med gardbrukarbakgrunn som emigrerte, men seinare vart det fleire unge og ugifte med ulik yrkesbakgrunn som emigrerte. Gjennom denne artikkelen har det også kome fram fleire opplysningar som kan vera med på å avliva myten om at utvandringa var eit fenomen der dei fattigaste flykta frå heimbygdene grunna plassmangel. Amerika-billetten var kostbar, og ein måtte arbeida for å få råd til ei reise over Atlanterhavet. Fleire familiehistorier viser at ein ofte vart hjelpt med pengar til Amerika-billettar og startkapital i det nye landet etter å ha selt både gard og grunn, men i andre tilfelle, til dømes i fattige husmannsfamiliar, var ein avhengig av å til dømes senda eitt og eitt barn over for å tena pengar til billettar for dei resterande familiemedlemmene.
Blant sambygdingar i samtida var utvandringa eit vanleg fenomen, men reaksjonane var ulike. Mange frykta blodtappinga av bygdene, medan andre meinte at Amerika var ein god tryggingsventil å ty til i ei tid med overbefolking. Folketalet i Hjelmeland auka drastisk i løpet av 1800-talet, noko som førte til at totalt 3.920 hjelmelandsbuar såg seg nøydde til å søkja lukka på den andre sida av Atlanterhavet. I den siste delen av 1800-talet og starten på 1900-talet var det om lag ein firedel av utvandrarane som kom tilbake til Hjelmeland, noko som også samsvarer med mønsteret på nasjonalt nivå. Storparten av dei som kom tilbake var unge menn og kvinner som for ein kortare periode reiste til Nord-Amerika for å arbeida.
Tradisjonelt sett har det vore konsensus omkring push- og pull-faktorane som forklaring på utvandringa, men forskjellige historikarar har ulike forklaringar på utvandringa. Push- og pull-modellen kan uansett ikkje i seg sjølv ha vore avgjerande for kven og kor mange som emigrerte frå Noreg. Truleg har push- og pull-faktorane danna eit grunnlag for individuelle rasjonelle vurderingar, slik at kvar og ein hadde føresetnad for å koma fram til den beste løysinga i sin eigen livssituasjon, nemleg om ein skulle bli verande i heim-landet eller om ein skulle emigrera, og eventuelt kor ein skulle emigrera til.
Både nordmenn og hjelmelandsbuar tenkte også mykje likt omkring emigreringsmålet. Kjedemigrasjonen, ein prosess der utvandrarane søkte saman med kjenningar frå heimbygda for å ta vare på tradisjonane frå heimlandet sitt, førte til at storparten av innvandringa frå Noreg vart konsentrert omkring Midtvesten i USA, med Nord-Dakota som den desidert største norske staten. Med såpass store konsentrasjonar av norske folkemassar kringom i Midtvesten, vart det også grunnlag for å utvikla ulike sosiokulturelle relasjonar, til dømes i form av aviser, kyrkjesamfunn og bygdelag.
Gjennom døma som er skissert i denne artikkelen kan ein sjå at både kommunikasjonar og relasjonar mellom nordmenn var av eit relativt betydeleg omfang, og truleg har norske aviser, bygdelag og kyrkjelydar vore godt synlege i område med store konsentrasjonar av nordmenn. Dei sosiokulturelle relasjonane har utan tvil vore svært viktige for nordmenn som ynskja å ta vare på den norske kulturen og den norske språket i det nye heimlandet, men utviklinga av desse kommunikasjonsmidla og møtestadene kunne aldri ha skjedd dersom utvandringa frå Noreg ikkje hadde hatt det massive omfanget som den faktisk hadde.
Kjelder
Litteratur:
Arneson, Johannes: 100 år og minnes mangt. Oslo, 1964.
Bilsborrow, Richard E.: «Migration, Population Change, and the Rural Environment». Environmental Change & Security Prosject Report nr. 8, 2002.
Brandal, Trygve: Hjelmeland: Bygdesoge 1800-1990. Hjelmeland, 1994.
