Lokalavisa som lim og lupe i lokalsamfunnet

Ei undersøking av den redaksjonelle utviklinga til lokalavisa «Bygdaposten for Hjelmeland» i perioden 1973-2009.

Innleiing

I løpet av 1900-talet vaks det fram utallige aviser i Noreg, og storparten av desse nye avisene var lokalaviser som dekkja eit mindre geografisk avgrensa område. Blant slike lokalaviser var Bygdaposten for Hjelmeland, som vart starta i 1973.

Lokalaviser som til dømes Bygdaposten har utan tvil hatt ei rolle i lokalsamfunnet, men korleis har denne rolla utvikla seg? Ofte har lokalaviser fått kritikk for å vera for mykje lokal-patriotiske og for lite kritiske. Dei fleste lokalavisene har i seinare tid teke eller blitt tildelt ei rolle som både vaktbikkje og identitetsbyggjar for lokalsamfunna dei dekkjer. Difor kan det vera naturleg å spørja korleis den vanskelege nærleiken til samfunnet og balansegangen mellom det granskande samfunnsansvaret og ukritisk patriotisme har prega den redaksjon-elle utviklinga til lokalavisa Bygdaposten.

I 1975 skreiv dåverande redaktør i Bygdaposten, Erik Fossåskaret eit notat om korleis Bygdaposten oppfølgde oppgåvene sine. Fossåskaret var utdanna sosiolog, og hadde difor klåre meiningar om kva som skulle vera oppgåvene til ei lita lokalavis.

Eg har teke utgangspunkt i Fossåskaret sitt notat frå 1975, og vil gjennom denne artikkelen bruka dette notatet til å finna ut om/korleis Bygdaposten har utvikla sitt redaksjonelle innhald i rett eller feil retning, fram til avisa kom med sitt siste nummer julaftan 2009.

Fakta om Bygdaposten

Bygdaposten vart starta som kommunalt informasjonsorgan for Hjelmeland kommune i 1973, etter initiativ frå fire politikarar. Desse fire utgjorde ei redaksjonsnemnd som hadde ansvar for å gje ut tre prøvenummer i 1973, og vidare sytte dei for å gje ut Bygdaposten fram til den første redaktøren vart tilsett hausten 1974. Til saman 12 redaktørar har hatt ansvar for utgjevinga, anten på fast basis eller i kortare vikariat.

Dei første åra kom bladet med 10 nummer i året, og med tida har utgjevingsfrekvensen auka til månadlege utgjevingar, utgjeving kvar tredje veke, utgjeving annakvar veke og frå 1989 kom det ei ny utgjeving kvar veke. Gjennom storparten av Bygdaposten si ”levetid” har avisa nådd fram til om lag 95 % av husstandane i kommunen, og i tillegg har personar med tilknyting gjennom slekt, venner eller fritidsbustad utgjort ein stor del av abonnentane.

Fram til 1993 var Bygdaposten ei eiga avdeling under kommunen sitt kulturbudsjett. I 1993 gjekk derimot Bygdaposten over til å eit eige aksjeselskap, der kommunen var eineaksjonær, og i 1997 vart 51 % av aksjane selde frå kommunen til organisasjonar og føretak i Ryfylke. Hjelmeland kommune var då den største aksjeeigaren fram til sommaren 2009, då Strand-buen AS kjøpte opp alle aksjane i lokalavisa på Hjelmeland. Frå og med nyttår 2010 vart Bygdaposten slegen saman med Strandbuen.

Kva er ei god lokalavis?

Medieforskaren Sigurd Høst meiner at den viktigaste oppgåva til ei lokalavis er å behandla stoff frå eit heller snevert geografisk område på ein slik måte at lesarane skal kjenna til og kjenna seg att i det redaksjonelle innhaldet. Nærleik og relevans til stoffet blir dermed viktige stikkord for eksistensen til ei lokalavis. Ulukker, kriminalitet, lokalt næringsstoff og kommunalstoff interesser lesarane mest, då dette er stofftypar som verkeleg angår lokalmiljøet.

Roy Høibo, museumsstyrar og tidlegare redaktør av Suldalsposten, skreiv i Lokalavisa nr. 8/1992 at lokalavisa er på sitt beste når den tør å gripa fatt i det som er vanskeleg, og attpåtil maktar å løfta dette fram i eit perspektiv som har interesse ut over det reint lokale. Det er difor viktig at lokalavisa har fridom til å vera kritisk, og at avisa skal kunna vera ein maktfaktor i dei viktige debattane. Lokalavisa skal innehalda innsiktsfulle leiarar og skikke-lege reportasjar, og dei vanlege journalistiske prinsippa skal liggja til grunn for avisarbeidet.

Kritisk og objektiv, eller naiv lokalpatriot?

I små lokalsamfunn kan det ofte vera svært vanskeleg for journalistane å behalda ein kritisk objektivitet til sakene. Skiljet mellom representantar for organisasjonar og privatfolk er ofte diffus. Skal lokalavisa dekka over problemstoffet eller få det fram i lyset?

Sett frå ein pressefagleg synsstad var arbeidet med Bygdaposten vanskeleg dei første åra. Sjølv om ein i tidlegare utgåver av avisa kan sjå at Bygdaposten var ein del av ”den frie pressa”, vart det sett klåre grenser for pressefridomen ved at både redaktøren og fleire av medlemmene i redaksjonsnemnda var ein del av den kommunale forvaltinga.

- Vi kan ikkje offentleg gå til felts mot vedtak gjorde av styringsorgan der vi sjølve er med som medlemer eller som tenestemenn, og vi reiser ikkje lett offentleg kritikk mot avgjerder tekne av dei vi dagleg deler kaffien med, slår Fossåskaret fast i notatet sitt i 1975.

I enkelte tilfelle hendte det at redaktøren måtte ”lirka inn” saker i avisa, og somme gonger måtte han også gå forbi ”usømmelege” saker i all stille. På den måten vart pressa sin fridom utfordra der det var tale om å kunna vera kritisk. Mykje av verdien til lokalpressa ligg nemleg i evna til å kunna ”tala Roma midt imot” på ein seriøs måte, noko ein til tider som journalist i lokalsamfunnet hadde samvitsvanskar med. Det vart nok enklast for ”tilflytte” redaktørar å driva kritisk journalistikk, og berre to av dei tolv som har vore innom redaktørjobben har vore fødde og oppvaksne i Hjelmeland kommune.

Det må også nemnast at dei som arbeidde med Bygdaposten var merksame på habilitets-problemet. For å til ein viss grad bøta på dette slapp dei til andre med synspunkt som dei sjølv ikkje kunne uttrykkja. Lesarane kunne uansett ut frå den dåverande situasjonen vanskeleg ha tillit til Bygdaposten som eit fritt og kritisk presseorgan.

Sjølvsagt var det ein fare for at ei lokalavis som Bygdaposten kunne bli hemma av sitt kommunale eigarskap og tilsette sine tette band til nærmiljøet, men ein underliggjande lokalpatriotisme må nok ta noko av skulda for at det var drive svært lite kritisk journalistikk.

- Så lenge redaktøren får arbeide fritt, bør det vere mogleg å ta opp både positive og negative hendingar, meiner Unn Ribe. Ribe arbeidde som redaktør frå 1977 til 1980, då ho sa opp i protest mot kontorsjefen si manglande vilje til offentleggjering av det som skulle vera offentlege brev og dokument. I oppseiinga si skriv ho mellom anna at det arbeidsmessig er ein fordel for redaktøren å kunna følgja med på kva saker som blir tatt opp, slik at ein hadde større høve til å omtala sakene på eit tidlegare tidspunkt, og før avgjerdene vart tekne. 

Konflikten som førte til at Unn Ribe slutta i stillinga si vart også omtala i avisa, der kontorsjefen også fekk høve til å forklara seg. Såleis vart dette i så måte ei offentleg sak, og konflikten bidrog til at den neste redaktøren vart svært oppteken av at Bygdaposten skulle følgja med på saker som ville verta viktige politiske spørsmål i kommunen, og leggja dei fram til debatt før den kommunale sakshandsaminga var komen så langt at det meste var avgjort. Denne målsetjinga har følgd samlege redaktørar og journalistar heilt fram til Bygdaposten vart lagt ned, men i seinare tid har ein fokusert meir på dei store sakene og latt vera å skriva om mindre saker som ein ikkje såg nyheitsverdi i.