Espedal, Kjell: Dei som drog: Utvandringa frå Høgsfjord/Lysefjordområdet. Forsand, 2000.
Gill, Johannes: Eg veit meg ein fjord. Stavanger, 1975.
Hagemann, Gro: Det moderne gjennombrudd, 1870-1905. Oslo, 1997.
Hall, Mari Anne Næsheim: «Osmund Endresson Tøtland: Hjelmelandsbuen som reiste til Amerika for at "søge en blidere Skjebne"». Bygdaposten for Hjelmeland, 16 februar 2007.
Haugen, Einar: The Norwegians in America: A Student's Guide to Localized History. New York, 1967.
Klaveness, Thoralv: Det norske Amerika. 1904.
Kruse, Arne: «Norske stadnamn i Coon Valley, Wisconsin: Møte mellom to tradisjonar», i Norsk språk i Amerika, redigert av Botolv Helleland. Oslo, 1991.
Libæk, Ivar, Øivind Stenersen, Asle Sveen, og Svein A. Aastad: Historie Vg3: Frå 1700-talet til i dag. Oslo, 2008.
Lien, Sigrid: Lengselens bilder: Fotografiet i norsk utvandringshistorie. Oslo, 2009.
Lovoll, Odd S.: Det løfterike landet: En norskamerikansk historie. Universitetsforlaget, 1983/1997.
Oldervoll, Jan: «Kva hadde befolkningsveksten å seie for utvandringa?», i Utvandringa: Det store oppbrotet, redigert av Arnfinn Engen. Oslo, 1978.
Olsen, Odd Harald: Den store gåva frå Amerika. Hjelmeland, 2006.
Olsen, Odd Harald: På "Ryfylkebesøk" i USA. Hjelmeland, 2010.
Ostergren, Robert Clifford: A Community Transplanted: The Trans-Atlantic Experience of a Swedish Immigrant Settlement in the Upper Middle West, 1835-1915. The University of Wisconsin Press, 1988.
Ramstrøm, Ann Kristin: Migranten og kvardagslivet: Ei undersøking av tru og kvardagsliv. Ryfylkemuseet, 2005.
Ree, Idar: «Utvandrarane frå Stavanger», i Migrasjon som kultur, redigert av Dan Dyrli Daatland og Hans Eirik Aarek. Stavanger, 2003.
Semmingsen, Ingrid: Norway to America: A History of the Migration. Minneapolis, 1978.
Semmingsen, Ingrid: Veien mot Vest: Utvandringa fra Norge til Amerika, 1825-1865. Oslo, 1941.
Stensland, Owen: «Ein utvandrar fortel: Om språkvanskar, hjelpsame indianarar, isvatn, støvplage og ennå meir». Bygdaposten for Hjelmeland, mars 1979.
Storhaug, Hans: «Return Migration: Numbers, Reasons and Consequences: A European Overview», i Migrasjon som kultur, redigert av Dan Dyrli Daatland og Hans Eirik Aarek. Stavanger, 2003.
Trustees Old Settlers Memorial Ass'n.: Pioneers. North Dakota, u.d.
Tveite, Svein: «Overbefolkning, befolkningspress og vandring», i Vandringer: Festskrift til Ingrid Semmingsen på 70-årsdagen 29. mars 1980, redigert av S. Langholm og F. Sejersted. Oslo, 1980.
Østrem, Nils Olav: Norsk utvandringshistorie. Oslo, 2007.
Utrykte kjelder:
Norske og amerikanske folketeljingar
Jubileumshefte for «Stavanger Lutheran Congregation», Ossian, Iowa, 2003.
Bilete:
Fotografia er henta frå Norsk Folkemuseum, Norsk Utvandrermuseum og State Historical Society of Wisconsin – Andrew Dahl Collection, medan informasjonen til bileta er henta 22. april 2011 frå nettutstillinga «Det løfterike landet», på www.nb.no/emigrasjon.
«Det løfterike landet» er eit samarbeid mellom Norsk Utvandrermuseum og Nasjonalbiblioteket.