Det å kunna publisera informasjon om viktige saker så tidleg som mogleg, er heilt vesentleg i eit demokratisk lokalsamfunn. Alle som har vore redaktørar i Bygdaposten opp gjennom åra er samde om at det ikkje er noko mål i seg sjølv at lokalavisa skal ha makt i ein kommune, men at lokalavisa si viktigaste oppgåve er å medverka til at innbyggjarane skal ha ei reell kraft til å påverka dei politiske avgjerdene. Dette sette ikkje alltid lokalpolitikarane like stor pris på. Eit av medlemmene i Hjelmeland formannskap meinte at ein måtte vera forsiktige med å sleppa til kritiske synspunkt og lesarbrev i Bygdaposten, eller som han sjølv sa det: ”Me som sit i formannskapet, og skal ta ansvar for avgjerdene, kan koma i skade for å bli påverka av slikt”.

Ståle Eggebø var redaktør i meir enn elleve år, og er såleis den redaktøren som har sett mest preg på lokalavisa. Eggebø meinte at noko av redaktøren si oppgåve var å vera så objektiv som mogleg, men likevel måtte han vedgå at også han som medmenneske hadde eigne synspunkt. Difor greidde han ikkje alltid å vera fullt og heilt objektiv, og Bygdaposten vart til tider farga med hans eigne synspunkt, som i større eller mindre grad kunne samsvara med bygdemeiningane. Bygdaposten vart difor i Eggebø sin periode på folkemunne omdøypt til Ståleposten.

Sjølv om Eggebø ofte farga avisa med eigne synspunkt var det i hovudsak hans forteneste at Bygdaposten våga å bevega seg over til meir kritisk journalistikk, både ovafor politikarane og administrasjonen. Han hugsar sjølv at dette var vanskeleg i byrjinga, sidan det ofte vanta negative tilbakemeldingar frå kommunetoppar som hadde blitt kritisk omtala.

- Stundom måtte me skriva kritiske saker der me meinte kommunen hadde gjort noko dårleg, men dette var svært vanskeleg. Me var alt for lite kritiske, men ei lokalavis skal ikkje berre driva klappjakt etter kritiske saker. Då kan ein risikera å bli for kritiske, og avisa vil koma i vanry, slår Eggebø fast.

Dette faktumet har Eggebø mykje rett i. Fleire undersøkingar viser at kring halvparten av sakene i lokalavisene i dag er positivt vinkla, medan kring 15-25 % av sakene er konfliktstoff. Såleis pregar ein patriotisk dagsorden nyheitsstoffet i lokalavisene, men så er det jo også slik lesarane vil ha det: I ei lesarundersøkjing gjennomført av Håvard Kleppa går det fram at lesarane meiner hovudinnhaldet i Bygdaposten burde vera rapportar frå ulike hendingar i kommunen, ispedd nyheiter og kommunal informasjon. Konfliktstoff vekker også ei viss interesse, men ligg langt bak dei andre innhaldstypane.

Då Eggebø i 1992 vart utsett for ei alvorleg bilulukke måtte kulturleiar Njål Tjeltveit på kort varsel steppa inn som redaktør. Sjølv om han var tilsett som kulturleiar i Hjelmeland kommune var han ikkje redd for å stilla spørsmål vedrørande det kommunale systemet og politiske vedtak. Når det gjeld kritisk journalistikk var Tjeltveit difor blant dei beste gjennom Bygdaposten si historie. I tillegg til å vera kritisk til dei styrande maktene i kommunen, tillét også Tjeltveit seg å vera samfunnskritisk. I det første nummeret som redaktør tok han opp alkoholproblematikken i kommunen, og i samband med denne saka var det svært viktig for han å få fram at det ikkje berre var ungdommane som drakk alkohol, men at dei vaksne faktisk kunne vera like uansvarlege på dette området.

Tjeltveit hadde som nemnd ikkje problem med å vera kritisk og objektiv. Som han sjølv sa: ”Eg skriv stort sett det eg vil, målt etter vanlege journalistiske vurderingar.”

I ein såpass liten kommune som Hjelmeland kan lokalavisa lett bli eit snilt organ som skummar overflata og kjem med positive meldingar om ulike hendingar. Avisa kan vera redd for å koma med kritikk i frykt for å hengja ut folk, sidan alle kjenner alle. Men ei slik ”snill” avis hadde ikkje Tjeltveit lyst til å gje ut. Etter hans meining var Bygdaposten si  hovud-målsetjing å gje eit bilete av Hjelmelandssamfunnet etter Hjelmeland sine eigne premiss. Han var likevel av den oppfatning at ikkje alt eignar seg på trykk, og at det ikkje var meininga å tirra på seg folk, men sidan både saklege og objektive kriteria låg til grunn i artiklane såg han ikkje noko i vegen for å ta opp konfliktstoff.

Harald Sel, som i 1993 avløyste Tjeltveit, fortel at det i løpet av hans redaktørperiode var nokre interessante saker som Bygdaposten ikkje skreiv om, for verna om både vanlege folk og mindre ressurssterke personar. Ein kan ein gong for alle slå fast at dette kan vera eit problem i eit lokalsamfunn, der alle kjenner alle, men at dette først og fremst er eit generelt presseetisk dilemma for alle media, og i mindre grad eit spørsmål om objektivitet.

Den redaktøren som har skapt mest rabalder dei siste tjue åra har vore Gaute Henriksen. Han fekk verkeleg kjenna på kroppen korleis eigarane av avisa ynskja å påverka innhaldet i Bygdaposten, og fleire gonger i både styremøte og leiarartiklar påpeika han at alt redaksjonelt ansvar skulle tilhøyra redaktøren, og at eigarane ikkje skulle blanda seg inn i korleis avisa vart laga.

Henriksen vart også av private næringslivsaktørar konfrontert med kva som skulle vera oppgåva til ei lokalavis. I eit av dei fyrste oppdraga kontakta ei lokal mekanisk bedrift som dreiv med lagring av utrangerte oljeinstallasjonar i fjorden. Redaktøren stilte spørsmål til om det eksisterte skadelege stoff eller radioaktivitet  i ei lastebøye som stod ute i fjorden utanfor Viganeset, like i nærleiken av Marine Harvest sitt fiskeslakteri. Spørsmålet hans vart møtt med ein krass kommentar om at det ikkje skulle skrivast om slikt i lokalavisa. - Eg måtte ikkje koma til Hjelmeland og tru at eg kunne oppføra meg som ein VG-journalist, fekk eg til svar, seier Henriksen. Nokre år etter denne episoden vart det verkeleg oppstyr rundt denne verksemda, og då kom det fram at innhaldet i installasjonane ikkje var så uskuldig som Henriksen vart fortalt i 1995.

Noko av innstillinga kring eigarinteresser og avisdrift heldt også Dag Anton Boge fast ved. Han har, gjennom sin periode som den siste redaktøren i Bygdaposten, fått mykje heider for si seriøse og kritiske vinkling på nyheitssakene. Allereie i sin første leiarartikkel slår han fast at ulike nærings- og eigarinteresser i avisa ikkje skal gje automatisk immunitet mot sakleg kritikk når det er naudsynt. Boge har heilt rett i dette, då det er ein kvar redaktør sitt heilage privilegium og plikt å setja kritisk søkjelys på noko, sjølvsagt når avisa meiner det er på sin plass. I pressesamanheng er nemleg sensur det største trugsmålet mot ei fri, objektiv og nøytral presse.

Bygdaposten har såleis ikkje vore noko tannlaus i Boge si ”regjeringstid”. Lokalavisa har rett nokk bitt frå seg og knurra litt når redaktøren har sett det som naudsynt, men Bygdaposten har ikkje først og fremst utvikla seg til å bli ei ”sint” avis. Boge er truleg den redaktøren som har gjeve mest plass til mangfaldig kultur- og organisasjonsliv. Dette har han funne ein naturleg plass til i spaltene, og dei siste tre åra av avisa si levetid har det blitt ein utmerka balansegong mellom solskinshistorier og kritisk journalistikk.

Lim og lupe

Bygdaposten har opp gjennom åra vist stor vilje til å ta opp tema som angår folk. I ei lokalavis er det, som nemnd innleiingsvis, heilt vesentleg at lesarane kjenner seg att i stoffet, og då er det svært viktig at avisa har ein viss nærleiksappell.

Hausten 1993 trykka avisa gjennom fleire nummer artiklar om mellom anna kvinne-foreiningar og hjelmelandsbuen sitt handlemønster. Dette er typiske døme på situasjonar som folk kjenner seg igjen i, sjølv tek del i og difor interesserer seg for når det kjem på trykk. På denne måten møter avisa folk på heimebane og får ein viktig funksjon som lim i lokal-samfunnet.

Lokalavisene bør bidra til at bygdefolket blir medvitne på sine roller i lokalsamfunnet. På den måten vil ein skapa meir engasjement kring kulturliv, styre og stell. Men for å kunna fungera som eit slikt lim for lokalsamfunnet, er det også viktig at lokalavisa fungerer som ei lupe og belyser kritikkverdige saker for å koma fram til ei best mogleg løysing i ei gitt sak. Her er det igjen dei grunnleggjande journalistiske prinsippa som ligg til grunn. 

Bygdaposten har jamt over vore eit snilt organ som i hovudsak konsentrerte seg om det gode livet i kommunen, og såleis styrkja bandet mellom dei ulike bygdene og grupperingane innanfor kommunen. Likevel har avisa heller ikkje gått av vegen for å ta opp kontroversielle saker, gå i djupna og belysa slike saker frå alle sider.

Ved å produsera ei god lokalavis kunne journalistar og redaktørar i Bygdaposten bidra til å styrka samhaldet i ein distriktskommune som opplevde fråflytting og sentralisering. For å få til dette er det svært viktig at lokalavisa er truverdig, interessant, variert og velskriven. Lokalavisa må følgja nøye med på lokalpolitikken og kikka politikarar og andre makthavarar i korta, slik at ein kan belysa kritikkverdige saker.

Men det kan nok vera eit dilemma å vera kritisk til lokalpolitikarar og andre makthavarar i ein kommune når kommunen også er den einaste eller største eigaren. Slik har situasjonen stort sett alltid vore, sjølv om kommunen berre åtte halvparten av aksjane frå 1997. Bygdaposten har i store delar av si levetid vist seg å vera eit stort underskotsprosjekt, og det er truleg i frykt for å mista noko av den økonomiske stønaden frå kommunen ein har halde seg på ei ”snillare line” enn ein kanskje burde. Bygdaposten har nok difor – i staden for å vera eit særprega kritisk presseorgan – drive med kritisk folkeopplysning i lokal målestokk. 

Det må også føyast til at journalistikken i Bygdaposten vart merkbart meir kritisk til dei kommunale styringsmaktene etter at kommunen hadde selt aksjane til Strandbuen. Mykje av grunnen til dette ligg nok i at redaktøren og journalistane vart pressefagleg sett friare frå kommunen enn det som hadde vore tilfelle tidlegare. Likevel krev det modige redaktørar som vågar å fylla rolla si som redaktør, og som bidrar til at redaksjonen med hjelp av nøyt-rale, journalistfaglege arbeidsmetodar gjer den jobben som skal gjerast.

Identitetsbyggjaren

Massemedia, og særskilt lokalavisene, er ein av dei viktigaste sosialiseringsfaktorane i samfunnet vårt. Gjennom media blir det formidla verdiar, forventingar, normer og reglar. Det blir ofte diskutert kva slags påverknad massemedia har, og opp gjennom åra har mange vore engstelege for kva media kan få oss til å tenkje, meine og gjere. Dette gjeld mellom anna den tidlegare nemnde kommunepolitikaren i Hjelmeland, som frykta at veljarane kunne bli påverka av at Bygdaposten dreiv som ei kritisk avis.

Lokalavisa har i tillegg til rolla som vaktbikkje og samfunnskritikar hatt ei viktig rolle som identitetsbyggjar. Bygdaposten har utan tvil spelt ei viktig rolle i å byggja opp sjølvkjensla og gjera folk stolte av heimbygda si, samstundes som bladet har fungert som bindeledd mellom bygdene. Dette innsåg også kommunestyrepolitikarane då dei tidleg på 1990-talet vedtok å betala abonnement til alle ungdommar som var flytte ut frå kommunen. Via Bygdaposten kunne ein dermed halda ein viss kontakt med potensielle framtidige innbyggjarar. Tilbodet om ungdomsabonnement betalt av Hjelmeland kommune stod ved lag heilt til Bygdaposten vart lagt ned, og opp gjennom åra har storparten av dei som fall innanfor målgruppa takka ja til å få avisa gratis i postkassen kvar veke.

Det å kunna skapa ein bygdeidentitet og ei sjølvkjensle knytt til kommunen har dermed vore ei vesentleg del av Bygdaposten si oppgåve. I botnen har det låge målsettinga om å avspegla det daglege og kvardagslege livet i kommunen, og i tillegg kunna vera eit talerøyr for folket. Gjennom kritisk journalistikk greier ein ikkje å byggja identitet, men gjennom å fokusera på alt det positive i kommunen og i nærmiljøet, kunne Bygdaposten vera med på å auka sjølvkjensla hos hjelmelandsbuane. 

Avslutning

Bygdaposten vart oppretta som eit informasjonsorgan for politikarar og administrasjonen i Hjelmeland kommune, men det redaksjonelle innhaldet har opp gjennom utvikla seg slik at lokalavisa i seinare tid har vore noko meir enn ein informasjonskanal. Gjennom aktuelle nyheits- og magasinsaker har Bygdaposten vore med på å forma meiningane som lesarane har hatt kring samfunnsspørsmål og andre menneske. I tillegg har Bygdaposten formidla verdiar, og dermed vore med på å skapa lesarane sine eigne sjølvbilete.

I dei nasjonale og regionale media har nyheitsformidlinga gradvis endra seg frå å vera saksorientert til å bli personorientert, slik at ein ofte tek utgangspunkt i enkeltpersonar som ein vonar skal fengja lesarane si interesse. Bygdaposten har derimot gjennom heile si levetid fokusert på saka og brukt personar eller grupperingar for å få fram dei ulike synspunkta innanfor ei sak.

Det er svært viktig å ha respekt for både politikarar og innbyggarar, for dei som styrer, dei som blir omtalte i avisa og for dei som er lesarar. Dette samfunnsansvaret har truleg redaktørane og journalistane i Bygdaposten vore meir merksame på enn det redaktørar og journalistar i dei større regional- og riksavisene har vore.

Kort oppsummert kan ein seia at innhaldet i Bygdaposten har utvikla seg vekk frå å vera eit einvegs informasjonsorgan frå kommunehus til innbyggjarar. Ein har innsett at kommunikasjonsstraumen frå innbyggjarane og inn til kommunetoppane er minst like viktig, og difor er Bygdaposten blitt ei lokalavis med tovegskommunikasjon mellom innbyggjarar og styrande i politikk og administrasjon.

Kjelder

Intervju

Bergøy, Øyvind – noverande rådmann i Hjelmeland kommune, tidlegare kommunestyremedlem og styreleiar i Bygdaposten AS

Boge, Dag Anton – tidlegare redaktør i Bygdaposten, noverande lokalredaktør ved Strandbuen sitt lokalkontor på Hjelmeland

Eggebø, Ståle – tidlegare redaktør i Bygdaposten

Fossåskaret, Erik – tidlegare redaktør i Bygdaposten

Henriksen, Gaute – tidlegare redaktør i Bygdaposten, noverande redaktør i Strandbuen

Kleppa, Arne – tidlegare medlem i redaksjonsnemnda for Bygdaposten, seinare rådmann i Hjelmeland kommune, noverande kommunestyremedlem i Hjelmeland kommune

Nedland, Christian – tidlegare medlem i redaksjonsnemnda for Bygdaposten

Ribe, Unn – tidlegare redaktør i Bygdaposten

Sel, Harald – tidlegare redaktør i Bygdaposten

Sigmundstad, Jon Olav – tidlegare medlem i redaksjonsnemnda for Bygdaposten, seinare også kulturstyreformann i Hjelmeland kommune

Skaar, Kari – tidlegare annonsemedarbeidar og kontormedarbeidar i Bygdaposten, seinare kultursekretær i Hjelmeland kommune

Tønnessen, Elise Seip – tidlegare redaktør i Bygdaposten

Aarsand, Rolf – tidlegare medlem i redaksjonsnemnda for Bygdaposten

Aviser:

Bygdaposten for Hjelmeland

Strandbuen

Lokalavisa

Litteratur:

Kleppa, Håvard: «Ei drøfting av Bygdaposten si rolle i lokalsamfunnet». Sagavoll Folkehøgskole, 1993.

Utrykte kjelder:

Styreprotokoll for Bygdaposten AS

Arbeidsperm for styreleiaren i Bygdaposten AS

Interne og eksterne notat frå Bygdaposten, Hjelmeland kommune og andre involverte

Referat og meldingar knytt til arbeidet med Bygdaposten

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Scroll to Top